Johnny Cash – album for album #17

Av Endre Olsen

I walk the line (Columbia, 1964)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Her kjem ei plate som er spekka med strålande songar. Ikkje eit einaste daudpunkt. Over halvparten skrivne av Johnny sjølv. Gjennomført og bra produksjon – Johnny Cash slik Johnny Cash let best. Wow! Så då skulle det berre vera å bestenotera denne så langt i gjennomgangen, eller? Vel, eitt openlyst ankepunkt er det jo: ein har høyrt det meste før.

Columbia er sprekkeferdige etter å få ut ei ny Cash-plate i kjølvatnet av Ring of fire-suksessen året før. Johnny er ikkje klar; korkje nye songar eller nytt konsept. Løysinga vert å hasta seg gjennom nokre nye innspelingar av gamle hits (nye fans har kome til sidan sist, som moglegvis ikkje har funne gullgruva enno) i tillegg til fire songar som ikkje før har vore utgitt.

Ingen av dei gamle songane gjennomgår banebrytande endringar. Folsom prison bluesHey Porter og Big River er mest like seg sjølve. I walk the line og Give my love to Rose får eit spark bak tempomessig, ikkje nødvendigvis til det betre. Wreck of the old 97 og Goodbye, little darlin’, goodbye tener på Norman Blake sitt fine dobro-spel. Han er i det heile tatt eit kjærkome tilskot til besetninga på denne plata og skulle bli ståande ved Cash si side, litt til og frå, dei neste tredve åra. Å følgja Blake si karriere som studiomusikar er å følgja den amerikanske kulturarven som den vert sunge og spela fram i real time: frå Bill Monroe, via Johnny Cash, Bob Dylan si Nashville skyline, Nitty Gritty Dirt Band si Will the circle be unbroken, Kristofferson og Baez for å nemna nokre, og til hans eigne nydeleg soloplater frå syttitalet og utover.

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

I still miss someone tar ikkje skade av å få tempoet senka og tromminga halvert. Den har no helst alltid høyrt ut som ein ballade.

Av dei nye songane er John D. Loudermilk sin faenivoldske Bad news først ut, framført midt i det som høyrest ut som ein fyllefest i studio, av ein rufsete, lattermild og snøftande Johnny. Ny rekord i bassregister på refrenget der og? Hysterisk, men samstundes uimotståeleg, spør du meg. Loudermilk er elles kjent for å ha skrive den ihel-covra Tobacco Road. Og elles skal det godt gjerast å koma opp med ein betre tittel på ei songsamling, enn den me finn hans eigen versjon av Bad news på: John D. Loudermilk sings a bizarre collection of most unusual songs, frå 1966.

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Året før hadde Dylan gitt ut andre plata si The freewheelin’ Bob Dylan, som Johnny sette svært høgt. Seinare i 64 skulle dei møtast på Newport folk festival og dei neste førti åra forbli vener og gjensidige beundrarar av kvarandre. Understand your man; Johnny sin einaste nye eigenskrivne song her, er praktisk tala Dylan sin Don’t think twice it’s alright med ny og ein god del mindre fintfølande tekst. Ein praksis Dylan notorisk nyttar seg av sjølv, så ingenting å seia på det. Ingenting å seia på songen i seg sjølv heller, trass i noko krampaktig gjenbruk av marriachi-trompetane frå Ring of fire. Førti år seinare skulle den bli den aller siste han nokon gong framførte på ein scene (snufs):

Ein av Johnny sine favorittar og trufaste låtleverandørar Harlan Howard leverer denne gong den strålande Still in town.

I've packed my things a dozen times but unpack is all I do
Yes I'm still in town, still around, and still in love with you

Det er slik ein skriv country-refreng, folkens. Og det er slik ein spelar horehuspiano.

Til å avslutta plata vel han komande svigermor Maybelle Carter si såre salme Troublesome waters. Og makan til avslutning! Ein heilt fantastisk song, strålande levert av Johnny i samklang med låtskrivaren og døtrene og nydelege bidrag frå Blake på det som høyrest ut som ein bousouki. Fint ja, men faktisk overgått av familien sjølv same året. Musikk å gå i grava til:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Fire nye flotte bidrag til repertoaret her altså, og elles noko unødvendige om ikkje øydeleggjande nyinnspelingar, av for lengst klassiske songar.

Avslutningsvis noterer me oss at ein av songane frå same innspelingsøkt er Peter La Farge sin Ballad of Ira Hayes; om uretten indianaren Hayes møtte etter at han kom attende frå flaggreisinga på Iwo Jima. Og med det er me allereie godt i gang med neste album i gjennomgangen. Det er berre å gle seg!

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 3. mai 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #18

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #16