Johnny Cash – album for album #10

Av Endre Olsen

Now Here's Johnny Cash (Sun records 1961)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Så bevegar me oss sakte innover sekstitalet. Og når eg seier sakte, er det sjølvsagt med vissa om at det har tatt oss ti album å koma oss frå 57 til 61. Det er støtt valuta på Cash-kontoen hjå Sun records og her kjem endå ei samling eldre innspelingar. Nokre; Cry cry cry,  So doggone lonesomeYou're the nearest thing to heaven og Home of the blues har fått si omtale før, og minner oss endå ein gong på at Johnny Cash på Sun records handlar mest om éin gjennomført langspelar og eit hopetal fantastiske enkeltinnspelingar (som det nok er like greitt å skaffa seg gjennom ei Complete Sun Recordings-samling).

Så kva står me igjen med her då, av nytt gamalt? Plata opnar med ein smørblid og forelska Johnny, utan anna sut i livet enn at han gjerne skulle ha gifta seg med ei dame, i allsang langt over grensa-låten Sugartime. Eg forbind ikkje Johnny Cash med hand-claps, men det dryler han jaggu til med på brua her. Festleg! Har vore svak for denne heilt sidan Per Idar Almås, Ivar Loe Bjørnstad, Liv Inger Engevik og eg gjorde (relativt beskjeden) suksess med den i køntribandet Andy Olsen and his lonely riders rundt tusentalsskiftet. Kan hende var det nett denne me spela på Old River Saloon i Etne den gongen eit 50-årslag rauk i tottane på kvarandre - folk rulla rundt på golvet og slo kvarandre i trynet, medan resten av klientellet klappa og lo og bad oss instendig om å halda fram med å spela.

Skjermbilde+2020-03-19+kl.+23.56.30.jpg

Høgst personlege grunnar for å lika låten her, altså. Andre vil sannsynlegvis ikkje kunne fordra denne, som var ein gigahit med The Mcguire Sisters nokre år i førvegen:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Jack Clement-låta Down the street to 301 er fint lite anna enn Ballad of a teenage queen (ein låt eg ikkje er svak for i utgangspunktet) i ny språkleg drakt. Låten dei skriv saman, Life goes on låner det meste frå I walk the line, utanom alt som gjer sistnemnde fantastisk. Ein veldig bleik kopi. I Port of lonely hearts, tek Johnny styringa sjølv på fleire vis. Han har skrive den aleine (noko han som regel gjer lurt i), i tillegg ser me eit mildt døme på eksperimentering i studio her, idet Johnny overdubbar seg sjølv i fleirstemt koring på refrenga (fint!) og call and response på versa (forstyrrande). Låten - ein einaste stor skipsmetafor - er glimrande.

 And I'll be waiting in the port of lonely hearts
Watching for your topsail on the sea
Praying that my ship of love will come
To the port of lonely hearts where I will be

Den mindre spela, eigenskrivne, My treasure er òg nydeleg, i sin enkeltproduserte, skarve 1.17 minutt lange prakt. Jammen fekk han sagt det i (dei få lukkelege) kjærleikssongane sine òg, denne karen.

Don Gibson og Chet Atkins sin udøyelege country-klassikar Oh lonesome me, passar vår mann fint. Korarrangementet ved våre kjenningar i The Jordanairies (me har møtt dei ved fleire høve på Columbia-platene) på originalen er dog å føretrekka, framfor Clement sitt typiske småhysteriske arrangement her. Og æra av å ha den ultimate versjonen skal me gjerne la Neil Young få, eit tiår seinare:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Platemogul Sam Phillips drar inn ein sjeldan writer's credit, med den beint fram fantastiske Story of a broken heart. Vanskeleg å skjøna at Johnny ikkje har hatt ein penn med i spelet her, men så kjende vel Phillips artisten sin betre enn dei fleste. Tidlegare har me for så vidt sett fleire andre døme på at folk veit veldig godt kven dei skriv for (Charlie Rich og Roy Orbison, til dømes) når dei skriv for Johnny Cash. Noko som vitnar om den vanvettige signaturen i vesenet hans.

I kjent stil hoppar Sun tankelaust frå det eine til det andre, når dei vel ut songane til desse låtsamlingane. Frå Jack Clement-produsert piano- og kordynka på-tampen-av-Sun-opphaldet-materiale, byksar me no hovudstups attende til første livsteiknet frå den nyss signerte Johnny Cash, i Hey Porter. Ingenting å seia på produktet her, sjølvsagt – men for artisten sjølv, som var godt i gang med å laga heilstøypte, gjennomvurderte plater hjå Columbia på denne tida, må det ha vore frustrerande med desse hyppige utgjevingane med vilkårleg raska saman materiale frå eks-labelet.

Ry Cooder står som vanleg klar, med begge beina godt planta i sørstatssmeltedigelen, for å levera ein seig og fin versjon av Cash sin debutsingel :

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Då gjenstår det å konkludera med at det er vanskeleg å trø skikkeleg feil om ein plukkar tolv vilkårlege låtar frå Sun-perioden til Johnny Cash. Likevel kan dei enkelt samlast med større flid enn her: hælane i taket-covers, side om side med singlar som har vore del av tidlegare samlingar og fleire fine songar som endeleg får si hamn, og alt dette kronologisk og stilmessig i hytt og pine.

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 23. mars 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #11

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #9