Johnny Cash – album for album #8
Av Endre Olsen
Johnny Cash sings Hank Williams (Sun Records, 1960)
Medan Johnny Cash er på veg med voldsom kreativ kraft inn i eit nytt tiår, følgjer spøkelset hans frå Sun-tida hakk i hel. Om lag samstundes med det ambisiøse Ride this train, slepp Sun Records denne uforståelege plata. Det grelle coveret syner, så vidt eg kan sjå, ein vilkårleg fyr med gitar, som korkje heiter Johnny eller Hank. Tittelen stemmer knapt; Hank har skrive fire og Johnny sju av dei tolv songane her. Johnny Cash sings Johnny Cash med andre og meir passande ord. I tillegg er det berre fem av songane her som ikkje har figurert på tidlegare Sun-album.
Dei fire Hank Williams-låtane; You win again, Hey good lookin', I could never be ashamed of you og I can't help it, har me altså omtala før. Dei tre førstnemnde attpåtil på førre Sun-plata Greatest! Vidare får me eit gjenhøyr med Next in line, Folsom prison blues og I walk the line for tredje (!) gong.
Kva er det då som gjenstår? Jo, til dømes ein svulstig cover av Leon Payne-sviska I love you because, utan at det hevar interesseverdien nemneverdig. Det gjer derimot dei fire gjenståande Cash-originalane.
Her får me den glimrande Straight A's in love. Ein eplekjekk "er dét lov å sei"-tekst over eit rullande rockabilly-komp. Rock n' roll i omgrepets opphavlege forstand. Meir enn ein kan seia om songen som Dylan (den ravna) får ut av same tittelen:
Come in stranger er Sun-era Johnny på det jamne. Mean eyed cat er hakket kvassare, både i tekst og driv. Når ein opnar med eit slikt førstevers, er det vel ikkje anna å gjer enn å berre dryla til.
I gave my woman half my money at the general store
I said, "Now buy a little groceries and don't spend no more"
But she paid ten dollars for a ten-cent hat
And bought some store-bought cat food for that mean-eyed cat
Om ikkje plata gjer det, vil eg uansett at omtalen skal slutta med Give my love to Rose. Den hadde verkeleg fortent ein meir ryddig heim enn dette rotehuset. Det får den heldigvis seinare i andre versjonar, på to av dei beste platene han laga: At Folsom Prison og American IV: The man comes around. For Give my love to Rose er verkeleg blant det aller beste Johnny Cash skreiv. Vond og fæl, trist og håplaus, men likevel eit glimt av håp i sjølve utgangspunktet for teksten; møtet mellom den daugande og den forteljande - nokre siste ord og ein sekk med pengar som no kanskje kan finna vegen til den nært føreståande enka Rose. Ein tekst, så enormt mykje kortare enn seg sjølv. Ein tekst å dikta vidare på i det stille, inn i æva. Ein perfekt køntrimelodi, med eit refreng som løftar teksten ut av håpløysa. Briljant!
Nokre velvalde ord og ein fin versjon frå Springsteen til slutt her. Spørs om det hadde vore noko Nebraska utan denne.
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 19. mars 2020.