Ry Cooder sitt Amerika: Chicken skin music

Av Endre Olsen

Chicken skin music (1976)

Med femte plata inkluderer Ry Cooder sitt Amerika også Hawaii og Mexico. Ry har blitt hekta på meksikansk trekkspelmusikk – norteno, og har like greitt blitt kompis med ein av sjangeren sine fremste utøvarar; Flaco Jimenez. Den musikalske arkeologverksemda har også ført han til hawaiisk gitarmusikk, og han har, ja, like greitt blitt kompis med ein av sjangeren sine fremste utøvarar; Gabby Pahinui. Begge signerer dei greitt frå seg på denne festlege og (jada) fantastiske plata.

The Bourgeouis blues

I 1937 reiser Lead Belly saman med kona si, til Washington DC, for å spela inn nokre songar hjå Alan Lomax. Det blir langt frå den opplevinga dei kanskje hadde håpa på; Jim Crow sin neve ligg hårdt knyta kring bydn. Ikkje får dei hotellrom, ikkje får dei servering på restaurant og då Alan Lomax vil husa dei i leilegheita si kjem han i klammeri med husverten. Hopp og drit, heile gjengen, tenkjer vel Lead Belly og svarer med denne rasande reiserapporten. 

I got mine

Først gitt ut av Frank Stokes i 1928, men Cooder sin versjon baserer seg på Pink Anderson si utgjeving frå 1962. Anderson representerer, til liks med Blind Willie McTell som me helsa på sist, piedmont-varianten av tidleg blues, som i motsetnad til den dvelande og tunge delta-varianten, hentar stor del av inspirasjonen sin frå ragtime og såleis litt meir humør og litt fleire akkordar. Pink er elles kjend for å ha gitt namn til Pink Floyd, saman med blues-musikaren Floyd Council. 

Always lift him up / Kanaka wai wai

Blind Alfred Reed møtte me sist på Cooder sin debut (det er berre nesten sant; fleire av oss har gått og nynna på slageren Why do you bob your hair, girls? sidan den gong). Cooder behandlar Reed sin original på litt same vis som han gjorde med Washington Phillips sin You can’t stop a tattler, som ein sår gospel-ballade.

Og så glir den saumlaust inn og ut av instrumentale turar til Hawaii, basert på den ukulele-slyngande John K. Almeida sin Iesu Me Ke Kanaka Waiwai («Jesus and the rich man»), først gitt ut i 1946. Almeida var forresten også blind, ja velfungerande auge ser ut til å vera ei luksusvare i denne Ry Cooder sitt Amerika-serien; Cooder er sjølv blind på det eine. Underteikna nøyer seg med ein brillestyrke på minus tre. Så er eg heller ikkje ein veldig god blues-musikar.

Her er songen i nemnde Gabby Pahinui sin versjon, saman med The sons of Hawaii, frå 1971:

He’ll have to go

Denne låten treng vel knapt nokon introduksjon. Med trekkspel-virtuos Flaco Jimenez i førarsetet blir den drege langt vekk frå Jim Reeves sitt godt påsmurte utgangspunkt her. Kulissane er brått eit gatehjørne i Distrikts-Mexico, heller enn eit dresskoda platestudio i Nashville. Ikkje for det, eg likar Jim Reeves eg, og me toler eit gjenhøyr med den Chet Atkins-produserte originalen hans frå 1959.

Smack dab in the middle

Me hugsar Jesse Stone, eller Charles eller Chuck Calhoun – alt etter kva for eit plateselskap som hyra han, som låtskrivaren bak Money Honey frå Cooder sin debut, i tillegg til Shake rattle and roll. Og med det har han fortent sin, om enn litt underkommuniserte, posisjon som føregangsfigur i r&b’en sin tidlege fase. 

Stand by me

Ben E. King sin soulklassikar skiftar ham på litt same vis som som He’ll have to go gjorde, i nevane på Cooder og kompisen Flaco. Tippar nortena-trekkspel var rimeleg langt unna tankane til King då han skreiv den saman med Elvis sine stødige hitleverandørar Jerry Lieber og Mike Stoller. Først utgitt i 1961 av låtskrivaren sjølv.

Yellow roses

Cooder sin steelgitar sender oss strake vegen tilbake til Hawaii, sjølv om eine kåbbåystøvelen framleis trampar takten i ein honkytonk einkvan staden heime i sørstatane. Det er Ry Cooder sitt Amerika dette, vøttu, og der er vegen kort. Først gitt ut av Sam Nichols i 1952 denne, men sikkert ein større hit for Hank Snow i 1955.

Chloe

Me let eine foten bli i Hawaii, skiftar sko på den andre og flyttar han til Broadway. Show-musikk frå den store, amerikanske songboka her, i ein instrumentalversjon frå det store opne blå. Takk vera dei gjestande Hawaii-gitaristane Atta Isaacs og Gabby Pahinui. Chlo-e (song of the swamp) er skriven av Charles E. Daniels for kabareten Africana i 1927. Duke Ellington slepp sin instrumentalversjon saman med sitt Famous orchestra i 1940.

Goodnight, Irene

Så endar me der me byrja, hjå Lead Belly. John Lomax tar med seg opptakaren sin og vitjar han i fengsel i 1933. Der stammar dei mest kjende versa av denne hyppig covra songen frå. Sjølve grunnlaget strekker seg likevel tilbake til førre århundret igjen, sikkert på begge sider av Atlanten. Lomax sin innsats med å dokumentera den eigentlege americanaen skal det ikkje kranglast om, men om han med det har gjort seg fortent til co-writer-status her er no ein annan sak. Vel, vel. På tampen av denne mildt sagt mangslungne plata, befinn me oss samstundes på bygda i Mexico og i Angola, Louisiana State Penitentary, og i dét ligg vel eigentleg ei slags oppsummering.

Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:

Publisert 24. mars 2022.

Forrige
Forrige

Ry Cooder sitt Amerika: Show time

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika: Paradise and lunch