Ry Cooder sitt Amerika: The Slide Area
Av Endre Olsen
The Slide Area (1982)
På tide å henta fram tråden frå bakevja. No måtte eg til langt bak i Ry Cooder sitt Amerika-serien for å finna han att. Det er framleis songar å leggja til spelelista, sjølv om dei ikkje kjem like hyppig som på syttitalet. På åttitalet går det for det meste i filmmusikk og på dei få soloplatene hans dukkar det opp fleire eigne komposisjonar enn før. Det skal også seiast at denne plata er blant dei eg har høyrt minst på. Kanskje den mest breibeinte til no; grooven er ofte feitare, uttrykket meir elektrisk, og åttitalets teknologi gjer nokre sporadiske innhopp.
Særleg gjeld dette opningssporet, den definitivt raraste innspelinga hans så langt - kanskje nokonsinne. «UFO has landed in the ghetto» er skriven av Cooder og Keltner og er ein lang funk-jam basert rundt sistnemnde sitt ikoniske trommespel og komplett med synthar og ein smårappande Cooder som messar om romvesen sine møte med dei jordbundne sin rock n’ roll. Rare greier.
Need a woman er eit outtake frå Dylan si Shot of love frå året før; andre plata i den kristne trilogien hans. Den plata er slett ikkje verst, i alle fall betre enn mange skal ha det til. Need a woman kunne sikkert ha erstatta ein av dei mindre interessante blues-baserte på plata, utan å korkje heva eller senka heilskapsinntrykket. I staden for gir Dylan den vekk til Cooder, som slenger på eit eige sistevers for å samla dei typsik litt lause trådane i forfattaren sitt narrativ. Me får først høyra Dylan synga den på plate, når dei tre første kapitla i hans Bootleg series kjem ut i 1991:
Så får me ein nydeleg gospel-lenande soulballade-versjon av Curtis Mayfield sin Gypsy woman. Skriven for, og først gitt ut av hans The Impressions i 1961. Her med ein calypso-spretten beat i bakgrunnen og ein god dose doo-wop i mixen:
Det kjekkaste med dette prosjektet er definitivt å finna innspelingar som ein aldri elles ville kome over. Sånn sett er ein av verdas desidert mest kjende rockabilly-låtar eit noko slapt tilskot til lista. Cooder behandlar likevel Blue suede shoes i kjend stil: røskar og riv i den til den høyrer mest ut som ein Cooder-original. Det er no heller ikkje så ofte ein set på Carl Perkins si originalinnspeling frå 1956, så inn med den:
Rockaren Mama, don’t treat your daughter mean er rett nok kreditert som ein Cooder-original, men tittelen dukkar opp allereie i 1926, då Blind Lemon Jefferson - ein kjenning i tråden, gir ut sin One dime blues. Og sidan me allereie har vore innom Dylan, kan me jo nemna at Jefferson sin See that my grave is kept clean dukkar opp på debut-plata hans.
I’m drinking again er den beste av Cooder sine eigne, men me er ute etter gullet frå arkivet og finn sorten i neste låt, Which came first. Først gitt ut, som Egg or the hen, i ein heilt utruleg rå versjon av Koko Taylor i 1967, på Chess Records. På den versjonen høyrer me også Willie Dixon som både skreiv og produserte låten for Taylor, slik han gjorde med dei fleste andre innspelingane hennar frå denne perioden.
Til sist kjem det som er Cooder si desidert vakraste framføring, både vokal- og gitarmessig, på denne plata. Og då skal me endå ein gong til hans og min eigen soulfavoritt James Carr. Han gav ut sin versjon av That’s the way love turned out for me i 1968, og det er som vanleg ei hårreisande sterk innspeling - like ekstatisk som Cooder si er dempa og kontrollert.
Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:
Publisert 6. juli 2022.