Johnny Cash – album for album #19

Av Endre Olsen

Orange blossom special (Columbia, 1965)

Orange Blossom Special, an album by Johnny Cash on Spotify

Om den var aldri så heiderleg intendert og glimrande gjennomført, var Bitter tears likevel ein kommersiell flopp. Bombe! Og slik går samarbeidet med Columbia sin gang; Johnny får laga ein floppande kunstnerisk suksess og plateselskapet krever ein lettbeint kommersiell éin tilbake. Ein vinnar på konsertane hans i denne perioden var den gamle «vis meg kor fort du kan spela på fela di, blågrasgut!»-låten Orange blossom special. Show-mannen Johnny Cash gjorde mykje ut av seg på scenen med denne; improviserte liksom-dialogar mellom versa og stadige byte av munnspel i ulike toneartar. Publikum elska det, og Columbia visste kva låt som måtte bli utgangspunktet for neste plateprosjekt. Og med dette får me ei plate utan det heilt store bakanforliggjande konseptet, men som likevel pleier dei nyknytta bånda til folkrøyrsla ved å inkludera tre Dylan-covers. Noko som framleis var uvanleg blant country-artistar.

Tittellåten er klassisk Cash-materiale, og litt av ein signaturlåt for han vidare i karriera; særleg etter versjonen på Live at Folsom Prison. Han byte bort fela, fekk munnspela til Charlie McCoy igjen. Og om den er aldri så typisk for artisten, med sitt bomchikkabom-driv og togtematikk, er den likevel uvanleg i kraft av å inneha eit av ytterst få saksofon-innslag i katalogen hans. Ihelspela og småfjasete, men festleg nok. Opprinneleg mykje brukt som instrumentalt strengegnukkemateriale i bluegrassmiljø denne, noko vår eigen Øystein Sunde veit å nytta seg av:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Frå fest på lokkalet, til sørgemarsj på kyrkjegarden i fantastiske Long black veil. Eit dempa akustisk uttrykk med Carter-harmoniar på omkveda, ber fram den mørke historia om forteljaren som heller tek ein ufortent dødsdom enn å avsløra alibiet sitt; «I had been in the arms of my best friends wife». Ein song som finst i utalege innspelingar, frå den første med Lefty Frizzel til jyplingar som David Gray og Richard Hawley i vårt eige århundre. Om berre halvparten hadde nærma seg nivået me høyrer her! Eller The Band sitt for den del:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Av sin nye ven Dylan, låner Johnny It ain’t me babeDon’t think twice it’s allright og den på dette tidspunktet ikkje-utgjevne Mama you been on my mind. Av desse er det den første som kjem i mest skreddarsydd versjon; så vart den òg ein hit og ein følgesven vidare. Dette er vel første gong ein høyrer Johnny og June (som framleis var gifte på kvar sitt hald) i duett på plate. Sjølv om kanskje marriachi-trompetane er å pøsa i overkant på, er dette sjølvsagt klassiske greier.

Den andre har me så godt som vore gjennom før, i Johnny sin eigne Understand your manDon’t think twice er ein betre låt, og versjonen her er grei skuring. Fritt for unødvendig dill (som dei evinnelege marriachi-trompetane på Understand your man).

Den tredje er på god veg til å bli ein flott versjon, men skjemmast av danseband-saksofonen som kjem trampande inn, som oksen i porselensjappa. Dessutan verkar det som Johnny framleis famlar seg litt fram, etter den i utgangspunktet litt vage melodien. Dylan sjølv spela inn songen blant dei songane som skulle utgjera Another side of Bob Dylan, men venta heilt til den første samlinga i Bootleg-serien frå 1991 med å gi den ut. I mellomtida var det mange andre som gjorde nettopp det. Denne fine demoen til George Harrison er kanskje ikkje blant dei mest spela?

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Johnny leverer to låtar frå eigen penn denne gong, og dei er strålande. På You wild Colorado, er han kun er akkompagnert av sin eigen akustiske gitar. Er det første gong ein høyrer slikt i katalogen hans? Eg trur det. Eit frampeik mot det som skulle bli redninga på nittitalet her altså.

All of God’s children ain’t free er eit humanistisk vitnesbyrd og eit anna frampeik; mot signaturlåten Man in black seks år seinare:

I'd sing along too a silly song but all God's children ain't free
I'm gonna sing the blues for the men they done wrong
'Cause all God's children ain't free

Elles er det fleire kjenningar på låtskrivarsida her. Harlan Howard leverer fengselssongen The Wall, som er ein slik låt Johnny er fødd til å synga. Om fangen som tilbringer dagane sine med å stira på den forhatte muren, før han ein dag trassar voktaren sin peikefinger: 

 «(...) son don't try, I'd hate to see you fall». 

Det går som det må:

The newspapers called it a jailbreak plan
But I know it was suicide

Denne òg får sin sjølvsagte plass på settlista i Folsom-fengselet nokre år seinare. 

Den avlidne kompisen Johnny Horton har skrive den andre duetten mellom dei to ikkje-så-veldig-hemmeleg-elskande-lenger, med den glimrande tittelen When it’s springtime in Alaska (it’s forty below). Her syng dei nok eingong om å elska kona til ein annan, gitt. Tru om han ikkje kjende litt på det då han song siste orda her:

«When it’s springtime in Alaska, I’ll be six feet below» berre for å få June til å konstatera at, jada, he’ll be six feet below.

Låtskrivaren Horton har kledd seg for vêret her. Kor sel ein slike jakkar for tida?

Då gjenstår ein unødvendig versjon av den irske sviska Danny boy (finare den versjonen han gjer mot slutten av karriera), ein heilt grei slentrande versjon av Carter Family sin heilt fantastiske Wildwood flower, og det obligatoriske gospel-innslaget i avsluttande Amen.

At denne plata sluttar med hysterisk call and response og utagerande honky tonk-piano, som er fraværande på resten av plata, oppsummerer eigentleg prosjektet greit. Dette er ei plate utan den heilt store planen, og nett dét er vel litt av styrken òg. For plata er bra den! Uanstrengt og variert (for ikkje å sei litt variabel), med litt av alt som høyrer heime i Cash sitt virke.

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 21. juni 2020.

 

 

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #20

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #18