Johnny Cash – album for album #22

Av Endre Olsen

Happiness is you (Columbia, 1966)

Listen to Happiness Is You on Spotify. Johnny Cash · Album · 1966 · 11 songs.

Sommaren 1966 har Vivian, kona til Johnny, endeleg fått nok. Ho fyller ut skilsmissepapira heime i Casita Springs til lyden av fire par tassande farlause barneføter, medan turtelduene Johnny og June flaksar i fred over Europa. Trass i at eg nok tek meg visse forteljarmessig frie grep her, oppsummerer setninga albumet Happiness is you (tygg på den tittelen, Vivian) rimeleg greitt. Eit par lukkelege skildringar av ny kjærleik (begge skrivne av dei ikkje lenger så løynd elskande) slit med å lysa opp blant bitre forteljingar om havarerte forhold. Sannsynlegvis har ikkje dette vore eit voldsomt tilsikta samantreff frå artisten si side. Det er i det heile tatt lite som er voldsomt tilsikta med denne plateutgjevinga; produsent Don Law raskar saman det beste frå dei siste innspelingsperiodane i mangel på nye idear frå sjefen sjølv. Så underleg det enn kan høyrast ut, var det viktig å få ut ein oppfølgar til den av ettertida neglisjerte Everybody loves a nut!

Det Don Law raskar saman er ei noko lettfatteleg, sviskebasert samling songar frå kjende kjelder, typisk fint spela fram av Tennesse three med forsterkingar (strengemeistrane Norman Blake og Bob Johnson har vore kjærkomne faste tilskot til lydbiletet ei stund no), i overkant nedlessa i Carter Family- og Statler brothers-koring og med ein sånn passeleg inspirert vokalist i front. Dette høyrest jo ikkje allverda ut kanskje, og det er knapt nokon klassikar du er i ferd med å lytta til. Men det er jo ikkje dermed sagt at det er drit – det håpar eg denne følgjetongen for lengst har vist at det sjeldan blir.

Som om ikkje tittelen er slag nok i trynet på den komande eks-kona, er opnings- og tittellåten skriven av mannen og avløysaren hennar. Det er altså ein snart nyskild Johnny som leverer den songen på repertoaret hans som sikkert er mest skreddarsydd som sitatgrunnlag i bryllaupstalar:

Way down the mountain I chased a moonbeam
On the beach I built sand castles too
My moonbeams faded my castles tumbled
All of this was meaningless cause happiness is you

Fin song, som kunne blitt ei smørje i hendene på ein meir strigla vokalist. Me veit jo etter kvart eitkvart om kva som skjuler seg i djupet av denne barytonen.

Like rosenraud er den andre songen dei to skriv i lag; Happy to be with you. Den kjem i det som sikkert er eit forsøk på tidsriktig sound – med poporgel og 60-tals-beat. Er det meir slitsamt enn interessant? Meir malplassert enn nyskapande? Ikkje heilt Like a rolling stone? Ja, eg trur me seier det slik.

Jack Clement, Harlan Howard, Peter LaFarge og A.P. Carter er endå ein gong blant bidragsytarane her. Førstnemnde tilsidesett med ei heilt unødvendig nyinnspeling av I guess things happen that way frå glansdagane hjå Sun Records.

I Howard sin You comb her hair insisterer forteljaren på at den einaste andre jenta han drøymer om enn kona, er dottera deira. Ironisk nok, må det vera lov å tilføya. Ein sutalaus country-smygar, som likevel skjuler ein del sut når ein veit det ein veit. Urettferdig å halda noko som helst opp mot George Jones, men likevel greitt nok - så ulike vokalistar som dei er; pungrotta (dæven, det kallenamnet gjorde seg dårleg på norsk!) gjer ein fin versjon nokre år i forvegen:

Listen to You Comb Her Hair on Spotify. George Jones · Song · 2013.

