Ry Cooder sitt Amerika: Into the purple valley

Av Endre Olsen

Into the purple valley (1972)

Van Dyke Parks stig ut av produsentstolen og bort til pianokrakken. Lenny Waronker og Jim Dickinson tek over spakane, og gir produksjonen eit endå skarpare fokus, sjølv om plata dekker eit større geografisk og sjangermessig spekter enn debuten. Blues og folk er framleis grunnmuren, men blues og folk kan òg vera calypso, gospel, doo wop og rock n’ roll skal det visa seg.

How can you keep on moving (unless you migrate too)

Etter kvart som hordar av amerikanske familiar bryt opp og reiser etter arbeid i den mørke sandblesne mellomkrigstida, vert dei gjerne møtt på statsgrensene av skilt med påskrifta «No more migration» og væpna vakter med meldinga «Just keep on moving!». Arbeidarsongaren og aktivisten Sis Cunningham tar vondskapen på kornet i denne protestvisa, som nesten like gjerne kunne vore eit par ekstra avsnitt i Grapes of wrath. Cunningham var aktiv som musikar på 30/40-talet, og var i ein periode kollega med sine likesinna Guthrie og Seeger i The Almanac Singers.

Billy the kid

Den første tonesette utgjevinga av denne klassiske folkelegenda er det ein Vernon Dalhart som står for, i det herrens år 1927. Seinare florerer den i alskens versjonar, men eg tippar at Woody Guthrie-disippelen Cooder har høyrt mest på hans, som Alan Lomax festa til tape i 1940. Cooder sin versjon er heilt sin eigen, sjølvsagt, det skulle vera unødvendig å presisera. Det vil gjelda alle songane me tar for oss.

Money honey

Denne songen, skriven av Jesse Stone – mest kjend for å skriva Shake, rattle & roll, finn me mellom anna på Elvis Presley si debutplate. Som me alle veit så fann ikkje Elvis opp rocken, og The Drifters, då under namnet Clyde McPhatter & The Drifters, var først ut med denne i 1953. Cooder likar sin doo woop – den stødige bruken hans av «mannlege kordamer» vitnar kanskje også om det.

FDR in Trinidad

President Roosevelt var visstnok ein ihuga calypso-fan. Heilt på sin plass då at han får ein eigen song i sjangeren, skriven i høve, ja nettopp, hans besøk på Trinidad i 1936. Først utgjeve i 1937 av Attila the hun (aka Raymond Quevedo), som saman med The Roaring Lion (Rafael de Leon) var blant sjangerens første og største misjonærar utad. Van Dyke Parks tar med seg songen vidare og gir ut ein passe ellevill versjon året etter Cooder, på plata Discover America.

Teardrops will fall

Dicky Doo & the Don’ts var ei tidleg rocknroll-gruppe frå New York, og samstundes var dei ikkje det. Såleis eit høvande namn får ein seia. Bak pseudonymet skjuler songaren og låtskrivaren Gerry Granahan seg, som mellom anna livnæra seg av å laga demo-versjonar av potensielle Elvis Presley-låtar. Då han ville gi ut sin eigen musikk på eit anna plateselskap, måtte det eit namnebytte til. Då songen Click clack vart ein hit i 1958, og konsertetterspurnadane byrja melda seg, måtte det ei materialisering av det fiktive bandet til. Resten kan vel knapt kallast rockehistorie, men heime hjå Cooder er det jo det.

Denomination blues

Washington Phillips frå Texas framførde sin dempa og minimalistiske gospel, kun akkompagnert av eit autoharpe-liknande instrument han kalla manzarene og som han antakeleg hadde laga sjølv. One of a kind, altså, til liks med den vakre musikken han etterlet seg; 18 innspelingar gjort mellom 1927 og 29. Eterisk blues er ikkje eit omgrep eg går og sleng rundt meg med til dagleg, men eg gjer det likevel her. Svevande og rotfesta, like underleg som det er vakkert.

On a Monday

Her er Lead Belly igjen, med det som nesten line for line er Johnny Cash sin I got stripes. Eller omvendt då. Førstnemnde veit dog betre kva han syng om enn hin, i denne fengselsskildringa. Lead Belly si innspeling er frå 1943. Då var han ferdig med sitt fjerde fengselsopphald og hadde blitt turnékompis med Guthrie og Seeger.

Hey Porter

Snakk om sola. Her er B-sida på Johnny Cash sin debut-singel Cry cry cry, frå 1955. For utfyllande informasjon, sjå Cash - album for album.  

Great dream from heaven

Utaskjers igjen. Denne gongen til Bahamas, der me finn gitaristen Joseph Spence. Ein kar me også høyrer klåre spor etter i Cooder si fingerplukking (så vel som i John Renbourn si - han har også ein versjon av denne). Spence er lett gjenkjenneleg med sin spretne rytmikk, dirrande bassgongar og ikkje minst ei umiskjenneleg grynting på topp. Med Folkways records sin samlar, Music of the Bahamas vol. 1 frå 1958, nådde han utover strandegrensene. Ein god plass å byrja den:

Calypso-gospel-hymna Great dream from heaven stammar frå ei 1966-innspeling, saman med The Pindar Family:

Taxes on the Farmer Feeds Us All

Det går an å hevda at Fiddlin` John Carson frå Cobb county sin ankomst i eit platestudio i Atlanta i 1923, også markerer country-musikken sin ankomst. I alle fall som som komersiell plateindustri. Singelplata The little old log cabin in the lane med B-sida The Old Hen Cackled and the Rooster's Going To Crow vart fort ein hit, og den allereie 55 år gamle Carson sjangeren si første radiostjerne. Carson held fram med å gi ut musikk heilt til han utpå tredvetalet ein gong valde å tilbringa arbeidslivets siste fase som heissjåfør.

Vigilante man

Så let me Woodie Guthrie få siste ordet. Me er tilbake hjå hans Dust bowl ballads frå 1940, der me også var på førre plata. Og me er tilbake ved tematikken frå opningssporet til Sis Cunningham; tittelen refererer til dei statsløna bøllene som hadde i oppgåve å jaga migrantar ut av California og tilbake til sandstormane.

Og med det er den ganske kule spelelista med Ry Cooder sitt Amerika oppdatert:

Publisert 7. mars 2022.

Forrige
Forrige

Ry Cooder sitt Amerika: Boomer’s story

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika