Johnny Cash – album for album #14

Av Endre Olsen

Blood, sweat and tears (Columbia, 1963)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Johnny Cash 1963 - ein mann skvist mellom eigne drifter, laster og ambisjonar og dei andre sine krav og forventingar. Med eit dalande platesal masar Columbia etter hits - Johnny er ferdig med hits og vil laga heilstøypte album. Heime sit kona Vivian i eit uavklart ekteskap - ute på vegen, saman med June Carter, midt i ein ring av flammande eld, unngår Johnny konfrontasjonen. Avlyste spelejobbar og studioøkter, manglande stemme og kjøt på beina, avslører alt som Johnny freistar å skjula. Don Law kjempar for artisten sin mot sitt eige plateselskap, som meiner tida er inne for å sleppa junkien tilbake på gata. Johnny er uansett ein populær artist som korkje har problem med å selja ut Hollywood bowl eller setja namnet sitt over denne imponerande gjengen:

johnnyposter.jpg

Det er mot dette fillete bakteppet at Johnny går i gang med sitt neste ambisiøse plateprosjekt; eit konseptalbum inspirert av folklåten og folklore-helten John Henry, og oppkalla etter Winston Churchill sine optimistiske ord til folket, då han vart statsminister i 1940:

 “I have nothing to offer but bloodtoiltears and sweat.” 

Her snakkar me verkeleg Songs of our soil. Og med eitt plata byrjar å snurra, er det tydeleg at me ikkje har med ei typisk countryplate anno 1963 (eller i det heile tatt, for den saks skuld) å gjera. Rytmen til ei steinhakke og Johnny si taktfaste pesing/grynting hakkar i gang ein åtte og eit halvt minutt lang omskriven versjon av den tradisjonelle balladen John Henry - her kalla The Legend of John Henry's hammer. Ein spenstig idé og eit forunderleg stykke studioarbeid: dels radioteater med lydeffektar, små replikkar, utbrudd (CAN YOU SWING A HAMMER BOY?! NOW AIN'T YOU SOMETHING?!") og call/response, dels klassisk bomchiccabom-driven Johnny Cash-country, og det heile stoppar og startar og hakkar seg avgarde inn og ut av toneartar og arrangement; frå Luther Perkins sitt umiskjennelege gitarspel brutalt over i banjodrive fjellkomp og tilbake igjen før Carter Family sine harmoniar leiar oss vart og trygt i hamn. Ikkje enormt elegant sett saman kanskje; ambisjonane sprenger mange av moglegheitene her, men rimeleg diggbart spør du meg. Og det skulle vera unødvendig å stilla spørsmålet: kva annan country artist ville funne på dette (i 1963)?

Så korleis var det eigentleg å spela inn dette her då, bassist Marshall Grant?

“John wasn’t in very good shape when we recorded ‘John Henry’s Hammer,’ And I can still see him getting down on his hands and knees on the floor with his microphone, clanging those two pieces of steel together as he growled out the lyrics to the song.”

Akkurat.

Steve Earle sin siste singel, er forøvrig ein fin Johnny-inspirert kortversjon av det same tradisjonelle grunnlaget:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Steinhakka blir med oss vidare i neste låt; den rufsete og bluesete Tell him I'm gone, skriven av Johnny. Bob Johnston på akustisk gitar jammar seg gjennom låten langt framme i lydbilete, Johnny er rusten og faenivoldsk, det skranglar og hanglar over heile linja og det er ganske så fornøyeleg!

Og medan hit-hungrige Columbia er i ferd med å riva av seg håret gir me mikrofonen til Johnny og Anita Carter (søstera til June) og ein a capella-versjon av negro spiritualen (brukar me dette omgrepet enno? På førehand unnskuld) Another man done gone. om lag slik Alan Lomax høyrde den då han på si Asbjørnsen & Moe-ferd over kontinentet kom over Vera Hall i Alabama i 1940:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Ein song som Johnny hadde voldsom tru på var hotshot-låtskrivar Harlan Howard sin Busted. Fantastisk song, fantastisk levert - sparsommeleg, med einkvan i Carter Family si autoharpe som einaste tillegg til det vanlege kompet. Singel vart det òg av den, utan at den frigjorde Johnny frå gnålet til Columbia (#13 på Billboard si country-liste). Songen møter me fleire gongar seinare i karrieren; frå San Quentin til American recordings. Sjå kor dei kosar seg, den usannsynlege men heilt opplagte duoen Johnny Cash og Ray Charles:

Ei einsam togfløyte (høyrt om det fenomenet før, i denne følgjetongen?) sparkar i gang den tradisjonelle folkballaden Casey Jones. Akustisk tonearthoppande folklandskap her, med banjodriv, vispetromming, Carter Family-koring bak Johnny si stødige formidling av om lag same tragiske historien som Wreck of the ol' 97. Eg elskar dette her!

Sju år seinare skulle syrerockarane i Grateful dead ta opp arven etter Blood, sweat and tears med Workingman's dead og ein strålande versjon historien om denne uheldige typen:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Så skal me over til Johnny sitt førebilete Merle Travis og ein favorittlåt her i huset; Nine Pound Hammer. Fingerpicking som seg hør og bør på ein Travis-låt og fine banjoruller her i ein avslappa slentrande versjon som har senka tempoet ein del i høve korleis den vanlegvis vert framført. Det gjer seg godt. Jyplingane i Nitty gritty dirt band og bautaen Travis her i ein fonøyeleg versjon (Johnny er blant bautagjestene på Volume 2 frå 1989):

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Me held oss i det slentrande og tragiske hjørnet når me er tilbake hjå Harlan Howard, og helser på lenkegjengen som heller skulle ønska at dei dingla, i Chain gang (ikkje same låt som Sam Cooke-hiten). Gode greier.

Jimmie Rodgers og toga hans er ein annan kjenning i tråden her. Fin versjon av Waiting on a train, før me er ved vegs ende allereie i neste og niande låt (første låten la trass alt beslag på tre), Sheb Wooley sin Roughneck. Fantastiske greier dette òg, som i refrenget oppsummerer denne plata rimeleg greit:

Born to be a roughneck I'll never amount to nothin' 
Pullin' case and layin' pipe is hard labor 

Som du kanskje har skjøna; eg diggar denne plata. Den oppsummerer for meg kva som til dømes bør ligga i eit slikt omgrep som nordmenn elska å strø om seg med på midten av nittitalet: roots. Folklandskapet med akustiske fingerplukkande gitarar, banjoar, autoharper og sjølve definisjonen på amerikansk folk, Carter Family, kler tematikken og hovudpersonen som ei skjeten hand i ein holete arbeidshanske. At det rustar og skranglar og klinger i stål, gjer det same. Og signe deg Johnny, for di totale kompromissløyse!

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 7. april 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #15

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #13