Ry Cooder sitt Amerika: The Prodigal Son

Av Endre Olsen

The Prodigal Son (2018)

Me gjer eit solid byks ut av åttitalet, over nittitalets fine konseptuelle trilogi Chaves Ravine, My name is Buddy og I, Flathead, over 2000-talets bitande protestalbum Pull up some dust and sit down og Election special, over strålande samarbeidsplater med til dømes Ali Farka Toure, Vishwa Mohan Batt og Manuel Galban, over det eine filmmusikk- og produksjonsoppdraget etter det andre, og landar i 2018 ved det som i mine øyre kanskje er hans finaste soloplate sidan syttitalet. Når me no byksar rakt over det som strengt tatt er eit godt katalogmessig livsverk, er det berre fordi desse platene går litt på sida av nett denne innsamlinga til nett denne spelelista. Det finst dog andre spelelister og andre fokus, så la meg no for all del ikkje utelukka at me kjem tilbake til dei utstøtte. 

The Prodigal Son er Cooder mykje godt tilbake til prosjektet sitt frå syttitalet; grava fram lett løynde greier frå halvt gjengrodde stiar og spela det fram i eit anna lys. Denne gong lenar han seg på vårherrepåkallande materiale, gjerne med ein viss politisk brodd og med tre eigne låtar som står trygt blant dei hine. Sonen Joachim sit både bak trommene og i produsentstolen.

Straight street

Me byrjar i Houston, Texas, hjå gospel-kvintetten The Pilgrim Travelers. Songen er skriven av tenor og manager J.W. Alexander og bariton Jesse Whitaker. Førstnemnde kunne også skryta av å ha oppdaga Sam Cooke, som på femtitalet bala med mykje godt det same som The Pilgrim Travelers, saman med sitt band The Soul Stirrers. Sistnemnde kunne skryta av å vera ein av Ray Charles sine vokale heltar. Innspelinga deira er frå 1955.

Everybody ought to treat a stranger right

Ein tittel som støtt er meir aktuell enn nokon gong, spør du meg. For Cooder er Blind Willie Johnson alltid aktuell. «He’s the go to guy», seier han når han snakkar om gospel. «The most transcendent piece in all American music», seier han også, om Johnson si magiske innspeling Dark was the night (cold was the ground), og så baserer han mykje godt heile filmmusikken til Paris, Texas på nett den. Her er me tilbake i 1930 og me høyrer Johnson si kone harmonera.

The Prodigal son

Tittelsporet er av tradisjonelt opphav, men Cooder høyrde den først i Heavenly gospel singers sin versjon frå slutten av tredvetalet. I denne gjennomgangen har eg ofte peika på Cooder sin kjærleik for doo-wop og soul, og her, hjå denne a cappella-gospel-gruppa høyrer me vel røtene til begge sjangrar.

It’s nobody’s fault but mine

Meir Blind Willie Johnson. Denne, frå 1927, var a-side til b-sida Dark was the night og er blant hans meir kjende og mest covra. Det mest kjende dømet er kanskje Led Zeppelin sin versjon frå 1976.

You must unload

Me blir verande i det herrens år 1927, når me no skal til ein noko meir radikal låtskrivar, til sjangeren å vera. Blind Alfred Reed har me støtt på fleire gonger tidlegare i serien, med fantastiske How can a poor man stand such times and live som eit høgdepunkt. Her sparkar han greitt frå seg allereie i opningslinja; «You fashion-loving Christians, you will surely be denied».

I’ll be rested (when the roll is called)

Me høyrer lyden frå eit provisorisk studio på eit hotellrom i Hattiesburg, Mississippi i 1936, der Blind Roosevelt Graves plukkar gitar og harmonerer saman med den tamburinristande (og nesten like blinde) broren sin Uaroy. Dei spela også saman under namnet Mississippi Jook Band, som ein stundom ser kreditert for nokre av dei tidlegaste rock n’ roll-leflande musikalske faktene.

Harbor of love

I forkant av denne plata var Cooder på turné saman med Ricky Skaggs og Sharon White og baserte mykje av repertoaret på bluegrass - den kvite manns gospel. Her representert ved eitt av dei beste brødrepara i sjangeren, Ralph og Carter Stanley. Saman med sine Clinch mountain boys gir dei ut denne flotte blågrassalma i 1954.

In his care

Kva innspeling Cooder har forhalde seg til, av professor, komponist og kordirigent William L. Dawson si salme, veit eg ikkje – men skal me gambla på Sister Rosetta Tharpe sin frå 1942? Om ikkje anna, så for å endeleg via ho plass på spelelista og kanskje også for å poengtera likskapen mellom hennar musikalske prosjekt og Cooder sitt på denne plata.

Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:

Ein fin liten bakomfilm om innspelinga:

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #35

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika: Get Rhythm