Ry Cooder sitt Amerika: Show time

Av Endre Olsen

Show time (1977)

Me uner oss nokre bonuslåtar i kjølvatnet av Chicken skin music, som no sjølvsagt ljomar ut av Fisk og fela-stoveglas over det ganske land. Her er ei plate til stappa med gåsehudmusikk (Chicken skin music er eit hawaiisk uttrykk for musikk som gir deg gåsehud), som gjerne kan spelast skulder til skulder med gårsdagens utvalte. Ry Cooder har tatt med seg Flaco Jimenez og nokre av tex mex-kollegaane hans ut på vegen, saman med ein gospeltrio med Bobby King i front. Saman er dei The Chicken Skin Revue.

Opptaka her er henta frå to kveldar på The Great American Music Hall i San Fransisco i desember ‘76. Låtane kjenner me att på kryss og tvers av gjennomgangen vår så langt, og dei får her naturlegvis eit større tex mex-preg, samstundes som kormennene får godt med boltreplass. Sistnemnde gjer særleg nydelege versjonar av Dark end of the street og Jesus on the mainline. Nokre nye tillegg til spelelista får me likevel, og dei skal me sjølvsagt ta med oss. Sa eg at dette er ei fantastisk live-plate?

School is out

Nei, me har ikkje gitt oss Alice Cooper i vold. Det skulle tatt seg ut. Denne er det Gary U.S. Bonds som står bak. Klassisk twistifisert rock n’ roll, som skapt for high school dances på tidleg sekstital. Bonds gir den ut i 1961, og Springsteen tek nok notat. Cooder sin versjon er det einaste studio-opptaket på plata.

Viva Seguin

Flaco Jimenez sin signatur ligg tjukk over denne plata. Han får opna side to med ein hyllest til far sin, Don Santiago Jimenez sr, som skreiv og gav ut denne polkaen saman med trioen sin, rundt tiårskiftet 40/50. Jimenez sr var nemleg sjølv ein legendarisk toradarspelar, slik min eigen far er det, blant oss som veit det.

Volver, Volver

Spelelista byrjar å dra seg til! Endå litt meir når me no slenger inn denne patosfylte marriachi-sviska, gjort kjend av Vincente Fernàndez i 1972.

Men kanskje er det Cooder sine Paris, Texas-kollega Harry Dean Stanton si framføring på tampen av livet, i filmen «Lucky» frå 2017, som er den aller flottaste versjonen?

Oppdatert speleliste, Ry Cooder sitt Amerika:

Forrige
Forrige

Ry Cooder sitt Amerika: Jazz

Neste
Neste

Ry Cooder sitt Amerika: Chicken skin music