LaFarge leverer eit høgdepunkt, i She came from the mountains. Om ho som blir med han ned frå fjella, men heile tida lengtar tilbake, heilt til den dagen han sit aleine igjen og lyttar til vindane som kjem og kviskrar hennar farvel. Slik Vivian sit aleine igjen og lyttar til radioen, ser eg for meg, og stemma til han som heile tida lengta tilbake til vegen. Eit etterlengta alvor ligg over denne innspelinga, med ein og annan mollakkorden, snakkevers – typisk for La Farge, og ikkje minst Anita Carter si grinande andrestemme (eg går berre ut i frå det er henne – det er i det minste langt i frå kråkestemma til June).

Den beste låten på plata følgjer hakk i hel. Gordon Lightfoot er sjølv debutant av året, og frå plata hans snappar hybelkompisane Johnny og Waylon begge opp songen For lovin’ me. Her kjem den i ein Understand your man-/Don’t think twice it’s alright-aktig versjon, utan at vokalisten klarar å toppa sine tidlegare vokalprestasjonar. Norman Blake sitt fingerpicking-hook lovar meir enn det Carter-harmonidynka resultatet me står igjen med, og målt mot energien i Waylon sin versjon frå same perioden bleiknar det heile. Men for all del; denne gode låten tåler ei sånn passe inspirert tolking.

Listen to (That's What You Get) For Lovin' Me on Spotify. Waylon Jennings · Song · 1966.

Ikkje mykje håp å spora for kjærleiken elles på plata. Sviskene Ancient history (“you’re ancient history to this heart of mine”) og No one will ever know ("No one will ever know my heart is breaking, although a million teardrops start to flow") har mykje meir kjenslemessig brodd tekstleg enn musikalsk; country-luskarar på det jamne. Sårare enn storesøster Helen Carter sin Is this my destiny må me vel tilbake til dei mest ihelplaga songane til godaste Hank for å finna det:

Cursed with sorrow, pain and woe, full of feeling I can't show
Hopeless love what else for me, is this my destiny?

Autoharper og flamenco-fills i nylongitar, sender songen eit steg til venstre for dei andre, men elles føyer den seg greitt inn blant dei andre balladane her. Og dei er det kanskje allereie eit par for mange av – på ei meir variert plate ville fleire av desse kome meir til sin rett. Osborne brothers leverer dei fjellharmoniane teksten skrik etter, på si innspeling frå slutten av femtitalet ein gong:

Listen to (Is This) My Destiny on Spotify. The Osborne Brothers · Song · 2008.

A wound time can’t erase er meir av den bitre tekstlege materien, ikledd litt etterlengta honky tonk-driv og ein fiffig tremolo-solo i el-gitar – ikkje daglegdags på ei Cash-plate det. 

Kvifor han vel å avslutta med Carter Family-klassikaren Wabash cannonball er det vel berre han og produsent Law som veit. Vel er plata eit resultat av sistnemnde sin arkivmessige sopihop, men temamessig er den trass alt gjennomført. Heilt til dei her byr på endå ein song om eit tog. Ikkje for det; låten er strålande den, og framføringa er kanskje den mest inspirerte på plata, der den brøytar seg fram gjennom dei seige tårelirkarane med Cash-patentert bomchikkabom-driv og toneartskifte, og Blake sitt flotte dobrospel. Sistnemnde sette sikkert pris på gitarspelet til Jerry Reed:

Listen to Wabash Cannonball on Spotify. Jerry Reed · Song · 1968.

Og med det er me komne til vegs ende på denne heilt greie plata, så vel som Cash sitt lenge neglisjerte ekteskap; neste plata i gjennomgangen heiter, naturleg nok, Carrying on with Johnny Cash & June Carter. Eg skriv dette på ein lat søndag, og litt slik synest eg eigentleg Happiness is you ter seg. Ein kjem seg liksom ikkje heilt opp av sofaen, bortsett frå dei obligatoriske turane til kjøleskapet eller toalettet – dei mest inspirerte augeblinka på plata, om ikkje her i stova.

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 24. august 2020.

Forrige
Forrige

Løypemelding: Stefan Sundström

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #21