Johnny Cash – album for album #35

Av Endre Olsen

Any old wind that blows (Columbia, 1973)

I 1973 skulle ein gjerne tru at Johnny Cash hadde nok med The Gospel Road, filmprosjektet hans om Jesu liv og virke med location Israel (premiere 31. mars), og det tilhøyrande doble albumet med filmmusikk. Det skulle no vera eit greitt årsverk det? For oss vanlege dødelege kanskje. Cash sper like godt på med denne, i tillegg til duettplata Johnny Cash and his woman og live-plata På Österaker.

Det fine tittelsporet er skrive av Deena Kaye Rose, som på denne tida framleis var Dick Feller; ein slags country-musikkens Laura Jane Grace frå Against Me! der altså. Ikkje for mange av dei. Melodien og ikkje minst eit rullande banjokomp kombinert med eit smygande orkesterarrangement, sender tankane i retning crossover-artistar som Glen Campbell. Ja, låten er kanskje ikkje heilt ulik John Hartford sin fantastiske Gentle on my mind, sånn apropos (har Cash spela inn den, mon? Check. Ja, det har han). Med rimsekvensar Kristofferson verdig er dette rett og slett ei strålande opning på plata.

I Kentucky straight samanliknar Johnny dama si med whiskeyen med same namn. Frå slikt hald er dette å rekna som litt av ein kompliment (I bet she’s a better woman than that whiskey is whiskey)! Whiskeyen bit sikkert greitt frå seg den, men låten er noko tannlaus. Ein sutalaus liten trall for sutalause tider. Men kan ikkje Johnny Cash også få ha det litt sutalaust, då? Må det berre vera sorg og sut og svarte mørker heile forbanna tida? Nei, la oss no unna han denne stolne, lukkelege stunda. Melodien er dessutan fin.

Mindre lukkeleg blir det ikkje når Kris Kristofferson kjem på banen med The loving gift. Ein skreddarsydd duett for ekteparet, der dei får rikelege med plass (og rikeleg med smektande strykarar) til å feira kjærleiken. Og det er no eigentleg litt rørande om ein først har stått opp på den foten og ein i tillegg veit eitt og hitt om korleis det må ha vore å vera gift med denne fyren. Eg har sjeldan noko å utsetja på Kristofferson, men må innrøma at eg sit og kvir meg litt til den avsluttande linja, der gåva blir pakka ut:

Cause you gave me a blanket to keep me from the cold
And you gave me a baby

Med Larry Gatlin sin The good earth er me tilbake igjen på nivået der me starta. Ein flott låt, plukka fram av det eg går ut i frå er Norman Blake på akustisk gitar, Charlie McCoy sitt grinande munnspel på dei rette plassane og nett passelege dosar stryk. Produsent Larry Butler verkar å vera oppteken av at det skal låta «ordentleg» så langt. På dei to førre gjennomlukkelege låtane blei det litt i overkant, men her får me tekstlinjer av typen «like steel I’m probably stronger, from going through the fire» og me anar at ikkje alt er så pent og pynteleg som orkesteret stundom vil ha oss til å tru.

Larry Gatlin har forøvrig ein song som heiter Johnny Cash is dead and his house burned down. Betre tittel enn låt, diverre.

Johnny sin besteven Roy Orbison leverer Best friend, og hadde eg ikkje nett fortalt deg dét skulle du vore god for å tippa det. Litt utypisk låt for begge to denne valsen, som byrjar i moll og sluttar i dur. Det motsette av Jan Eggum sitt motto «av dur er du kommet til moll skal du bli», altså. Strykarane tar seg ein etterlengta pause og gir plass til eit meir gjennomsiktig og kledeleg arrangement, som let dei tunge orda tala for seg sjølv.

A diamond is a diamond
And a stone is a stone
But a man’s not all good nor all bad

Og så, som ut av det blå, er me brått tilbake til bomchikkabom-stilen som har tonesett store delar av denne serien. Og for ein gongs skuld såg eg ikkje bomchikkabomen koma. I Jerry Chesnut (mannen bak Elvis sin T-R-O-U-B-L-E og George Jones sin Good year for the roses) sin Oney møter me arbeidskaren som nyttar sin siste arbeidsdag i livet til å gi sjefen ein på trynet. Take this job and shove it, som Johnny Paycheck ville sagt.

When I’m gone I’ll be remembered
As a working man who put his point across
With a right hand full of knuckles
‘Cause today I’ll show old Oney who’s the boss

Opp på barrikadane og applauder, kameratar!

The Ballad of Annie Palmer er det Johnny sjølv som står bak. Han har kjøpt seg hus på Jamaica sidan sist, og kven skulle vel trudd at Johnny Cash også var ein habil reggae-songar? Eh, ingen, og heldigvis strekker Jamaica-vibbane seg kun til nokre bongo-baserte innslag i rytmeseksjonen og eit lokal sagn om denne Annie Palmer, som skal ha teke livet av tre ektemenn for så å vandra kvilelaust rundt åstaden etter sin død. Slikt blir det mordarballade av, og slikt kan Johnny Cash.

Meir klassisk Cash i hans eigen Too little, too late. Rett og slett ein glimrande country-rockar. Country rock i stilen meir enn i framføringa, that is. Her stemmer alt; Carl Perkins i fint driv på el-gitaren og produsenten med fingrane passeleg langt unna det som foregår i innspelingsrommet. No er det lenge sidan me har høyrt noko til orkesteret som fire låtar ut i plata spela ei så viktig rolle. Underleg.

Nemnde eg country-rock? Det er lenge sidan me har høyrt Johnny rocka slik han gjer saman med June her på Pete Seeger-klassikaren If I had a hammer. Og det kjennest endå lenger sidan strykarane på første halvdel av plata. Bandet låner drivet frå Flying burrito Brothers sin Christine’s tune, Perkins skrur opp gainen på forsterkaren og særleg June let seg riva med. Glimrande!

Så er det fram med dei akustiske gitarane og munnspelet til Charlie McCoy igjen, i Johnny sin eigen køntri-shufflar Country trash. Den kjenner me att fra American III-plata, og den nedstrippa, rustne versjonen derifrå er strengt tatt å føretrekka. Men låten er god, den.

We´ll all be equal under the grass
And God’s got a heaven for country trash

Amen frå Grov. Og eg synest eg høyrer Merle Haggard applaudera der nede.

Slik han gjerne har for vane på platene sine, let Johnny Jesus få siste ordet, i trad-gospel-låten Welcome back Jesus. Carter Family og Statler Brothers trøkker til på refrenga, og plata tar endå ei ny retning. Og nett dét er eigentleg ein grei oppsummerande setning.

Det skal ikkje stå på Johnny Cash her, det er dei rundt han som ikkje heilt verkar å kunna bestemma seg for kva slags plate dei vil laga. Først skal det vera strøkent og strigla, så vil dei tilbake til bomchikkabommen, eller hoen la oss køyra det akustisk, nei forresten det er gospel me treng no. Men trass i noko retningslaus produksjon, er dette ei Cash-plate vel verdt å høyra på!

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 10. oktober 2022.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #36

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika: The Prodigal Son