Ry Cooder sitt Amerika: Paradise and lunch
Av Endre Olsen
Paradise and lunch (1974)
På Ry Cooder sitt meisterverk, ja ei av favorittplatene mine gjennom alle tider, møter me fleire gamle kjenningar, nokre gamle og heilt ukjende og ein såpass usannsynleg type som Burt Bacharach. Det heile perfekt produsert av Waronker/Titelman og perfekt levert av dei involverte musikarane (ein ekstra applaus til kormennene med Bobby King i spissen). Lurer forresten på om neste prosjekt bør bli ein kunstfagleg gjennomgang av plateomslaga til Ry Cooder.
Tamp ‘em up solid
Cooder snokar seg gjennom feltopptaka til familien Lomax, finn ein gamal nedknitra jernbanearbeidar frå tredvetalet som trampar og gaular seg gjennom slitet, og så tar han det derifrå. Eller noko slikt. Frå opphavet til resultatet 40 år seinare, har det iallfall skjedd ei totalforvandling.
Tattler
Me er tilbake hjå amatørpredikanten med den heimelaga harpa, og det er saktens ein god plass å vera. Ein av dei aller finaste omtolkingane til Cooder dette. Originalinnspelinga til Washington Phillips, You can’t stop a tattler, er frå 1929.
Married man’s a fool
«Nobody can sing the blues like Blind Willie McTell», syng Dylan i 1983. Edward Rhodes tenkte sikkert det same då han kom over McTell med 12-strengaren sin på eit gatehjørne i Atlanta i 1956. Dei første innspela spora etter McTell er frå 1929 – nesten 30 år seinare står han altså framleis på eit gatehjørne og syng. Til å bli blå av det. Ved hjelp av ei flaske whiskey får Rhodes lokka den gamle alkoholiserte diabetikaren inn i studio og Blind Willie McTell spelar inn sine siste livsteikn - posthumt utgjeve som Last session. Derifrå hentar me den lett ragtime-lenande A married man’s a fool.
Jesus on the mainline
Oppgjeve som ein trad-låt, men høyrt i lys av teknologien som blir referert til i teksten skulle ein gjerne kunne forventa at den ikkje er så uhorveleg gamal likevel. Første innspelinga er det Alan Lomax som gjer på tidleg 50-tal, med Mississippi Fred McDowell framfor feltopptakaren. Her er han nokre år seinare, saman med Hunter’s chapel singers.
It’s all over now
Mest kjend i Rolling Stones sin versjon frå 1964, men skriven av Bobby Womack og først utgjeve av han i fronten av The Valentinos nokre månadar i forkant. Womack kunne visstnok ikkje fordra Stones’ versjon (heilt til han fekk royalty-sjekken – då ville han ha dei til å gjera ei heil Womack-plate); gudane må veta kva han synest om reggae-flørten til Cooder & co.
Fool for a cigarette / Feelin` good
Første delen av dette lappestykket er det den relativt obskure låtskrivaren Sidney Bailey som står for, kanskje mest kjend for å ha skrive The Very Thing That Makes You Rich (makes me poor) frå Cooder si Bop till you drop-plate frå 79. Og så vidt eg veit er dette første innspelinga av denne også.
Feelin’ good er henta frå J.B. Lenoir sitt politiske meisterverk Alabama blues! frå 1965; borgarrettsrøyrsle rett frå kjelda. Og kjelda er den lyse nervespente stemma til J.B., med eit spartansk, men drivande komp i botn; berre den akustiske gitaren hans og stundom trommene til Freddie Bellow. Ei heilt fantastisk blues-plate dette!
If walls could talk
Skriven av Bobby Miller for Little Milton, som gav den ut i 1970. Soul/r&b-sveittande elektrisk blues, rimeleg langt unna J.B. Lenoir sitt lende, men ganske tett på B.B. King frå same periode.
Mexican divorce
Det skulle ikkje vera greitt å få skilt seg i USA på midten av førre århundre. Ein dyr og langtekkeleg prosess, som enklare let seg gjennomføra om ein tok seg ein tur over den meksikanske grensa. Burt Bacharach, eller rettare sagt låtskrivingspartneren Bob Hillard, ser potensielt hitmateriale der andre berre ser kjedeleg formelt pjatt, og The Drifters (med Dionne Warwick på koring) viser at det er mogleg. Først utgjeve i 1962.
Ditty Wah Ditty
Så er me tilbake hjå Blind Blake, som me sist helsa på ved første stoppestad i serien her. Gitarmessig lenar Cooder seg tett opp mot ragtime-pickinga på originalen. Kva elles skal ein gjera på ein slik låt? Det kulaste med Cooder si innspeling er likevel det lause og leikne samspelet med den legendariske jazzpianisten Earl Hines. Kva tid ytra du sist setninga «nei, kva seier du, kjære? Skulle me sett på noko ragtime-gitar frå mellomkrigstida?». Gjerne for meg altså, så lenge det er Blind Blake.
Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:
Publisert 14. mars 2022.