Johnny Cash – album for album #16
Av Endre Olsen
The Carter Family with special guest Johnny Cash: Keep on the sunny side (Columbia 1964)
I tillegg til det glimrande konseptalbumet Blood, sweat and tears og nyvunnen suksess med Ring of fire, baud det herrens år 1963 på Johnny Cash si første juleplate; The Christmas spirit. Den får me koma tilbake til når det lakkar og lir - noko seier meg at det framleis er liv i denne gjennomgangen då.
Om han flyr aldri så høgt på crossover-suksessen sin, sit han med denne utgjevinga likevel i passasjersetet. Her buldrar det langt nede i bassmørkret på korbaserte refreng, stundom i "response" til familien sitt "call", og innimellom bak rattet på enkelte vers. På nokre songar er han heilt eller så godt som taus. Liten tvil om at dette først og fremst er ei Carter Family-plate. Ikkje for dét, repertoaret her kunne like gjerne vore henta frå Johnny sin katalog: mordarballadar, country-gospel og såre kjærleiksballadar om kvarandre - dei fleste tidlegare utgjeve av den klassiske besetninga til familien: ekteparet A.P. og Sara, med svigerinna (Mother) Maybelle.
Den utgåva me møter her, og elles på fleire av Johnny sine plater og turnear, består av Maybelle Carter og døtrene Helena, Anita og June. Liten tvil om kven si plate det er altså, men òg liten tvil om kven som har mest å vinna på den. Carter Family var ein institusjon, men langt frå ein albumutgjevande og -seljande slik ein på denne tida. Eg trur me skal gi Johnny æra for at plata eksisterer, og eg trur ikkje me skal tvila på intensjonen hans: å gi tilbake æra til dei som i stor grad fortente den. Kva ville country-musikken vore utan dei?
Frå Johnny si side kan me vel kalla dette eit overskotsprosjekt, sjølv om ein kan lura på om det i det heile tatt var overskot igjen. Stemma hans her kan stundom vitna om det motsatte; rusten, skjelvande og endå mørkare enn før. Men ein fin kontrast til damene; den framtidige kona, svigerinnene og svigermora.
Plata er nydeleg fin, den! Sjølv om Johnny fungerer meir som gallionsfigur enn berande brikke. Eit par nesten fullverdige bidrag har han, og tydelegast signatur i den valdelege sviska The banks of the Ohio. Fine greier:
I took her by her golden curls
And drug her down to the river-side
And there I threw her in to drown
And watched her as she floated down
Avslutningssporet, Woody Guthrie sin fine When the roses bloom again, kviler godt i stemmebånda hans. Det gjer den òg i Jeff Tweedy sin nye melodiøse ham femti år seinare:
I det heile tatt er det sjølvsagt ingenting å utsetja på låtmaterialet her. Det aller finaste som skjer, er forøvrig når Mother Maybelle lar alle andre enn døtrene sine få ein pause, og framfører ein rørande nedstrippa og -senka versjon av signaturlåten deira; Will the circle be unbroken. Kun boren av det levde livet i stemma hennar, søskenharmoniane og det umiskjennelege og ein gong banebrytande gitarspelet hennar - her demonstrert av den fine nye country-artisten Courtney Marie Andrews:
Lydbiletet er ein fryd, i all sin enkle akustiske folkbaserte prakt: akustiske gitarar, autoharper, banjoar og kontrabass bygger opp under søstrene sine tette harmoniar rundt Maybelle og Johnny sine stundom vaklande stemmer. Om ikkje nett ei fullverdig Johnny Cash-plate, så i det minste ei han ikkje treng å skjemmast over å ha namnet sitt på. Tvert om. Ei høvande opning på året då Johnny verkeleg skulle gi seg folken i vold er det òg: i 1964 vert han kompis med Dylan, opptrer på Newport folk festival og spelar inn fleire songar av sin nye ven. Meir om det seinare.
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 27. april 2020.