Johnny Cash – album for album #7
Av Endre Olsen
Ride this train (Columbia, 1960)
Her får me det som praktisk tala er langversjonen av Hank Snow sin I've been everywhere (som rett nok kjem ut først to år etter), seinare covra på American II: Unchained. Johnny tar oss med på ei togreise på kryss og tvers av det amerikanske kontinentet, over eit tidsspenn på eit par hundre år. Han ramsar opp eit utal, ofte indianarbaserte, stadsnamn og på vegen stoppar han ved åtte av dei, for å fortelja ei lokal historie og syngja ein høvande song. Berre åtte songar er det altså plass til, sidan han har så mykje elles på hjarta.
Konseptet er både styrken og svakheiten ved plata. Heilskapen i plata avhenger av det Johnny seier, men det at han byrjar kvar song med eit spoken word-parti, gjer sitt til at lytteopplevinga vert ein oppstykka affære. Interessant nok første gong ein høyrer plata, men meir av eit ork etter kvart. Ein tydeleg inspirasjon for konseptet er den strålande Folk songs of the hills, der Merle Travis òg nyttar høvet til å snakka kvar av dei mildt sagt fantastiske songane inn i ein samanheng (og forøvrig fingerpicka fletta av dei fleste):
Musikalsk byrjar plata på glimrande vis, med nettopp Merle Travis sin song Loading coal; låtmessig ei slags blanding av Tennesse stud og Sixteen tons. Lydbiletet er representativt for det meste på plata og eit steg til sida for dei førre utgjevingane; eit jamt over akustisk folkbasert uttrykk, med Johnny Western på ekstra akustisk gitar og gjerne i front (på bekostning av Luther's boogie) - på opningslåta her i fint Travis-picking-driv. Eg likar denne songen best på plata.
Johnny leverer ei handfull eigne låtar. For det meste fine nok, utan at dei treff ein som eit tog i trynet. Slow rider er like seig som hesten i hovudrolla, og låtskrivaren mest lik seg sjølv:
I can't help but missin' the daughters that I had
One went to Denver the other went bad
My young wife died in a poolroom fight
But I try to keep singin' from morning till night
Dorraine of Pontchartrain er ein strålande bekmørk sak, skriven i klassisk tragisk-folkballade-stil (den byrjar attpåtil med det typiske "As I walked..."), der hovudpersonen til slutt står aleine att ved Pontchartrain speidande fånyttes etter sin Dorraine. Denne hadde ikkje vore malplassert på første American-plata.
Now I come day after day to where my sweetheart rowed away
And I gaze across the water of the rainy Ponchartrain
Just one thing and nothing more ever floated back to shore
T'was this flower I hold, it is the one I pinned on my Dorraine
Going to Memphis skil seg mest ut, med berande kling-klang-chain-gang-rytme av lenker langt framme i lydbiletet, eit herjande honky tonk-piano og eit fangekor som ofte trugar med å ta over. Tøft! Fin versjon her:
When papa played the dobro er lettbeint og nostalgisk, humørfylt og bluegrassinspirert. Og elles fort gløymt. Sjølvsagt har "verdas beste dobro-spelar" covra denne:
Elles møter me langs den imaginative reisa ein tømmerhoggar (Leon Payne sin Lumberjack), ein gamal slave (Tex Ritter sin Boss Jack, kult levert med same Travis-pickinga som i opningssporet), og til slutt ein sjølvoppofrande landsbylege (akkurat når ein trur det ikkje kan vera mogleg å skvisa inn meir snakking på plata, vel han å avslutta med Hank Snow sin snakkelåt Old Doc Brown. Sukk!)
Eg likar lydbiletet på denne plata. Eg synest Johnny og dei involverte høyrest inspirerte ut i dette folk-baserte repertoaret. Men å høyra seg gjennom det ikkje nett nervepirrande høyrespelet gong på gong er som sagt eit ork. Ambisiøst og originalt for si tid og sin sjanger, ja – men kanskje mest eit verdipapir på kor frie tøylar artisten Johnny Cash hadde opparbeida seg, og kor villig han var til å nytta seg av dette.
PS: Verdt å ta med seg nokre bonusspor her (særleg det første), som tydelegvis er frå ei anna innspelingsøkt; me kjenner lydbilete att frå tidlegare Columbia-utgjevingar:
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 18. mars 2020.