Johnny Cash – album for album #23
Av Endre Olsen
Carryin' on with Johnny Cash and June Carter (Columbia, 1967)
Skilsmissepapira er signert, og eks-kona Vivian grunnar det heile med to ting: «drugs and June Carter. More so June than the drugs». Tittel, omslag og innhald på denne plate nummer tjue-eit-eller-anna skulle vera prov nok. Carryin’ on with Johnny Cash and June Carter består av tolv mykje godt vektlause duettar, som skapt for det ertande samkvemet deira på scenen. På omslaget har dei lagt seg til med nyforelska glis ute i det grøne, sikkert for å nussa litt på kvarandre mellom slaga.
Dette er ei kort og sutalaus plate. Ikkje eit jævla dødsfall i sikte. Og om ein ein sjeldan gong skulle kunne skimta antydning til skumring i tekst, sørger dei hinkehoppande (men stundom svært gode) framføringane snart for å jaga lyset tilbake.
Plata er bygd opp slik: Begge sidene byrjar med svært skinande inspirerte augeblikk, i Long-legged guitar pickin’ man og Jackson. Begge sidene sluttar med det som må seiast å vera på grensa til krenkande omgang med Ray Charles, i I got a woman og spesielt What’d I say. Mellom desse rammene byr dei på sjarmerande, for det meste eigenskrivne duettar, som korkje let seg geniforklara eller ber om å bli det.
Dei skinande inspirerte augeblinka først. Opninga Long-legged guitar pickin’ man, skriven av Marshall Grant – Johnny sin bassist sidan dørseljar-dagane, er briljant country-rock og den perfekte presentasjonen av duettpartnarane. To likeverdige vokalistar som spelar ping pong mot kvarandre gjennom versa, før dei endar på same lag i refrenga. Han eit par vitaminar rikare sidan sist; ho på grensa til overivrig, tydelegvis sprekkeferdig etter å få sleppa til. Den er jo ikkje nett vakker denne stemma, men om ho vart fødd til å synga noko er det definitivt noko slikt som dette.
Dei ekstra par vitaminane gjeld forøvrig heile bandet. Det er første gong på ei Cash-plate at trommene slår såpass mykje frå seg og eg er i det heile tatt usikker på om eg har høyrt makan til driv tidlegare i katalogen. Ein del av æra skal definitivt Carl Perkins ha – visst var han ein strålande låtskrivar, men han var ein minst like god el-gitarist. Det er ein fryd å ha han med på laget for første gong her, og heilt sjølvsagt at han blir med vidare. Han er det perfekte bindeleddet mellom den elektriske bomchikkabom-minimalismen til Luther Perkins og dei meir folk/bluegrass-baserte virtuosane Norman Blake og Bob Johnson. Som alle er å finna her. Plata er i det heile tatt svært velspela.
Mykje av det same kunne ein vel sagt om signaturduetten som opnar andre sida (rett nok ikkje like enkelt å få øyra på Carl her, men bluegrass-rullinga i det akustiske kompet overgår kanskje uansett drivet i opningssporet). Om ein då i det heile tatt treng å seia noko som helst om Jackson. Den ultimate country-duetten. Eg har ikkje tal på kor mange halvgode cover-versjonar eg har ølslurpa meg gjennom, stundom bak mikrofonen sjølv. Alltid så enormt langt igjen til denne. For dette er også ein cover-versjon. Songen er skriven Jerry Leiber og Billy Ed Wheeler og først spela inn av The Kingston Trio i 1963:
Så til den krenkande omgangen med Ray Charles. Det er berre å innsjå det; Ray gjer country enormt mykje betre enn Johnny gjer R&B. Høyr berre på den uanstrengte country-crooninga han balar med på albuma Modern Sounds in Country and Western Music vol. 1 og 2 frå 1962.
Og så kan du høyra Johnny og June kava seg gjennom dei malplasserte I got a woman og (ja, spesielt) What’d I say etterpå. Førstnemnde bergar seg i land på ryggen til det glimrande bandet. Sistnemnde prøver ikkje eingong. Æsj, over til det eigenskrivne mellom rammene.
Shantytown blir ein nedtur etter det forrykande opningssporet. Her burde ein halde det sprettande drivet gåande. I staden blir ein hengande fast i klissete Carter Family-koring og musikalsk brodd på frelsesarmé-nivå.
Søstrene Carter sin Fast boat to Sydney jekkar drivet forsiktig opp eit par hakk, og sper på med ein noko meir spenstig tekst. Johnny dreg i gang refrenga med dei evige orda «I’m a cheat and I’m a liar», June følger opp med «oh, but you’re a loving ball of fire» og vips så var ikkje den flammande ringen så farlig lenger. Låten står seg greitt som ein kortvokst nabo av dei to sideopnarane.
Meir av den skinande inspirerte sorten får me i duettpartnarane sin eigen Oh what a good thing we had. Ein strålande song, i eit (til Johnny å vera) uvanleg rytmisk driv, ispedd småjazza fills hjå Carl Perkins og i piano, og med ein Johnny langt nede i botnen på barytonen sin. Preteritumsforma i tittelen er det lite spor av i framføringa og kan hende er den openlyse parantesen (gone bad) fjerna med vilje, for dette er slett ikkje lyden av nokon som har mista piffen.
You’ll be all right er den tredje og siste fellesskrivne songen. Og her kunne me verkeleg trengt ein mørk parentes, at noko går pittelitt på ræv, for dette er rett og slett i overkant rosenraudt. Musikk eg høyrer for meg bestemora mi nynna nøgd på for seg sjølv, medan ho skreller poteter (som bestemødre flest (?) på nittitalet hadde ho Sputniks samlede verker på kassett).
Johnny sin No, no, no er hakket betre. Klassisk country-tematikk om fattigguten som forelskar seg i rikmannsdottera, i eit interessant musikalsk landskap der bouzoukien til Blake gir det heile ein nødvendig tvist. Plata drar i det heile tatt godt nytte av eit rikhaldig ensemble som gir uttrykket nødvendig variasjon, ofte gjennom smått uvanlege kombinasjonar.
Dylan sin It ain’t me babe har me vore gjennom tidlegare i følgjetongen, så den ser me glatt forbi. Det skal me for all del ikkje gjer med Mimi & Richard Farina sin Pack up your sorrows. Bra låt i kledeleg bluegrass-driv, komplett med dobro-soli. Diverre sit Richard Farina bakpå ein motorsykkel som køyrer av vegen i 140 km/t året før plata kjem ut, så han får ikkje med seg dette. Men originalen til Greenwich village-paret er vel så fin, med ei ro over seg som går tapt i møte med country-musikkens heitaste par.
På sitt beste byr denne plata på skuledannande countryduettar, som gjerne vert perfeksjonert av andre meir virtuost skjønnsyngjande par i sjangeren. Ikkje dermed sagt at dei vert overgått. June Carter er den perfekte duettpartnaren til Johnny Cash. Dei to stemmene er proppfulle av karakter og dei to karakterane er proppfulle av liv på denne plata. Triveleg er vel ordet som oppsummerer best. I nokre tilfelle strålande, ein sjeldan gong til å riva av meg den dårlege skjeggveksten min av, men mest av alt kledeleg lite ambisiøst. Rett og slett lyden av ein gjeng som har det kjekt, og det må no for helsikke vera greitt!
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 6. september 2020.