Løypemelding: Egon Holstad
Folk me likar snakkar om ting dei likar.
Journalisten, forfattaren og musikkmannen Egon Holstad (48) skulle likt å møtt Jesus Kristus. Men før det skal ein statue av Dag Vagle opp på Galdhøpiggen.
– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– «Rubber Soul» av The Beatles. Eg var heilt selt. Forstod sjølvsagt ikkje ein puck av kva dei song om, men eg digga det umiddelbart og utan atterhald. Særleg «Run for your life», der John Lennon syng så tøft at det er ein fryd, og med ein tekst eg er glad eg ikkje fekk foreldra mine til å omsetja.
Den låten hadde gjeve han meir trøbbel i dag, enn utsegna hans der han desimerte Jesus. «Michelle», derimot, klarte eg ikkje, men eg digga biletet av Paul McCartney på baksida, der han ser ned og røyker ein sigarett. «Eg skal altså noko så inni helvete begynna å røyka når eg blir stor», hugsar eg at eg tenkte kvar gong eg såg det biletet. Det viste seg at eg var profetisk.
– Tilsvarande – di siste oppdaging?
– Eit amerikansk band frå Austin som heiter Rattlesnake Milk. Dei sprenger ikkje grenser, og finn ikkje opp krutet på nytt, men det er grensesprengande bra, med eksplosivt bra låtmateriale, framført som om dei har vore i gamet i ein mannsalder. Dei har same eleganse og det varme soundet til meistrane i The Sadies, frekkheita til The Black Lips og magien til The Gun Club. Får du ikkje klump i halsen av låten «Lovers», er du ein defekt biomat som bør utvisast frå teknisk museum.
– Sist gong du fekk gåsehud på konsert?
– Det har jo blitt så lite konserter i år at det gjer vondt. Men eg så Dag Vagle, geniet Dag Vagle, spela ein konsert på Leirvaag Musikkfest i Gryllefjord, ein lukka og veldig triveleg festival for vener og kjende. Hadde konstant ståpels i tre kvarter.
Han er så god at det er teit. Når eg blir keisar av Noreg, skal eg få ein bilethoggar til å gyva laus på Galdhøpiggen, og tvinga han til å hogga ut heile fjellet til ein statue av Dag Vagle, landets musikalske diamant alle i heile verda snart må huta seg til å oppdaga. Noregs beste vokalist, og attpåtil ein gudbenåda låtskrivar. Sjekk ut bandet hans, Helldorado, før han kjem med solodebuten sin.
– Kva film har du sett flest gonger?
– Sikkert litt keisamt og føreseieleg, men dei to første «Gudfaren»-filmane har eg sett så mange gonger at eg no må sjå dei aleine, fordi eg kan alle replikkane og er ein sosial katastrofe for alle rundt meg når dei rullar over skjermen. For mange år sidan oppdaga eg, i fylla, og til mi store glede, at det går an å sjå DVD med shuffle-funksjon, så eg dreiv ei stund og såg desse filmane på den måten når eg kom heim etter å ha vore på byen, der scenane altså kjem i heilt vilkårleg rekkefølgje. Det var jaggu noko nytt. I knivskarp konkurranse er det «The Killer» av John Woo, som eg såg meir eller mindre vekevis i min mest intense Hong Kong-periode på nittitalet. Verdas vakreste film, det.
– Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy.
– Heilt utan å vurdera nokre andre alternativ: Kjell Askildsen, litteraturens Townes Van Zandt og Noregs største nolevande geni.
– Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?
– To gonger. Iggy Pop og Phil Lynott. Førstnemde, då han ved ein inkurie sette seg ned ved sida av meg på eit fly, der eg sat skammeleg bakfull og sveitta i ei The Stooges-skjorte. Har til og med skrive om det. Sistnemnde, då eg som 10-åring kom ut av ei platesjappe i Stockholm, attpåtil med min første walkman, og ein Thin Lizzy-kassett i hendene.
– Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål?
– Jesus Kristus. Så skulle eg bede han om berre å roa seg bittelitt ned. Så skulle eg spurt han følgjande: «Er du så sikker på at dette er så lurt?», og dernest «Kan du – pretty please with sugar on top – vera berre bittelitt mindre sitatvennleg i snakketøyet ditt, folk kan komma til å misforstå?».
– Kva ser du på for tida?
– Har akkurat sett ferdig Shane Meadows’ «This Is England»-serie, etter først å ha sett filmen på nytt. Serien er faen meg betre enn filmen, og eg likte også den veldig godt. Har også pløgd meg gjennom fleire av filmane hans nyleg, som ein direkte følgje. «Dead Man’s Shoes» er også ei underkjent perle av ein bekmørk film.
– Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan?
– Bartenderar i alle byar, tettstader og stader der det vert skjenkt alkohol. Eg heiar på dykk, diggar dykk og håpar de snart får gå på jobb under normale omstende.
– Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Nei, dette mølet må det bli ein slutt på. La andre folk snakka fram deg sjølv, og skjer ikkje dét, kan du heller forbli forbigått. Eg synest i det heile at folk, på generell basis, kunne bli mykje betre på ikkje å seia kva dei sjølv har gjort som dei synest fortener meir merksemd. Sosiale media har drepe skamvettet og jantelova, to rakkarar eg saknar med aukande styrke for kvar dag som går. For du må faen ikkje tru du er noko.
Les fleire løypemeldingar her.
Publisert 20. september 2020