Ry Cooder sitt Amerika: Borderline

Av Endre Olsen

Bordeline (1980)

Me bevegar oss inn på åttitalet, utan at det legg føringar for låtmaterialet til vår mann Cooder. Her held han fram der han slapp året før, på Bop till you drop; plata består stort sett av relativt obskur soul og r&b frå dei førre tiåra, med eit og anna spesialskrive bidrag, og denne gongen med litt meir Jamaica-vibbar i bandet. Utan at det har skjedd større utskiftingar i besetninga; stamgjestene Jim Keltner, Tim Drummond og Bobby King er framleis på plass. Det same er den litt tamme digitale lyden som Bop till you drop var pioner for.  

634-5789

Stax-legendane Steve Cropper og Eddie Floyd står bak dette sjekketrikset av ein låt. Lurer på kor mange som har prøvd å ringa det nummeret der, og om Cropper eller Floyd har svara. Wilson Pickett er den første som gir ut denne, på plata The Exciting Wilson Pickett frå 1966. Sjølvsagt med Cropper på gitar og ein viss Isaac Hayes, som også jobba som husmusikar for Stax i denne perioden, på piano.

Speedo

Skriven av Esther Navarro for det doo-wop-baserte r&b-bandet The Cadillacs, som gav den ut i 1955.

Why don’t you try me

Kvifor Chess-duoen Maurice & Mac ikkje er eit namn på linje med samtidige suksessfulle soul-kollegaer som til dømes Sam & Dave, framstår som noko uforståeleg og urettferdig når ein høyrer 68-innspelinga deira av denne nydelege Billy Young-låten:

Den finst ikkje på Spotify, men for spelelista sin del slenger me inn den like fine You left the water running:

Down in the boondocks

Joe South er ein ringrev i låtskrivar- og studiomusikarfaget; han står mellom anna bak hits som Rose garden og Games people play og trakterer bassen på Blonde on blonde og el-gitaren på Sound of silence. Då er jo mykje gjort. 

Songen hans, Down in the boondocks, er skriven for kompisen Billy Joe Royal og gitt ut som hans debutsingel i 1965. Sutalaus sekstitalspop så god som noko anna dette, og Royal sin største hit nokonsinne. Sikkert hyppig spela i Las Vegas der han stranda på slutten av syttitalet. 

Johnny Porter

Skriven av Bobby Appleberry og William Cuomo og først gitt ut i 1974 av funksoul-bandet Southside movement, som rakk å gi ut tre plater mellom 73 og 75 før dei forsvann inn mellom parantesane i musikkhistoriebøkene. Deira versjon finn du sikkert i vinylsamlinga til Ry Cooder, men ikkje på internett. Versjonen til The Temptations frå året etter, dog:

The way we make a broken heart

Me snur plata og helsar på ein ny kompis, som skal spela ei viktig rolle i karriera til Cooder utover dei neste tiåra: Texas-trubadur John Hiatt skriv denne eins ærend til plata og gir den ikkje sjølv ut før nokre år seinare. Då i ein duett med Rosanne Cash. I 1987 gir John Hiatt ut storsuksessen Bring the family, med Ry, Jim Keltner og Nick Lowe i bandet, og med det er «supergruppa» Little Village fødd.

Crazy ‘bout an automobile (every woman I know)

Billy «the kid» Emerson vart først oppdaga av Ike Turner på byrjinga av 50-talet og tatt inn i varmen i hans Kings of rythm. Usikker på kor varmt det eigentleg var der, for han fer snart vidare på eiga hand. Først på Sun records (hans største hit Red hot kom herfrå i 55), så på Vee-Jay (Every woman I know i 57) og til slutt heiv han heile rocken bokstaveleg tala til helsike og enda, til liks med så mange andre skamfulle tidlegare rockarar, som pastor.

Borderline

Cooder sin eigen instrumental høyrest ut som det tittelen lovar. Så lenge ein plasserer den grenselinja der den høyrer heime då; sørom USA ein plass.

Never make your move too soon

Alt dette er greitt, Olsen, men kva tid kjem det noko Celine Dion? Det er no det, folkens! Tekstforfattar Will Jennings er nemleg mest kjend for My heart will go on og Tears in heaven. Medkomponist Nesbert Hooper kom frå ei lang karriere som trommeslagar for The Crusaders. Første utgjevinga er det BB King som står bak, på albumet Midnight believer frå 1978.

Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:

Forrige
Forrige

Hemmelig cowboy

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika: Bop till you drop