Ry Cooder sitt Amerika: Boomer’s story

Av Endre Olsen

Boomer’s story (1972)

Musikkarkeologen Cooder grev seg heile vegen tilbake til borgarkrigen her på tredje soloplata. Plata let umiskjenneleg coodersk, og det seier sitt, for no inkluderer spelelista vår også kampsongar, ei latin-amerikansk sviske, eit old time string band og ein av dei største soul-balladane gjennom tidene.

Boomer's story

Tittelsporet kunne første gong høyrast i 1929, då med tittelen The Railroad Boomer og i hendene og røystene på Bud Billings & Carson Robinson. Sistnemnde er til liks med Fiddlin’ John Carson frå førre gjennomgang, blant dei aller første country-artistane som kan høyrast på plate. Country-musikken sin første millionseljar er Vernon Dalhart si innspeling av Wreck of the old 97 frå 1924, og der er det nettopp herr Robinson som kompar han. 

Cherry ball blues

Cooder gjer ein instrumentalversjon av denne Skip James-låten, først utgjeve i 1931 saman med Hard time killin’ floor blues (for ein låt dét er, forresten!). Kan han ha tenkt at det er fåfengt å syngja etter Skip James? For det går det jo saktens an å tenkja. Country-pickinga hans føyer seg elles fint inn blant ingrediansane i Cooder-suppa. 

Crow black chicken

Leak county revelers var eit old time string band (slikt som var bluegrass før det var noko som heitte bluegrass) frå Sebastopol, Mississippi, med besetninga fele, mandolin, banjo og gitar. På slutten av tjuetalet gjorde dei rundt 40 innspelingar for Columbia. Denne er frå 1928 og at eg sit her og streamar den nesten 100 år etter kjennest både smått absurd og heilt i tråd med Cooder sitt prosjekt.

Ax sweet mama

Her er Sleepy John Estes igjen. Det vil seia, du skal leita lenge og fåfengt etter denne tittelen i katalogen hans, men låten stemmer overeins med Milk cow blues som Estes gav ut i 1930. No fanst det fleire ulike songar med tittelen Milk cow blues på denne tida, men me tillet oss å utpeika denne som den offisielle (om det skulle koma noko så sjeldan som ein Kokomo Arnold-fan å krangla på det, får eg slå i bordet med at sjølvaste Robert Johnson covra den i 1937). 

Maria Elena

Skriven av meksikanske Lorenzo Barcelata i 1932 og dedikert til Maria Elena Peralta, kona til president Emilio Portez Gil. Størst suksess fekk den i storband-versjonen til Jimmy Dorsey Orchestra i 1941. Kan det vera nylon-gitarane til det brasilianske brødreparet i Los Indios Tabajaras som har opna Cooder sine øyre for låten, mon?

The Dark end of the street

Klassikar! Skriven av Dan Penn og Chips Moman og først utgjeve av James Carr i 1967. Det er framleis den definitive versjonen av denne fantastiske, men noko ihelcovra soul-balladen. Cooder sin versjon er instrumental og lever såleis sitt liv trygt på sidelinja av dei andre.

Rally round the flag

160 år gamal popmusikk! George Frederick Root skriv nordstatane sin kampsong Battle cry of freedom, som i Cooder sin versjon høyrest meir ut som ein fredshymne, i 1862 - på byrjinga av den amerikanske borgarkrigen. Og ein fredshymne er jo eigentleg nett det den er, der den manar til samhald og fridom («…and although he may be poor, he shall never be a slave»). På åttitalet skriv Billy Bragg den om til ein kampsong for fagrøyrsla under tittelen There is power in a union.

The Weavers, med Pete Seeger i spissen, gir ut ein versjon med same tittel som Cooder, i 1962. 

Coming in on a wing and a prayer

Frå den amerikanske borgarkrigen til den andre verdskrigen. Jimmy McHugh og Harold Adamson si skildring av eit bomberaid einkvan plassen i Europa, nådde førsteplassen på Billboard 2. juli 1943 i versjonen til The Song Spinners. Popmusikk dette òg, altså! Bak Cooder sin versjon lurer endå ein gong skuggen til Joseph Spence: 

President Kennedy

Her er Sleepy John Estes igjen, og denne gong er det låtskrivaren sjølv som syng; til «the best president we ever had». Tippar Cooder er lukkeleg i bakgrunnen der med mandolinen sin.

Good morning mr. Railroad man

Då Cooder forbarmar seg over denne tradisjonelle landstrykarlåten har han levd livet sitt på landstrykarvis lenge; humpa seg nedover tidslina frå rasteplass til rasteplass, tileigna seg det eine og kvitta seg med det andre, i støtt nye retningar. Slik at både innhald og kallenamn til slutt kjem an på kven du spør. Cisco Houston kallar han The Gambler i 1952 og deler elles sine vers i antal og innhald med Cooder.

Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:

Publisert 9. mars 2022.

Forrige
Forrige

Ry Cooder sitt Amerika: Paradise and lunch

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika: Into the purple valley