Johnny Cash – album for album #13

Av Endre Olsen

All Aboard the Blue Train (Sun Records, 1962)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Kva skal me seia om dette, då? Ikkje så mykje kanskje. Endå ei Sun-samling som gir inntrykk av å følga opp eit studioalbum på Columbia;

Don Law gir ut Now, there was a song! - Sam Phillips gir ut Now here's Johnny Cash. 

Don Law gir ut Ride this train - Sam Phillips gir ut All aboard the blue train.

Skilnaden er sjølvsagt at Phillips og Sun sel eit spøkelse, medan Law og Columbia sel dei siste sprella.

Eit kjapt blikk på låtlista her, og me skjønar at me har vore gjennom det aller meste før; berre opningssporet Blue train får sin albumdebut her. 

Blue train
There you go
Train of love
Goodbye, little darlin'
I heard that lonesome whistle
Come in stranger
The Rock Island line
Give my love to Rose
Hey, Porter!
Folsom prison blues
The wreck of the old '97
So doggone lonesome

bluetrain.jpg

To ting skal likevel plata ha:

1) Den nemnde albumdebuten er strålande! Skriven av Billy Smith for/som Johnny Cash, og blant dei aller beste av desse skreddarsydde songane. Smith brukar det blå toget, omtrent som Cash brukar den store elva:

There's an engine at the station and the whistle calls my name
It's callin' callin' callin', come and get aboard the train
My baby's gone and I'm alone to live in misery
I'm gonna call and make a reservation for me
Gonna ride a blue train, gonna ride a blue train

2) Dette er den beste og mest gjennomtenkte låtlista på Sun Records sidan debutplata. At Phillips har fått det for seg at han skal følga opp Columbia sitt konseptalbum Ride this train, gjer sjølvsagt at han må legga seg i selen for å velja ut låtar med eit visst slektskap (noko som har vore mangelvare på dei førre utgjevingane). Her går det med andre ord mykje i tog - både i direkte- og overført tyding, og som rammeverk for tematikken elles.

Dei rasar forbi utanfor fengselscella di, dei stikk av med dama di, dei bringer dama di attende, dei tek deg vekk frå og attende til heimplassen din, dei varslar om fridom og død, kjærleik og sakn, rastløyse, rotløyse og rock n' roll.

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 26. mars 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #14

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #12