Johnny Cash – album for album #12

Av Endre Olsen

The Sound of Johnny Cash (Columbia, 1962)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Mannen i svart er seg sjølv lik, på dette stilfulle omslaget; svartledd, strigla og alvorstynga. "Seg sjølv lik", er òg sjølve hovudtanken då Johnny så smått byrjar planlegginga av albumet. Han vil attende til det rå uttrykket frå dei tidlege innspelingane på Sun records. Han spelar til og med inn nye versjonar av fleire gamle hits, som heldigvis ikkje finn vegen til det endelege resultatet. I kor stor grad Johnny i det heile evnar å halda på ein hovudtanke på denne tida kan nok diskuterast. Han er konstant på veg, han knaskar piller i eit bankande køyr og han er ein gift mann forelska i ei anna gift kvinne - ei kvinne der famnen aldri er lenger vekke enn eit par buss-sete, ein monitor eller ein hotellkorridor og nokre forsiktige bank på døra.

Det er som regel ein dårleg idé når artistar freistar gå attende i tid for å fanga lyden av det som var. Det er ei tid, ein plass og ein alder for alt. Her har dei enten gløymt ut korleis Johnny opphavleg høyrdest ut, eller så går dei vekk frå idéen i løpet av den stykkevise og uvanleg lange innspelingsperioden. Eg trur på det siste. Noko som betyr at plata står igjen nokså fri for konsept, og det er eigentleg like greitt. For plata er fin. den, utan å koma nær råskapen frå With his hot and blue guitar.

"The Sound of Johnny Cash" er lyden av dei trufaste, men vaksnare Perkins og Grant, i samspel med gjengarar som Floyd Cramer på piano og Buddy Harman på trommer. Lyden av Johnny Cash, er lyden av den Johnny me kjenner, lett prega av det livet han lever. Spel denne og The Fabulous Johnny Cash om kvarandre, og du vil sannsynlegvis legga merke til eit snev av pillerust som har irra seg fast på klangen i stemma hans (Johnny skulle eigentleg spela inn sitt første live-album i denne perioden. Carnegie hall var booka og alt var klart, då det heile måtte avlysast sidan Cash ikkje var i stand til å halda ein tone. Me gler oss til dei live-albuma som skal koma!). Ikkje at det gjer så mykje. Vår mann klarar seg som regel fint i møte med eit passande repertoar her; låtar plukka frå profesjonelle låtskrivarar - kjende og ukjende, i tillegg til to eigne (går det litt trått med skrivinga om dagen, Johnny? Lenge sidan dei eigne var i fleirtall).

Først er me attende i ørkenen og det som kjennest som ei vidarespinning på to av Johnny sine beste songar; Give my love to rose og Hank and Joe and meLost on the desert er ein kjapp vals, skriven av Dallas Frazier og Buddy Mize, som skapt for Johnny:

A burnin' hot sun, a cryin' for water, black wings circle the sky
Stumblin' and fallin', somebody's callin', you're lost on the desert to die

Sjølvsagt ikkje i nærleiken av dei to nemnde, men kor mange songar er vel det?

Så er me endå ein gong innom George Jones sitt repertoar, i tårepirkaren Accidentally on purpose (tittel!) som Jones hadde tatt til ein grei 16. plass nokre år før. Johnny gjer lurt i å jekka tempoet opp eit par hakk i høve originalen til kongen av country-frasering, som aldri har dårleg tid i balladane sine. Nydelege greier:

Hadde det ikkje vore for Jimmie Rodgers ville det vel vore ein god del mindre av Johnny Cash. Den syngjande bremsemannen, eit av Johnny sine største førebilete, får levera første og einaste singel frå plata; den strålande In the jailhouse now. Fin versjon her, i det som kanskje ligg tettast på clacketiclack-lyden frå midten av femtitalet, og ein låt som elles finst i uhorveleg mange versjonar. Frå Webb Pierce sin megahit i 54:

Til blågraset sin redningsfilm, vel førti år seinare:

Det første av tre magiske innslag på plata, får me i den første av tre Glaser brothers-låtar. Nemleg storebror Tompall (det er namnet sitt det!) sin Mr. Lonesome; ein heilt perfekt country-ballade der Johnny høyrest like einsam ut som tittelen tilseier. Gode Tompall skulle seinare bli ein del av det Texas-baserte outlaw-miljøet rundt Willie og Waylon, og bidrar mellom anna på denne millionselgande samleplata som evna å finna ein heim hjå publikum på tvers av sjangerbarrierane:

wanted.png

Tompall sin eigen versjon av Mr. Lonesome frå 1973, er outlaw country på sitt beste:

Det andre magiske innslaget på plata, er ein låt som Johnny Cash-fans av i dag (meg sjølv inkludert) nok kjenner best i den nakkehårreisande blottlagde versjonen som den lett aldrande Johnny gjer på den første American recordings-plata frå 1994. 

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Delia's gone er ein frykteleg song. Delia's gone er ein frykteleg god song. 

First time I shot her
I shot her in the side
Hard to watch her suffer
But with the second shot she died
Delia's gone, one more round 
Delia's gone

Det på grensa til lystige band-arrangementet den kjem i her, er milevis frå den seine og seige akustiske versjonen, men det er verknadsfullt som berre pokker. Den brutalt valdelege teksten får ein ny dimensjon då ein gjerne kan sjå for seg hovudpersonen med blod på hendene, tralla seg gjennom det fryktelege som ligg bak han.

Det tredje magiske innslaget, er ein annan song som òg skal få nytt liv, etter at Johnny sitt er over. Då i ein versjon som er så intenst vakker at det er plent umogleg å ikkje byrja å møsa når ein høyrer den. Eg høyrer den no. Eg møser.

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

I'm free from the chain gang now er ein slik slitesterk song som du kan hersa med så mykje du berre vil, utan å rokka ved nerva. Då Johnny syng den på dødsleiet, er han ein mann som har rista av seg lenkene og er klar for å døy. Når Johnny syng den som ei tredve år gamal småplaga country-stjerne er det med eit ønske om å rista av seg lenkene, så han kan få leva.

Dei to andre Glaser-låtane You won't have far to go og Let me down easy er fine. Det same er country-klassikaren I forgot more than you'll ever know (tittel! Igjen!): ein hit for mange, og kanskje mest i Skeeter Davis sin fantastiske versjon. Den må de gjerne høyra på, men her ønsker eg å slå eit slag for den (ikkje på langt nær så fortent som ein skulle trudd) ihelutskjelde Bob Dylan-plata Self portrait. Høyr kor fint han syng:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Johnny sine to eigne låtar er glimrande greier. Sing it pretty, Sue er ein av hans eigne favorittar. Ikkje heilt der oppe for min del. Då syns eg You remembered me er betre. 

I regret that I forgot
Cause you remembered me

Klassisk Johnny Cash-materiale, dette, og ein skulle berre ønska han hadde hatt det i seg å skriva eit par til når han først var i gang. Og kvifor ikkje sleppa til den fine singelen som vart sleppt ei tid i forkant; The Big Battle? Heller enn å via tid, energi og plass til ein umotivert versjon av Leadbelly sin Cotton fields? Det er det plenty med trubadurar langs vestlandskysten som skal få lov til å gjera i tiåra som kjem - underteikna inkludert.

Nei, la oss ikkje slutta av på slikt vemodig vis. La oss heller ta oss ein liten fest - for plata er god, den. Anbefalast! Her er nemleg oppfølgaren til singelen In the jailhouse now - jepp, du høyrer riktig; det er kjenningsmelodien til Bonanza, med tekst av vår mann (som me herved takkar for å utelata nettopp denne, frå den elles gode plata):

From Grand Ole Opry in 1962 (I can't remember the exact date, how horrible of me) Go to http://www.johnny-cash-infocenter.com/index.php?option=com_kunena&fun...

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 25. mars 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #13

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #11