Ry Cooder sitt Amerika: Jazz

Av Endre Olsen

Jazz (1978)

Jazz-året 1978 er prega av fusion-baserte og eksperimentelle utgjevnader. Pat Metheny i eine enden og Sun Ra i andre. Tittelen på Cooder si plate av året kunne såleis nesten ikkje vore meir misvisande. Her skal me nemleg tilbake til hin enden av århundret igjen, og nokre av dei tidlegaste innspelingane i sjangeren, som på denne tida dreier rundt New Orleans, Vaudeville, ragtime, dixieland og slikt. Eg heldt på å seia gladjazz. Og så kjem me sjølvsagt ikkje utanom Joseph Spence, som er meir hjarteleg til stades her enn på nokon annan plate.

Cooder har vel ytra seg i retning av at dette er den plata han angrar på. Langt frå den eg har høyrt mest på sjølv, men her er no plenty med strålande musisering av vår mann til å setja den på i ny og ne. Helst såg eg at han hadde droppa Joseph Byrd sine orkestreringar til fordel for samspelet blant bandmusikarane frå platene før. Vel vel. 

Big Bad Bill is Sweet William now

Skriven av Milton Ager og Jack Yellen og først gjort kjend av Margaret Young i 1924. Men me anar eit nærare Cooder-slektskap med Emmett Miller sin versjon frå året etter. Det skal seiast at musikken til Miller har halde seg betre enn konseptet rundt den tids framføringar av den; på minstrel-shows av ein blackface-mala songar. Strålande, jodlande songar var han like forbanna, noko fleire av dei tidlege country-stjernene sikkert var einige med meg i. Berre høyr Hank Williams syngja hiten hans, Lovesick blues!

Van Halen har for øvrig også ein versjon av denne, men det får bli i ein annan tekst.

Face to face that I shall meet him

Denne hymna frå Bahamas hentar Cooder igjen frå Joseph Spence sitt repertoar. Gitaristen som tydelegare og tydelegare står fram som ein av Cooder sine aller største inspirasjonskjelder. Versjonen hans er frå slutten av femtitalet. Cooder høyrer eit heilt New Orleans-orkester i gitarspelet hans og syner oss poenget sitt med arrangementa sine her. 

Me slenger inn to låtar til frå Spence sitt repertoar når me først er i gang.

På introen til Happy meeting in glory høyrer me Cooder nikka til introen på Coming in on a wing and a prayer, som me la til spelelista i kapittelet Boomer’s storyfør arrangementet vidar seg ut og Bahamas smeltar saman med New Orleans. På Spence sin original høyrer me han i kjent stil trampande, trallande, gryntande, på grensa til syngjande, nesten lattermild, medan det formeleg smell frå strengane.

We shall be happy har Spence tatt seg bryet med å læra seg teksten på opp til fleire vers, men så har han det så kjekt når han spelar at det sklir ut i ralling og røring igjen. Som seg hør og bør. Fornøyeleg type!

Så over til den typete typen som i si tid påstod at han eigenhendig fann opp jazzen. Vel, han skal ha for det, Jelly Roll Morton, at han var blant dei første som fanga den inn i ordna former ved å notera den ned. Inn på spelelista med ein dose klassisk piano-ragtime, eller whorehouse-music som Cooder kallar det i sine liner-notes (som for øvrig like godt kan lesast, som desse fabuleringane mine. Helsikken, eg legg dei ved), i Morton sine soloinnspelingar av spanskinspirerte The Pearls og Tia Juana frå 1924

In a mist

Bix Beiderbecke er blant den tidlegaste innspela jazzen sine største namn, og kornettisten frå Davenport er representert med tre instrumentale låtar her. Først med det som opphavleg var den einaste solo-piano-innspelinga gjort av Beiderbecke sjølv, og som kjem i eit utvida arrangement for gitar, vibrafon og blåsarar hjå Cooder og Byrd. Beiderbecke gav ut sin versjon i 1927.

Flashes

Den andre av fire piano-komposisjonar som Beiderbecke etterlet seg, er blant høgdepunkta på Cooder-plata, der den kjem i ein omarrangert versjon for akustisk gitar. Og berre det. Endeleg får Cooder nokre minutt i fred for New Orleans-orkesteret. Swing-pianisten Jess Stacy, kjend frå Benny Goodman sitt orkester, står for den første innspela versjonen i 1935.

Davenport blues

Me takkar av herr Beiderbecke med det næraste me kjem Sildajazzen i denne tråden. Dixieland over heile linja her i hans originalversjon frå 1925, der han blir backa av The Rythm Jugglers, som også kunne skryta av Tommy Dorsey på trombone. 

Shine

Eller That’s why they call me Shine, som han heitte på papiret då Ford Dabney og Cecil Mack skreiv han rundt 1910. Minstrel show-musikk dette òg. Første gong innspela av nemnde Tommy Dorsey og broren Jimmy sitt band The California Ramblers i 1924, men då som instrumental. Sidan Cooder sin er vokalbasert tar me med oss ein annan slik ein til spelelista, nemleg Louis Armstrong si utgjeving frå 1931.

Nobody

Cash- og Cooder-seriane møtest igjen her, hjå vaudeville-artisten Bert Williams i 1905. Skriven for Broadway-produksjonen Abyssinia, og framført av han sjølv og eit utal andre. Deriblant Johnny Cash, på American III: Solitary man. Bert Williams vert gjerne rekna som den første svarte artisten som oppnådde stjernestatus på tvers av fargane i publikum. At han måtte gjera det med blackface-maling, må ha kjendest både absurd og urettferdig. I songane sine visste Williams likevel å nytta dei gamle rasistiske rammene til å utfordra dei svarte stereotypiane hjå det kvite publikumet.

Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:

Publisert 30. mars 2022.

Forrige
Forrige

Ry Cooder sitt Amerika: Bop till you drop

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika: Show time