Johnny Cash – album for album #3
Av Endre Olsen
Johnny Cash Sings the Songs that Made him Famous (Sun records, 1958)
Kua har skifta beite, men kan framleis melkast (stygt bilete - beklagar). Om lag samstundes som Johnny Cash debuterer på Columbia, gir Sam Phillips ut det nye albumet hans på Sun records. Som tittelen tilseier er dette meir ei hitsamling enn eit nytt innspela album, og består av låtar som er spela inn i løpet av dei to siste åra på Sun Records. I løpet av desse åra kjem òg produsent Jack Clement inn i biletet. Begge desse faktum får følger for albumet. Der dei to førre platene ber preg av ein heilskap i produksjon og låtutval, er denne plata all over the place. Best er ho når Johnny får skriva (noko han heldigvis får ofte) og the Tennessee two får spela, i fred for Clement sine klør og ambisjonar om å tekkast popmarknaden.
Det siste får me eit grelt døme på allereie i opningslåta: den dølle Clement-komposisjonen Ballad of a teenage queen. Meiningslaus tekst om den dritdeilige landsbyjenta som vert plukka opp av Hollywood, berre for å venda jetset-livet ryggen og flytta heim for å gifta seg med naboguten. Som om dette ikkje er søtt nok, dynkar Clement Johnny i smektande koring a'la norsk popmusikk Arne Bendiksen-era (eit tilbakevendande irritasjonsmoment på plata). Johnny likar tydelegvis songen godt. Så godt at han tredve år seinare opnar endå ei plate med han; duettplata Water from the wells of home (1988) i ein versjon saman med dottera Roseanne og The Everly Brothers:
Når Johnny opnar neste låt, den sjølvskrivne There you go, med orda "You're gonna break another heart, you're gonna tell another lie", kun akkompagnert av the rippling rhythm and cadence of click-clack, kjennest det som eit einaste stort sukk av lette. Slik skal det låta!
I walk the line har fått sin omtale før. Den dukkar opp igjen her i nett same versjon, før den lite spela men veldig fine frontporch-voggaren Don't make me go (eg elskar dei minimalistiske soloane til Luther Perkins):
Clement-låten som no står for tur, I guess things happen that way, er milevis betre enn opninga. Sjølv om ein også her insisterer på at allmogen støtt sit og skrik etter meir songlagskoring. Dei einaste andre coverlåtane denne gong er Hank Williams sin I can't help it (if I'm still in love with you) og Charlie Rich sin The ways of a woman in love. Ingen av dei overgår originalane, og særleg førstnemnde lir kraftig under Clement sine håplause produksjonsgrep: det skal noko til å drukne stemma til Johnny, men det klarar han nesten i blandakor, honkytonk-piano og klang. I desse John Prine-tider uner me oss hans versjon av sistnemnde låt, frå i fjor:
Størstedelen av plata er altså Cash-originalar eller co-writes, og takk og lov for det. Med unnatak av Next in line, som er venstrehandsarbeid, er det glimrande greier. Train of love, You're the nearest thing to heaven, dei me allereie har nemnt. Og då har me framleis ikkje nemnt dei to siste. Eikvar plate som sluttar med Home of the blues og Big river har livets rett, og vel så det. Fantastiske låtar! Sistnemnde faktisk den beste rockabillybaserte låten han nokon gong skreiv - både faenivoldsk og poetisk.
Now I taught the weeping willow how to cry
And I showed the clouds how to cover up a clear blue sky
And the tears that I cried for that woman are going to flood you, Big River
Then I'm going to sit right here until I die
Alt i alt ei god plate, som hadde vore endå betre med færre inngrep frå produksjonsstolen. Me let Dwight Yoakam slutta av her, med ein strålande versjon av Home of the blues og ein ikkje like strålande parodi på Johnny Cash:
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 6. mars 2020.