Johnny Cash – album for album #20

Av Endre Olsen

Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West (Columbia, 1965)

Listen to Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West on Spotify. Johnny Cash · Album · 1965 · 26 songs.

Det har gått mindre enn eitt år sidan førre konseptplate, i mellomtida har vår mann rukke å gi ut ei vanleg studioplate av høg kvalitet, før han no byr på neste konsept i form av eit dobbeltalbum (eitt år før «rockens første dobbeltalbum»; Blonde on blonde). Dette er ikkje noko mindre enn ein superheltbragd, når ein les om den totalt sjølvdestruktive livsførselen hans elles på denne tida! 

Produsent Don Law føreslår for Johnny at han burde laga ei plate om den ville vesten (det næraste eg kjem ei grei omsetjing av omgrepet - det passar uansett greitt til karakterane som befolkar plata). Cash let seg ikkje be to gongar, all den tid dette er eit av hans favorittemne, og brått står han klar med 20 innspela låtar sydd saman av fleire spoken word-introduksjonar. Columbia må ha tenkt at det endeleg hadde rabla fullstendig for han; Johnny må ha minna dei på kva for vilkår som låg til grunn for signeringa i utgangspunktet.

I samråd med sin gode ven og country & western-ekspert Tex Ritter, kjem han fram til eit repertoar henta frå kjelder me etter kvart kjenner godt i denne tråden. Også tematisk og geografisk kjenner me oss att: blant legendariske stadsnamn i eit nådelaust Amerika frå ei svunnen tid, er indianarane igjen på plass, cowboyane òg – ikkje minste dei lovlause hardhausane, nybyggjarar, soldatar, gud og djevelen. Og utan unntak endar det i død og forderving. 

I kjend stil let Johnny dei innfødde få opna plata. Spoken word-låten (ein av mange) Hiawatha’s vision, byr på ei bekmørk openberring, og teiknar med det opp landskapet me skal befinna oss i den neste timen:

 «And the men with bearded faces, the men with skin so fair
With their barking sticks of thunder drove the remnants of our people
Farther westward, westward, westward then wild wild and wilder
Grew the west that once was ours”

Meir spoken word og indianartematikk i June Carter sin The road to Kaintuck, men meir av ein låt dette. Mother Maybelle bytar autoharpa frå opningssporet mot Bob Johnson sitt fine clawhammer-driv i banjoen, og trekker seg bak i koret med døtrene sine. Johnson er i det heile ein nøkkelspelar på plata, med eit arsenal av tradisjonelle instrument som gir plata mykje av variasjonen og autensiteten den treng, lengda og tematikken tatt i betraktning. Songen dukkar opp igjen som duett mellom Johnny og June, på hennar siste og posthumt utgjevne soloalbum Wildwood flower nesten førti år seinare:

Listen to Road to Kaintuck on Spotify. June Carter Cash · Song · 2003.

Det skulle vel vera unødvendig å presisera at plata er i lengste laget (Columbia gir då òg ut ein forkorta versjon, kalla «Mean as hell», litt seinare). Først ut i ei hypotetisk korrekturlytting kunne godt vore den gamle sviska The shifting, whispering sands, som her kjem i to delar. Komplett med malplasserte countrypolitan-strykarar og -kor, som snytt ut av nasen på Jim Reeves (jada, han spelar den inn fire år i forvegen).

Første «ahh, yes!»-augeblink kjem i Carl Perkins sin valseversjon av plottet til klassikaren (?) Tombstone; The ballad of boot hill. Her er òg første av få spor etter fenderen til Luther Perkins denne gong. Klassisk western-låt, som skapt for Cash (noko den sikkert var).

Dei nemnde kor- og strykinnslaga er attende i klassikaren I ride an old paint, men får sterk konkurranse i det jordbundne folk-kompet og Johnny si uanstrengte vokalformidling. Paint er altså ein hesterase om nokon skulle lura, og om den handlar aldri så mykje om hest denne songen, handlar den uansett mest om (jepp) død og forderving. Flott framføring av ein flott låt, som elles finst i utalege innspelingar. Ein skikkeleg fin ein finst på andre plata til Loudon:

Listen to Old Paint on Spotify. Loudon Wainwright III · Song · 1971.

Låtskrivaren Johnny Cash står ikkje tilbake for nokre av dei andre involverte her, med sin strålande versjon av myten om John Wesley Hardin. Hardin wouldn’t run er nedstrippa til beinet: kun ikledd ein akustisk tolvstrengsgitar og ein ny toneart for kvart nye vers (eit typisk Cash-verkemiddel, heilt sidan første gong med I walk the line på debutplata). Frå Hardin sitt første pistoltrekk til kula som treff bakhovudet hans i siste vers, er dette glimrande greier.

Steve Earle droppar toneartskifta, men får med seg fullt band og gjer ein fin versjon:

Listen to Hardin Wouldn't Run on Spotify. Steve Earle · Song · 2002.

Einaste singelen frå plata er eit underleg val. Johnny lærer låten av Ramblin Jack Elliott og etter at vår mann har fått tukla med den som han vil, står me her igjen med historia om drapet på president James A. Garfield i 1881, gjennom ein fem-seks spoken word-vers og «gaul med»-refreng. Mister Garfield kravla seg opp til 15.-plass på country-listene, og det er gjerne respektabelt nok for eit refreng av typen «MR. GARFIELD HAS BEEN SHOT DOWN, SHOT DOWN, SHOT DOWN!” brøla av eit gospelkor på pub til pub-runde.

Sosseproduksjonen frå nye Nashville er tilbake i The streets of Laredo, men den klarar ikkje ta knekken på slik ein strålande song. Og når Johnny på refrenget går ned ein oktav og vidare inn i underverda, kan englekoret berre stå der oppe og gapa. Songen har perspektivet til ein daugande kåbbai (ikkje ulikt tidlegare favorittar som Give my Love to Rose og Hank and Joe and me):

"Come sit down beside me and hear my sad story,
For I'm shot in the chest, and today I must die."

Sånn sett passar den kanskje endå betre i Johnny sin versjon på The Man Comes Around frå 2002 – året før han sjølv forlet oss:

Listen to Streets Of Laredo on Spotify. Johnny Cash · Song · 2002.

Det obligatoriske Johnny Horton-innslaget kjem i borgarkrigseposet Johnny Reb. Skjønt epos og epos, den slit med å koma av flekken i den stampande marsj-rytmikken og den irriterande pikkolo-fløyte-fanfaren til Bob Johnson.

Då losnar det litt når Johnson bytar til banjo i Mother Maybelle sin fine A letter from home. The Statler Brothers gjer diverre sitt beste for å kvela refrenga med vel tjukt påsmurt koring, og eg må seia at Maybelle sin eigne versjon frå året etter syner denne triste songen større respekt.

Listen to A Letter from Home on Spotify. Mother Maybelle Carter · Song · 1966.

Me får endå ei sviske i den tradisjonelle Bury me not on the lone prarie; knirkefritt formidla av Johnny, nydeleg akkompagnert av Johnson på mandocello (flott instrument, berre til å googla), før Johnny bestemmer seg for å skifta gir, eventuelt dop, i dei neste tre låtane. For no er det ein annan fyr me møter, full i øydeleggjande råskap, dødsforaktande humor og generell faen.

Hans eigen resiterte Mean as hell snur stemninga frå mørk til kolsvart. Den ville vesten si 1. mosebok, dette, i hendene på fanden sjølv:

"He began by putting thorns all over the trees
He mixed up the sand with millions of fleas
He scattered tarantulas along the road
Put thorns on cactus and horns on toads"

Og i dette nådelause universet skal du helst vera ein skikkeleg jævel for å overleva (sjølv om dei tek livet av deg til slutt, uansett), slik som Tex Ritter sin Sam Hall:

"My name it is Sam Hall an' I hate you, one and all.
An' I hate you, one and all
Damn your eyes."

Sam Hall veit kor han er på veg, og han skrattar heile vegen dit. Det same gjer Johnny, fullstendig oppslukt av karakteren i studio. Fornøyeleg! Også denne kjem han tilbake til på The Man Comes Around, der han inntar ei mykje meir reservert og kontrollert rolle.

25 minutes to go møter me ein liknande karakter, som spyttar og skrattar seg gjennom sine siste 25 minutt mot galgen. Heilt på sin plass at det klassiske bomchiccabom-kompet gjer eit sjeldan innhopp her, og gjer sitt beste for å halda den støtt sviktande speed-herja stemma til Johnny oppe. Det går så vidt. Mest kjent i den forrykande versjonen frå Folsom prison tre år seinare denne kanskje, og forøvrig skriven av Shel Silverstein – mannen bak A boy named Sue. Strålande!

Listen to 25 Minutes to Go - Live at Folsom State Prison, Folsom, CA (1st Show) - January 1968 on Spotify. Johnny Cash · Song · 1968.

Harlan Howard er som regel til å stola på, og han leverer solide saker denne gongen òg. The Blizzard er ein strålande cowboy-song, om forteljaren som heller frys i hel saman med sin utslitne kompanjong, heller enn å forlata han. Også denne var allereie innspela av Jim Reeves, men heilt klart meir høvande som Cash-materiale.

Plankekøyring gjennom Jimmie Driftwood-valsen Sweet Betsy from Pike og trad-sviska Green grow the lilacs, før vår ven frå Bitter tears; Peter La Farge, røskar liv i greiene igjen med Stampede. Eller «STAMPEEEDE!!!» av full hals og ute av sync hjå bandet på refrenga, før nashville-klisset tek over igjen på nemnde The shifting, whispering sands pt. II.

Slik hoppar denne omfattande plata seg i hamn, frå utagerande brøling til polert skjønnsang. Den rommar mykje, både tematisk og uttrykksmessig. Den spelar på eit breitt spekter i instrumentering og arrangementsidear, og blir sjeldan kjedeleg. Blir den dét, tar den fort ei anna retning. Litt som med andre meir kjende dobbeltalbum som skal koma i tida framover. Og sjølv om det her og der sklir ut i smørstrykarar og for mykje Statler-brør i monitor, tener plata det inn igjen på det variert akustiske som alltid ligg i botn. Variert og variabelt, mykje snakk for penga og for mykje å gapa over i eit jafs, men likevel mange høge toppar og ikkje mange dalsøkka. Rett og slett ei kul plate, som nok ein gong liknar få andre. 

Då er det berre å la Cash få oppsummera sjølv, i sistesporet Reflections:

 "Through the wind that breeze these tales
Of the ones who never made it
Yet fighting heat and mountains plains and valleys, snow and hunger
They went westward, westward, westward"

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 8. juli 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #21

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #19