Johnny Cash – album for album #11
Av Endre Olsen
Hymns from the heart (Columbia, 1962)
If when you give him the best of your service
Telling the world that the Saviour has come
Be not dismayed if men don't believe you
he'll understand and say well done
Slik opnar Johnny Cash si andre gospelplate. Og i desse setningane ligg vel oppsummert heile ambisjonen med plata. Her er det ikkje ei brennande kreativ kraft som sprenger fram produktet, ei heller er det vel korkje eit ønske om fornying eller å tilfredsstilla publikumet sitt. Og det er berre å innsjå først som sist at den heidenske Johnny Cash-fanen, som over femti år seinare sit i ei stove på Grov og lyttar seg gjennom katalogen, er langt på sida av målgruppa. Nei, her er det han der opp som skal tilfredsstillast, og dét slik Johnny har gjort det best sidan han var gutunge; gjennom salmesongen. Fullstappa i dårleg samvit kan eg godt sjå for meg at han er òg, midt i den verdslege suksessen sin, støtt omringa og svak for freistingane langs den evige vegen. "Yessir, we're going to hell", som turnékompisen Jerry Lee Lewis seier om yrkesvalet deira. "The Bible tells us so."
Sidan førre plateutgjeving på Columbia har det gått halvtanna år, noko som må seiast å vera uvanleg lenge til denne karen å vera. Kva har han så bala med i mellomtida? Har han mura seg inne i eit platestudio, rive seg i håret og sveitta fram ein banebrytande plateproduksjon, kanskje? Langt derifrå og tvert om! Bassist Marshall Grant fortel at det var vrient å i det heile tatt få fyren i studio, og at pillene hadde byrja å prega oppsyn så vel som opptreden.
Hymns from the heart, må seiast å vera eit mykje bleikare produkt enn førre stopp ved kyrkjeporten; Hymns by Johnny Cash, som eg likar godt. Der sistnemnde bar preg av medvitne val for å unngå salmesamlebåndet (prøv å sei dét ordet kjapt fem gongar på rappen), er det nett der me befinn oss denne gong. Med elleve songar frå salmeboka, og éin eigenkomponert, strekkjer Johnny hovudet og hendene mot himmelen medan hoftene vert igjen på bakken, i band. Sensurert frå livet og ned, som Elvis på Ed Sullivan. Eg ser for meg at dette er musikken til det kvite dresskledde publikumet ein ser sitjande heilt i ro utan ei mine, medan Chuck Berry herjar seg i duckwalk over scena, i fjernsynsklipp frå femtitalet (sjekk Youtube).
Og sjølv om Johnny og produsent Don Law malar med breiare pensel enn nokon gong i studio; så vidt eg kan sjå er det 21 musikarar involvert på orgel, piano, banjo, vibrafon, kyrkjekor og strykarar, i tillegg til dei vanlege bandinstrumenta, let det heile rimeleg avgrensa. Det er ingen av dei involverte som brått får fot og mistar seg sjølv i musikalsk og religiøs ekstase her. Det næraste må vera nerva i stemma til Johnny, som sjølvsagt er tilstades inni mylderet der. Men er den litt meir vêrbitt og mindre brannfarleg enn sist, mon? Det ville vore naturleg.
Det er altså mykje med denne plata som gjer at eg ikkje har hastverk med å spela ho fleire gongar. Det meste har med framføring, arrangering og produsering å gjera. Til ein viss grad låtutvalet òg, utan at det er hovudankepunktet, for fleire av desse songane gjer seg svært godt i andre versjonar. Høyr til dømes på den eksplosive versjonen The Famous Davis Sisters gjer av opningssongen He'll understand and say well done, som Johnny og gjengen halvdøser seg gjennom:
When I've learned (enough to die - som er den eigentlege fullstendige og glimrande tittelen) er den beste songen på plata, men Johnny sin beste versjon finn du ikkje her. Den kjem fram når han får sleppa vekk frå det overfyllte Nashville-studioet, og sjølv får stå i sentrum for tolkinga. Som her:
When I've learned enough to really live, I'll be old enough to die
Det er linja si, det!
I got shoes, Johnny sin eine eigne låt på plata, sparkar litt etterlengta liv i den, idet den ligg nærare den amerikanske gospel-tradisjonen slik me kjenner den, enn salmesong med tresmak i baken, som fyller det meste av plata elles.
Let the lower lights be burning er ein annan favoritt. Ein fin tekst som handlar om å kveikja lys langs strendene, slik at ein stakkars sjømann i havsnaud kan finna fast grunn under føtene. Og sjølvsagt handlar den slett ikkje om slikt verdsleg dill i det heile tatt. Johnny sin ultimate versjon av denne, finn ein heller ikkje her. Den finn du på den fantastiske posthume samlinga My mother's hymn book, som er nemnt før i denne følgjetongen. Høyr kor fint:
Det same kan seiast om to andre songar på plata; When he reached down his hand og If we never meet again this side of heaven. Sjekk dei ut i tolkingane frå grava! Sistnemnde gjer Elvis forøvrig ein fin fløyelsversjon av eit par år i førvegen:
Mykje meir er det å ikkje seia om denne plata. Den bit lite ifrå seg i det heile tatt, men er best når den svingar (I got shoes, My God is real), når låtane er på sitt beste (When I've learned, Let the lower lights be burning) eller når dei stoler og lener seg mest på stemma til Johnny (These hands). Alt dette har sjølvsagt fint lite å seia, all den tid plata innfrir sin eigen ambisjon; Johnny får letta børa si i høve herren. Og med det skulle den vera unndregen kritikk frå slike som meg. For det er klart at Johnny sitt forhold til herren er ein like stor del av denne mangefasetterte artisten, som forholdet hans til sin døde bror, til dei svake i samfunnet, til June, til dopet, til mørkret i menneskesjela. Det er ikkje til å kødda med.
Louvin brothers syng oss til slutt strake vegen inn i himmelen, med sin versjon av I won't have to cross Jordan alone:
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 24. mars 2020