Johnny Cash – album for album #21

Av Endre Olsen

Everybody loves a nut (Columbia, 1966)

Listen to Everybody Loves A Nut on Spotify. Johnny Cash · Album · 1966 · 11 songs.

1966 er eit år for store plateutgjevingar; Pet Sounds, Revolver, Blonde on Blonde. Johnny har tenkt stort rundt plateinnspelingar lenge han, så her er det vel berre følga på – gi verda det udiskutable meisterverket som endeleg feiar all tvil og junkie-skuldingar av bordet. Vel, først skal det kranglast ein heil del med onkel politi.

johnny.jpg

Det er desse tusen meksikanske pillene i den gitarkassen i El Paso. 

Det er denne nasjonalparken i California som brenn ned då bilen hans på mystisk vis tek fyr på ein fisketur ("I didn't do it, my truck did, and it's dead, so you can't question it."). 

Det er denne hagen i Starkville, Mississippi der ein dritings mann i svart vert arrestert klokka to på natta, ikkje berre for trespassing men for stealing another man’s flowers.

Og mest av alt er sikkert det faktum at han deler hybel med Waylon Jennings.

Kvar og ein kan vel kjenna på behovet for å setja seg ned og le litt oppi alt dette kaoset, og det er nett dét Johnny gjer. Kanskje er det nettopp slik det ambisiøse dødsbefengte dobbeltalbumet Sings the ballads of the true west blir følgd opp av dette lettbeinte humoralbumet, komplett med teikneserieomslag teikna av Jack Davies frå MAD. Det høyrest ut som tidenes dårlegaste karriereforvalting, og når sant skal seiast har eg aldri høyrt denne plata nemnd av nokon andre enn Wikipedia. Når slikt er sagt er plata faktisk ikkje så ille. Så underleg er vel heller ikkje denne karrieresvingen, all den tid me har med ein artist å gjera som har til vane å følga opp kassasuksessar med gospelalbum og urfolkaktivisme.

I tillegg til dei vanlege involverte bak sine respektive instrument og korstemmer, er ringreven Cowboy Jack Clement tilbake som låtskrivar. Godt er det – han står bak dei fire beste. Tittel- og opningssporet set standarden, med bekymringslaus mine og ein Bill Pursell som kosar vetet av seg bak eit gallopperande honky tonk-piano. Advarsel: du har no dette fornøyeleg irriterande refrenget på hjernen resten av dagen. Det høyrest meir ut som opninga på eit barne-tv-program enn ei Johnny Cash-plate. Som skapt for eit samarbeid med The Monkees altså:

The one on the right is on the left er både ein glimrande tittel og song. Eit humørfylt spark til den politisk høgskuldra og regelridande folkrøyrsla frå eit par år tilbake:

Now this should be a lesson if you plan to start a folk group
Don't go mixin' politics with the folk songs of our land
Just work on harmony and diction
Play your banjo well
And if you have political convictions keep them to yourself

Cup of coffee er fire og eit halvt minutt med ein først sober, etter kvart ravande dritings Johnny, som heile tida insisterar til ein jodlande Rambin’ Jack Elliot på at han berre vil ha ein kopp kaffi. Kanskje det mest hysteriske han har fått lov til å festa på tape så langt i karriera. Ganske morosamt og etter eit par rundar enormt slitsamt. 

Over til den første av tre eigne låtar denne gong. Mine damer og herrer, frå mannen bak pålar som Give my love to rose og I walk the line, me gir dykk: The bug that tried to crawl around the world – Klapp, klapp og skipp!

Austin prison på si side, er den beste av Johnny sine eigne her, og blant få som skil seg ut ved ikkje å vera påtrengande fjasete. Typisk fengselslåt frå vår mann dette (bortsett frå at forteljaren denne gong klarar å røma), kort og greitt og effektivt. Please don’t play Red river valley føyer seg inn blant songar som tar utgangspunkt i ein morosam idé, men som nødvendigvis ikkje skrik etter gjentekne lyttingar.

James McMurtry skal forøvrig få lov til å syngja Red River Valley så ofte han vil, for min del:

Listen to Red River Valley on Spotify. James McMurtry · Song · 2011.

The Singing Star’s Queen er tre purt harsellerande minutt på besteven Jennings sin kostnad. «Twinkle twinkle little star, who’s the greatest star what are? – WAYLON!” Og medan stjerna er ute på vegen, køyrer hybelkompisen rundt i limousinane hans, trør sund bootsa hans, røyker tom sigarane hans og ligg med dama hans. I same honky tonk-dynka landskap som tittelsporet og fornøyeleg nok, trass i det irriterande «Blinke, blinke, Stjernelill»-hooket.

Dersom veggane i den gamle kåken til dei to urokråkene kunne syngja, ville det sikkert høyrast ut om lag som den nemnde drikkevisa Cup of coffee:

hus.png

Jack Clement hevar snittet med sine to gjenståande. Dirty old egg-sucking dog er for klassikar å rekna her i huset – i alle fall basert på soloversjonen frå Live at Folsom Prison (ei plate me byrjar nærma oss, gitt!). Her kjem den i ein slentrande køntrivals-versjon, med herleg malplassert englekor frå Carter Family. Eller, malplassert og malplassert, fru hund:

Now if he don't stop eatin' my eggs up
Though I'm not a real bad guy
I'm gonna get my riffle and send him
To that great chicken house in the sky

Kanskje er det versjonen på The Muppet show i 1981 som er den definitive?

Hakket mindre fjasete er Take me home; ein fin country-smygar med stort refreng om å lengta heim. Sikker vinnar det! Fjas så det monnar blir det dog, når medsamansvorne Ramblin’ Jack Elliot får sleppa til:

Det er framleis nokre år til Johnny Cash og ein gut ved namn Sue skal sikra stødige lønsvilkår for Shel Silverstein. I mellomtida står han stødig på Johnny si liste over «go to»-låtskrivarar. Her leverer han den absurde låten Boa constrictor, om å bli slukt levande av ein boa-slange. Og med dét leverer Johnny kanskje den mest absurde innspelinga i karrieren sin: kroppsdel etter kroppsdel forsvinn ned i slangegapet heilt til sisteverset, der kun hovudet er igjen, vert brutalt avbrote av ein rap. 

Absurd vert då òg overgangen til avslutningssporet Joe Bean, med opningslina «Well they’re hanging Joe Bean this morning, for killing a man in Arkansas». Lenge ein fengselslåt/mordarballade på høgde med mykje av sorten (denne finst òg i opptak frå Folsom prison), før denne gode songen og denne underlege plata vert avslutta med at alle dei involverte syng «Happy birthday to you» til Joe Bean, medan nakken hans knekk i stilla før siste frasa. Så var det ikkje noko barne-tv-program likevel.

Eg diggar konseptet «ei humorplate av Johnny Cash», og tar av meg hatten for faenskapen som ligg i å følga opp dei mørke balladane frå vesten med alt dette vaset. Ja, på eit merkeleg vis får denne plata meg til å bli endå større fan av fyren, sjølv om eg tvilsamt kjem til å ta den fram særleg ofte. «Everybody loves a nut, the whole world loves a weirdo» - så sant som det er sunge.

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 2. august 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #22

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #20