Johnny Cash – album for album #18

Av Endre Olsen

Bitter Tears: Johnny Cash Sings Ballads Of The American Indian (Columbia, 1964)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

As long as the grass shall grow and the river flow. Slik signerer dei amerikanske styresmaktene avtalane dei inngår med den amerikanske urbefolkninga, etter kvart som stålhestane deira forsyner seg grovt av landet til sistnemnde. What's an Indian anyhow? Slik bryt dei kvar einaste ein av dei. Det er til å grina bitre tårer av. Les den tragiske boka Bury my heart at Wounded Knee av Dee Brown og prøv å ikkje gjera nettopp det. Bitter tears er praktisk tala albumversjonen av nemnde bok, og kjem den seks år i forkjøpet.

dee+brown.jpg

I kraft av sitt eige konsept er denne plata det mest kompromisslause kunstnariske valet så langt i denne uvanleg kompromisslause karriera. Vel var det i vinden å vera samfunnskritisk i 1964. Men den folkrøyrsla som på Newport folk festival same år tar imot Johnny som sin eigen, er i hovudsak oppteken av andre urettar enn dei som urbefolkninga hadde lidd under i århundrer. Johnny, ein cowboy i Geronimo-drakt, tar saken. Tygg på den, Columbia! For n'te gong: kva annan country-artist?

Johnny brukte gjerne mikrofonen sin til å snakka dei stemmelause sin sak. Vel så ofte ser me han bruka scenelyset sitt til å lysa opp kollegaer som treng og fortenar det (noko som blir endå meir verknadsfullt når han fem år seinare får sitt eige tv-show). På Bitter tears viar han over halve plata (5/8) til songar av den relativt obskure Greenwich village-omstreifaren Peter La Farge. Dei to møttest eit par år før på den legendariske konsertstaden The Gaslight, der Dylan skapte seg sjølv i same periode. Då hadde allereie Lafarge sin Ballad of Ira Hayes kome Johnny i hende via deira felles plateselskap, og Dylan hadde rukke å leggja til As long as the grass shall grow i repertoaret sitt.

Kompromissløyse, ei stemme for dei stumme, historisk samvit, evne og vilje til å løfta fram samtidige kollegaer - sleng på eit par gode eigne bidrag og ei formidlingsevne det gneistrar av, og dette står snart fram som ei ultimat Johnny Cash-plate.

Alvoret frå omslaget ligg tjukt over uttrykket frå første folkbaserte tonane. Ein einsleg akustisk gitar, kontrabass og litt beskjeden perkusjon er det einaste som trengst for å driva opningslåten As long as the grass shall grow. Sant å seia er det ikkje mykje meir som skal til på resten av plata heller. Idet Johnny byrjar å syngja er det som om harmen over alle dei brotne løfta får høgtalarane til å dirra litt ekstra. Han høyrest heilt fantastisk ut her; i call and response med Carter Family på refrenga og foraktfult forteljande på versa. 

George Washington signerer avtalen med Seneca-indianarane, John F. Kennedy bryt den med eit skuldertrekk og byggjer Kinzua-demninga, som øydeleggjer det som skulle vera indianarland så lenge graset måtte gro. "Are you thirsty?" spør og forbannar Johnny den kvite mann, før han løftar siste refrenget inn i det sjette minuttet så frysningane herjar med lyttaren.

Her er Johnny, full i amfetamin-spasmar, inne i varmen hjå den nemnde folkrøyrsla:

Mot slutten av livet skriv han om teksten og let den bli ein personleg hyllest til kjærleiken mellom han og June. Den Rick Rubin-produserte duetten mellom dei to skulle bli siste gong ein høyrde stemmene deira saman på plate. Meir eit rørande faktum enn ein nødvendig versjon, men la gå:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

I Johnny sin eigen Apache tears, er den akustiske gitaren bytt ut med det som høyrest ut som ein dulcimer - antakeleg spela av Norman Blake. Ein strålande song dette her! Johnny har såvisst grepet om pennen intakt, sjølv om det støtt går lenger mellom kvar gong han grip den. Enormt inspirert vokalformidling, i eit enkelt og effektivt musikalsk arrangement, med det eg vil tru er stemma til Anita Carter lyst kretsande kring hovudpersonen, som ei sørgjande apache-sjel på veg til himmels. Vakkert! 

Tilbake til La Farge og den velkjende lyden av Luther Perkins sin bomchikkabom i den sarkastiske Custer; om den overmotige offiseren som til slutt får smaka sin eigen medisin, i møte med Sitting Bull (som freista forhandla fred, for døve øyre) og Crazy Horse ved Little Bighorn. Men, som teksten seier, "It's not called an Indian victory but a bloody massacre". Songen forsyner plata med litt kjærkomen fart og svart humor; Johnny sjølv frydar seg såpass at han bryt ut i latter fleire plassar. Låten høyrer kanskje endå meir heime hjå indianskætta Buffy Saint Marie som òg legg den til repertoaret sitt. Her er dei saman på The Johnny Cash show nokre år seinare:

Johnny sin Talking leaves fortel historia om Cherokee-indianaren Sequioa. I løpet av ni spoken word-vers går han frå å undra seg over dei kvite arka som flaksar over den ferske slagmarka "...with such strange marks upon these squares, not even the wise owl could put them there", til å utvikla det første indianske skriftspråket. Det er neppe tilfeldig når Johnny lar Sequioa hogga teikna sine i stein, medan den kvite mann sine flaksar i veg som kvite blad i vinden. Stødig resitert av Johnny, oppå Carter Family sine vakre harmoniar.

Sentralt plassert på albumet er songen som både er hjarta og opphavet til prosjektet; The Ballad of Ira Hayes. La Farge si hjarterå forteljing om lagnaden til Pima-indianaren Ira Hayes, skulle med rette bli ein av Cash sine mest ikoniske innspelingar. Ira Hayes var ein av dei seks som reiste det amerikanske flagget på Iwo Jima i 1945, berre for å drukna i ei grøft - alkoholisert og gløymd, ti år seinare. Ja, det er til å grina bitre tårer av. Og når Johnny nærmar seg slutten på songen, høyrest det verkeleg ut som han ikkje orkar meir:

Yeah, call him drunken Ira Hayes, snakkesyng han, før intensiteten i stemma dreg seg til:
But his land is just as dry
And his ghost is lying thirsty (
spyttar ordet)
In the ditch where - kort opphald for å samla krefter - Ira died (stemma held akkurat)

DET ER SÅ BRA!

flagg.jpg

Korleis følgjer ein opp slik ein mørk maktdemonstrasjonen, mon? Med meir glimrande greier vel! La Farge sin Drums; om assimileringspolitikk i all si meiningsløyse, er hakket lystigare musikalsk om ikkje tekstleg. Full av treffsikre setningar som hoppar ut av heilskapen for å stråla på eiga hand;

"And I come when they call Billy though I've got an Indian name"

"In five hundred years of fighting not one Indian turned white"

"In our losing we found proudness in your winning you found shame"

Siste bidraget frå La Farge, White girl, er det som musikalsk minner mest om Cash slik me kjenner han frå hine hårde, komplett med klassisk Perkins-intro, bomchikkabom-driv og toneartskifte halvvegs. Teksten er ei ulukkeleg kjærleikshistorie om håplaus kjærleik på tvers av hudfarge. Bra låt og leveranse, sjølv om det tekstlege nok veg litt lett mot den historiske tyngda i resten albumet.

Til å avslutta albumet låner Johnny ein song av sin gamle kompis Johnny Horton. The Vanishing Race vart spela inn av Horton éin månad før han omkom i ei bilulukke, 35 år gamal og på høgda av karriera si. I Cash sine hender er songen nesten ugjenkjenneleg; han riv og røskar i rekkefølge og form og kvittar seg med det rullande countrykompet til fordel for ei enkel tromme og ein knapt høyrbar akustisk gitar. Då står me i hovudsak att med nerva i Johnny Cash si stemme, som seg hør og bør. Dette har vore hans plate mest av alt, om den enn har vore aldri så mykje urbefolkninga og Peter La Farge si.

Når historia om Johnny Cash skal forteljast, som den jo veldig ofte skal, er det som regel piller, June og fengsel som oppsummerer sekstitalet. Denne plata (og fleire av dei førre og neste) fortel ei like sann, om ikkje like salbar historie: den om ein hyperfokusert artist med evne til å skapa kunst som sprenger seg ut av dei rammene den har fått tredd over seg. Dette er ei slik plate. Og den er strålande.

Det er forresten òg hyllestplata (meir enn ein vanlegvis kan seia om slike) Joe Henry stod i bresjen for på femtiårsjubileet i 2014; Look again to the wind - Johnny Cash's Bitter Tears Revisited. Her finn ein både Gillian Welch, David Rawlings og sjølvaste Norman Blake, som spela på originalen, i husbandet. 

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 30. mai 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #19

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #17