Jeg møtte en kjendis
Jan Eggum-fanklubben møtte den store helten to gongar på same dag vinteren 2005 – her på dagtid. Frå venstre: Anders, Eggum, meg og Trubadur-Sindre.
Av Harald Espeland
Eg stavra meg opp av hybelsenga, klokka var vel halv eitt. Ut i gangen, inn i dusjen. Shampo i håret. Eit blikk ned på magen. Der stod det skrive, som tatovert inn med sprittusj: Jan Eggum.
Heilt sidan eg var liten har eg digga Jan Eggum. Frå eg som tiåring stod i kø med far min i Bergen for å få signert best of-plata ”Mang slags kjærlighet” i 1994. Frå eg såg han synga om ting eg var for liten til å forstå saman med dei joviale Gitarkameratane. Frå eg høyrde han fortelja den same vitsen på Moster i 2003 som han gjorde i kulturhuset på Stord i 1993. Frå Jan Eggum-fanklubben eg starta på folkehøgskulen i 2003. Frå eg same året utvikla eiga Eggum-helsing, og brukte ordet som adjektiv på alt som er bra. Frå eg var på Eggum-musikal i Bergen i 2005. Og frå eit fatalt møte med mannen sjølv omtrent på same tid.
Eg vil først og fremst nytta dette gjesteinnlegget til å trekka fram nokre av Jan Eggum sine mange sider. Heads up: i dette innlegget finst ikkje spor av Raddis-Eggum. Mine Eggum-ar opptrer berre i eiga levetid, det vil seia frå midten av åttitalet og utover. Satire-Eggum har eg også droppa. Då er me i gong:
1. Tåre-Eggum.
Og hon forstår
At han har full kontroll
Og at han har elsket hon
Med forbehold
Me opnar sjølvsagt med den mest kjende Eggum-en: den melankolske. Og den mest vaskeekte melankoliperla finn me i ”Telefon”. I 2012 fekk låten mykje merksemd etter at det storauga romvesenet Bertine Zetlitz covra han i überkoselege ”Hver gang vi møtes” på TV. Fantastisk! Utruleg! For ein artist! Slik blei lovorda utbasunert over det ganske internett den gongen. Men! Hallo! INGEN hadde tilsynelatande fått med seg at Jan Eggum sin eigen versjon er så utruleg mykje betre! Og det er synd for dei.
Med ”Telefon” skildrar Eggum historia om ei forsmådd elskarinne som opplever at elskaren går tilbake til kona. Saman med nydeleg lyrisk gitarspel og strykarar arrangert av salig Kenneth Sivertsen går tekst og musikk opp i ei høgare eining som kan henta fram tårene frå sjølv den mest hardbarka stamgjest på Osvald Pub.
Låtar: ”Ta meg med”, ”Hemmelig”, ”Befri meg”, ”Et kort sekund”, ”Nøkken ta meg viss jeg blir forelsket”.
2. Rocke-Eggum.
Frå tårenes Eggum går me vidare til Rocke-Eggum. Då plata ”President” (ei av mine favorittar) kom ut for femten år sidan, hadde Eggum med seg eit stjernelag av musikarar. Det har han for så vidt alltid, men denne gongen var dei ikkje berre stjerner, men også musikarar som faktisk spelte tøft. Det kan forresten nemnast at Jan Eggum på den neste plata si, ”Hjerteknuser”, frå 2007, valde å ha med seg nok eit stjernelag – denne gongen henta rett frå tjukkaste flinkisland på Austlandet, med dertil høg cheese-faktor. Sånn kan det gå. Uansett: På ”President” er alt på plass. Knallbra låtar, eit band det luktar svidd av, ein Eggum i storform, og jazzmusikarar som får fram det beste hos vår alles favorittbergensar. Audun Kleive sine trommer på ”På kafé” er eitt av høgdepunkta.
Låtar: ”På kafé”, ”Neste gang”, ”President”, ”Sigøynerblod”, ”På ’an igjen”.
3. Rime-Eggum.
Nokre blødmer til tross – alle veit at Jan Eggum har gode tekstar. Då snakkar me ikkje berre om innhald og meining – forma er like viktig. Her har Eggum full kontroll, særleg på verseformen, der han driv eit relativt strengt regime. For dei av oss som hugsar norskfaget på ungdomsskulen, kan me seia at han er meir ein Welhaven enn ein Wergeland. På ”President” set han til dømes noregsrekord i rim opptil fleire gongar – som her, frå ”Mai du milde”:
Det e slutt på skoler
Der går Mai og soler
Seg og tar av kjoler
Ne’ ve’ swimming pooler
Ein kan også nemna at han på same plate klarer å bruka det same ordet som rim, i ei strofe som held fram i ei nærast endelaus rekke av enderim:
”Skjønn no at du aldri kan se
det kvinnene kan se
Der du sitter ne’
og tar en te
her på din kafé”.
Jan Eggum er sannsynlegvis den einaste artisten som kan sleppa unna med noko slikt. Og då har me ikkje ein gong nemnd koner/ereksjoner-rimet.
Låtar: ”Mai du milde”, ”Livet, Steinar”, ”Tilfeldigvis”, ”Den rette”, ”Lyst, men ikkje lov”.
4. Disco-Eggum.
Disco-Eggum har dansefot. Han gjer seg i hovudsak tydeleg to stader: i gitarkompet og i den vokale stilen. Den klassiske Eggum-grooven i det eg har valt å kalla discokategorien går slik: ”Dunk-tsja-k-du-KAH-duku-KAH-kudu-KAH-duku-DAH”. Om den forklaringa ikkje skulle gi meining, lytt til gitaren i introen på ”Den rette” – ein låt som er eit klassisk døme på Disco-Eggum. Når Eggum på refrenget syng med svingande stil om svigerforeldre som skal sitte barnevakt på fester er discometeret forlengst sprengt.
Låtar: ”Den rette”, ”På TV”, ”Tante Gry e blitt ung igjen”, ”Tre e en for mye”, ”Stilig”.
5. Den sosiale Eggum.
Så til den siste Eggum-sida me nemner her: Den sosiale Eggum, eller Prate-Eggum. Dette er den eggumen som kjem med alle vitsane. Alle ordspela. Alle dei tørre replikkane. Han som elskar rampelyset. Ekshibisjonisten Eggum. ”– Det kan ikke bli for mye oppmerksomhet”-Eggum.
Og så er me tilbake der innlegget starta – med meg sjølv som 21-åring. I dusjen. Med Eggum-signatur på magen. Morgonen etter Den sosiale Harald møtte Den sosiale Eggum. Ein raudvinsmarinert aften som gav meg Jan Eggum-angst i mange år. Detaljane sparer me til ein annan gong.
I mellomtida: møt alle dei ulike Eggum-ane på Osvald. Her var berre nokre få av dei. Og kjør deg gjerne opp på denne Spotify-lista, som representerer dei fleste Eggum-sidene.
Publisert 29. november 2017.