Johnny Cash – album for album #2

Av Endre Olsen

The Fabulous Johnny Cash (Columbia, 1958)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Sidan sist har Johnny Cash flytta fokus frå Memphis til Nashville og signert med Don Law og Columbia records, med løfte om full kunstnarisk fridom. Dette blir den musikalske heimen hans heilt fram til karrierebotnen 1986, då dei gir han fyken (til liks med Miles Davis kort tid i forkant). 

Sjølv om Columbia har fått kloa i Cash, er Sam Phillips og Sun records langt frå ferdige med han. Phillips er skikkeleg muggen og publiserer sverteannonsar i media, der han minner om kven som oppdaga fyren i utgangspunktet og at det uansett kjem til å koma nye utgjevingar på Sun i tida framover. Han sit nemleg på timevis med innspelingar frå perioden 1954-58, og dei neste åra er det, forvirrande nok, nett dette som skjer. Det kjem støtt nye plater med Johnny Cash på begge plateselskapa. 

Nashville og Columbia er big business. Større apparat, større lyd. The Fabulous Johnny Cash opnar rett nok med den ikoniske gitarlyden til Luther Perkins, før Marshall Grant og Johnny kjem inn i vant bomchikka-stil, men denne gong har dei selskap i The Jordanaires; vokalkvartetten kjent frå Elvis sine innspelingar. Besetninga er elles utvida med ulike Nashville-cats på trommer, av og til piano og heilt til slutt steelgitar. Lydkvaliteten er heva og det pønkete utrykket frå debuten dempa. Likevel sprengjer Johnny & the Tennessee two seg greitt gjennom den lett polerte overflata, og kvaliteten på låtmaterialet er jamnare enn sist.

Plata er innspela på under éin månad, som plater i Nashville gjerne var. Det handlar om å få det kjapt ut til publikum og mindre om å leggja ein grundig plan. Cash har spart litt frå Sun-øktene og stiller passe førebudd med fem eigne låtar som sist. Nivået er høgt:

Run softly, blue river, den nemnde opninga på plata, er ein uvanleg harmonisk kjærleikslåt til denne karen å vera, og luskar seg lett av garde. Boren av kontrasten i det rufsete uttrykket til The Tennesse Two og The Jordanaires sine velsmurte harmoniar. Om låta er aldri så harmonisk av seg, får han uansett eit unngåeleg snev av dommedag med klangen i stemma til Johnny. Og den stemma let heilt enormt bra på desse innspelingane. Nydeleg toneartskifte i B-partia på denne låten.

Skjermbilde 2020-03-02 kl. 22.22.45.png

Frankie's man, Johnny er drivande countryrock med like drivande storytelling; Cash si omskriving av trad-låten Frankie and Johnny. Her i ein gneistrande versjon av Sam Cooke:

I still miss someone er ein av dei aller finaste songane som er skrivne. Og ein låt det er heilt umogleg å bli lei av. Ein slik låt som alltid overgår dei som framfører han, og det er mange. Du skal altså vera inni helsikke dårleg for å klara å øydeleggja den. Hallelujah-guttene kunne jo berre prøvd. Her er Roseanne Cash i minnestunda for faren:

Rett etter dette meisterverket ber det forsyne meg rett over i eit anna. Don't take your guns to town er ein musikalsk westernfilm, meisterleg fortalt og sparsommeleg formidla, heldigvis utan The Jordanaires. Her treng ein strengt tatt nesten berre stemma til Johnny, og det er nesten berre det ein får. Rått!

Pickin' time er låtskrivaren Cash framleis i fin form, antakeleg med ein god del fleire personlege erfaringar å spela på. Her er han attende på bomullsfarmen, der slitet, håpet og trua går hand i hand.

Last Sunday mornin' when they passed the hat
It was still nearly empty back where I sat
But the preacher smiled and said that's fine
The Lord'll wait til Pickin' Time

Resten av låtane på plata, for det meste skrivne av profesjonelle låtskrivarar, passar Johnny perfekt og står fint ved sida av hans eigne låtar. That's all overThe Troubadour og gospel-låten That's enough er høgdepunkt. I sistnemnde kjem The Jordanaires til sin rett - på andre låtar har dei somme tider ein tendens til å vera litt i vegen. Originalen er rimeleg fantastisk:

"Full" kunstnarisk fridom for Johnny Cash i denne perioden betyr først og fremst meir gospel (som Sam Phillips var skeptisk til) og at han får realisert draumen om å spela inn konseptalbum (meir om det seinare). Me noterer oss elles i så måte at Johnny Cash konsekvent brukar kompisane og live-musikarane sine i studio, noko Waylon Jennings seinare skulle måtte kjempa hardt for i sitt oppgjer med Nashville.

Dette er alt i alt eit glitrande album. Sterke låtar frå start til slutt (sjølv om sistelåta Suppertime er plata sitt svakaste spor), gjennomført og samanhengande produksjon (trass i litt mykje Jordanaires i monitor av og til) og ein hovudperson i sitt livs form som vokalist og låtskrivar.

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 2. mars 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #3

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #1