Ry Cooder sitt Amerika: Bop till you drop

Av Endre Olsen

Bop till you drop (1979)

Frå tidleg jazz skal me over til tidleg r&b og rock n` roll og nokre gullkorn frå sekstisyttitalets meir løynde soul-heltar og -heltinner. For første gong i katalogen skal me ikkje bevega oss lenger tilbake enn til 1960 - ei skikkeleg moderne Cooder-plate dette, altså. Det er ikkje kødd heller; då denne kom ut i 1979 var den tidenes første digitalt innspela plateproduksjon. Ikkje at eg trur dette er noko Cooder sjølv går og skryt over - kulare lyd på dei førre platene uansett. Elles er han her tilbake igjen hjå dei musikarane som veit best kva han treng; rytmeseksjonen Jim Keltner & Tim Drummond, kormennene med Bobby King i spissen og så har fantastiske David Lindley blitt verande etter at han mønstra på Jazz-prosjektet.

Little Sister

Skriven av Doc Pomus og Mort Shuman for Elvis Presley, som sleppte singelen i 1961 med Marie`s the name (his latest flame) på hi sida. Doc Pomus har, i tillegg til å vera artist sjølv, skrive hits for fleire household names i serien her; The Drifters (mellom anna sjølvaste Save the last dance for me), Ben E. King og Gary U.S. Bonds til dømes.

Go home, girl

Arthur Alexander er kanskje ikkje det mest kjende namnet frå rockens barndom, men det er stor sjanse for at du har høyrt songane hans likevel. Rolling Stones covra You better move on og Beatles Anna (go to him) for å nemna dei to største. Trekantdramaet me har føre oss her gav Alexander ut i 1962, for å følga opp sistnemnde singel.

The very thing that makes you rich (makes me poor)

Her er Sidney Bailey igjen – drosjesjåføren frå Memphis som me hugsar frå Fool for a cigarette i kapittel 4: Paradise and lunch. Cooder vert merksam på låtskrivaren gjennom ein demo-kassett som kjem han i hende via Chips Mohan (han som skreiv Dark end of the street saman med Dan Penn). Han blir svært begeistra og freistar å få Bailey som label mate på Warner, men med Cooder sine eigne ord:

«I had it all lined up, and then one of these fuckin’ middle-management guys listened to the demo and decided it was dogshit and wasn’t worth a damn, so they wouldn’t let me do it. And then I recorded ‘Thing That Makes You Rich’ on Bop, and all of a sudden they want to know where Sidney Bailey is. Ridiculous.»

Og kor Sidney Bailey vart av i all ståket, må gudane veta.

I think it`s gonna work out fine

Ingen spelar slide-gitar som Ry Cooder. Lurer du på kva eg meiner med det, er det berre til å setja på instrumental-versjonen hans av denne Ike & Tina Turner-hiten frå 1961. Songen er skriven av Rose Marie McCoy og Joe Seneca og er blant dei tidlegaste hit-singlane til det eksplosive ekteparet.

Down in Hollywood

Ein funky parentes kreditert Cooder og bassist Tim Drummond, som ikkje nett får oss til ønska oss ei plate med eigne låtar på ei stund.

Look at Granny run run

Skriven av Mort Shuman og Jerry Ragovoy – mannen bak Irma Thomas sin beint fram fantastiske Time is on my side, og ein hit for soul-songaren Howard Tate i 1966. Ikkje blant soul-musikken sine mest kjende namn kanskje, men det skal ikkje stå på musikken han gir ut på slutten av 60-, byrjinga av 70-talet. Særleg plata Howard Tate`s reaction har fått køyrd seg her i huset.

Trouble, you can’t fool me

Henta frå den endå litt meir obskure soul-songaren Frederick Knight si flotte og einaste plate på Stax records, I’ve been lonely for so long, frå 1973. Denne plata burde eigenhendig gjort Knight til ei stjerne og sikra han ein lang katalog for oss framtidige musikkelskarar å fråtsa i. Men musikkbransjen er som kjend nådelaus og Knight skiftar etter kvart beite og livnærer seg som låtskrivar for andre.

Don’t mess up a good thing

På tidleg sekstital var Oliver Sain orkesterleiar for Little Milton. Innom det bandet var også Fontella Bass. Då Sain etter kvart forlet Milton, tek han med seg Fontella og let ho fronta hans Oliver Sain Soul Revue saman med Bobby McClure. Begge vokalistane signerer snart med Chess records, og i 1965 får dei ein hit med denne duetten, skriven og produsert av nettopp Oliver Sain. Sjølv vel Ry Cooder seg Chaka Khan som duettpartnar.

I can’t win

Me sluttar av med det mest obskure innslaget på plata, levert av den falsettbaserte vokaltrioen The Invincibles frå Los Angeles. I den grad nokon hugsar dei, er det nok i kraft av denne innspelinga frå 1966, eller ein av dei få andre singlane dei slepper på slutten av tiåret. Før dei forsvinn ut på mindre opptråkka musikkhistoriske stiar. Cooder sin trufaste kormann Bobby King får avslutta Bop til you drop med ein falsett The Invincibles verdig og vel så det. Skjønar godt at Cooder ikkje gir slepp på denne strålande vokalisten – han var sist å høyra på førebels siste soloplate, The Prodigal Son, frå 2018.

Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:

Publisert 31. mars 2022.

Forrige
Forrige

Ry Cooder sitt Amerika: Borderline

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika: Jazz