Ry Cooder sitt Amerika

Av Endre Olsen

Dette er ikkje ein streit gjennomgang av katalogen til Ry Cooder. I staden tenkte eg å ta for meg karrieren hans, via songane han tolkar på platene sine og personane som skreiv dei. Så lenge eg gidd, då. Og slik tenkjer eg at eg i det minste vil enda opp med ei ganske kul speleliste.

Ry Cooder (1970)

Debuten er noko så sjeldan som ei overprodusert Ry Cooder-plate. Det kan me takka Van Dyke Parks for, og eit apparat som sikkert ikkje visste heilt kva dei skulle gjera ut av solokarrieren til den erfarne studiomusikaren. Låtmaterialet er folk og blues-basert, med ein og annan utstikkar til Tin Pan Alley.

Alimony

Blues-pianisten Tommy Tucker frå Ohio, gav ut den eine plata han er «kjend» for, Hi-heel sneekers, i 1964. Tittelsporet var ein slags hit, det same var låten Long tall shorty. Og dett var vel om lag dett. Fram til han dauga i 1982, 48 år gamal, etter å ha pådratt seg ei slags kjemikalie-forgifting då han pussa opp huset sitt. Kan det bli mindre rock n’roll? Kor Ry Cooder har funne Alimony må gudane veta, og det same spørsmålet kan ein stilla seg ofte i møte med repertoaret hans. Feit er den uansett i denne live-versjonen til låtskrivaren.

France Chance

Den relativt obskure delta-blues-songaren Mississippi Joe Callicott var først aktiv i sjangerens formative år på 20/30-talet. Opptaka som eksisterer på den absurde framtida sine strøymetenester er derimot gjort på sekstitalet, og er top notch for folk som meg, som likar å høyra ei aldrande sørstatsstemme med ein ihelslått akustisk gitar synga seg fri for sut og sorg.

One meat ball

Skriven av Tin Pan Alley-paret Louis C. Singer og Hy Zaret. Sistnemnde mest kjend for å ha skrive teksten til Righteous brothers-slageren Unchained melody. Først gjeve ut og gjort populær av Josh White i 1944. Ja, faktisk så populær at han vart den første millionseljaren gjeve ut av ein svart artist.

Do Re Mi

Den første av fleire Woody Guthrie-tolkingar i katalogen til Cooder, dette. Sosialrealisme frå depresjonstida. Ein enormt mykje større tekst enn det tittelen tilseier. Første gong gjeve ut på Guthrie si Dust bowl ballads frå 1940. Må forøvrig ikkje forvekslast med noko frå Jahn Teigen sin katalog.

My Old Kentucky Home (Turpentine & Dandelion Wine)

Den einaste songen frå ein samtidig låtskrivar, ja bokstaveleg tala; Randy Newman gir ut sin eigen versjon same året, på plata 12 songs. Først ut var Beau Brummels i 1967. Då hadde Newman enno ikkje debutert som artist, men var like fullt profesjonell låtskrivar.

How can a poor man stand such times and live?

Blind Alfred Reed spelar inn eit tjuetals låtar mellom 1927 og 29. Denne, hans mest kjende (særleg etter at Springsteen covrar han på sine Seeger-sessions), er blant dei siste han festar til tape, før han forsvinn inn i skuggesida av den offisielle musikkhistoria og svelt i hel i 1956. Og med det har me vel svaret på tittelen. Me møter på songane hans fleire gongar seinare i katalogen til Cooder.

Available space

Strålande slide work-out, skriven av Cooder sjølv.

Pigmeat

Ein annan gjengangar på repertoaret til Cooder er den notoriske fengselsfuglen Lead Belly (Alan og John Lomax; americana-versjonen av Asbjørnsen & Moe, oppdagar han på byrjinga av tredvetalet i fengselet Angola, Louisiana, der han sona for knivstikking. Då hadde han allereie sete inne for drap). Lead Belly spelar inn sin versjon av Pigmeat i 1947.

Police dog blues

Ragtime/blues-pickeren Blind Blake spela inn rundt 80 songar mellom 1926 og 1932, og frå dette fantastiske gitarspelet går det ei heilt klår og tydeleg linje fram til Cooder sin eigen måte å fingerplukka på. Så mykje meir er det ikkje å finna ut om denne mystiske Blind Blake. Me kjem tilbake til han også seinare i tråden.

Goin’ to Brownswille

Meir kjend er blues-songaren (og du slette tid som han syng!) Sleepy John Estes, som slepper sin versjon av denne, under tittelen The girl I love, she got long curly hair, i 1929. Nemnde eg at han syng heilt fantastisk? Soga seier at han allereie i ungdomen høyrdest så gamal ut, at blues-folkloristar ikkje gadd leita han opp ein gong. Dei gjekk ut i frå at han var daud for lenge sidan.

Dark is the night

Ja, mørk er natta, særleg om du er blues-musikar på midten av førre århundret, for då er du mest sannsynleg blind. Det spørst om blues-musikk eigentleg blir meir blendande magisk enn Blind Willie Johnson si originalinnspeling av denne, frå 1927. Og så den originaltittelen då; Dark was the night, cold was the ground. Fantastisk!

Her ligg sjølvsagt kjelda til Cooder sin fantastiske instrumentalmusikk til Paris, Texas. Mystisk, sorgfullt, vakkert.

Og med det har me så langt fått ei ganske kul speleliste: Ry Cooder sitt Amerika

Publisert 6. mars 2022.

Forrige
Forrige

Ry Cooder sitt Amerika: Into the purple valley

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #34