Løypemelding: Frøkedal

frøkstor2.jpg

Folk me likar snakkar om ting dei likar.

Alt Anne Lise Frøkedal (39) tek i blir brukt til uimotståeleg, fengande popmagi. Anten når ho frontar sitt eige etternamn, det glitrande gitarpop-bandet I was a king, eller krydrar Tønes og andre sine prosjekt med sin musikalske teft.

– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– Eg var veldig opphengt i glam-metal som barn, og høyrde på mixteipar med Mötley Crüe, Skid Row, W.A.S.P og co. Eg trur eg kunne heile albumet «Cherry Pie» av Warrant på rams. 

– Tilsvarande – di siste oppdaging?
– Big Thief har gjeve ut eit knippe skikkeleg fine plater dei siste åra. Eg er nok mest glad i «Capacity», men også dei to siste, som kom veldig tett, har originale låtar og utruleg fint samspel. (Sjekk ut «U.F.O.F.» og «Not») Adrienne Lenker sine tekstar spenner frå hudlause skildringar av oppvekst til eksistensielle magespark.

– Sist gong du fekk gåsehud på konsert?
– Eg har hatt gåsehud sidan dette, trur eg, men den mest minneverdige gåsehuden var då Vasas flora och fauna spelte på Egersund Visefestival for nokre år sidan. På den tida turnerte dei med det strålande albumet «Släkt med Lotta Sverd».

Listen to Släkt med Lotta Svärd on Spotify. Vasas flora och fauna · Album · 2015 · 11 songs.

– Kva film har du sett flest gonger?
– «Zoolander» med Owen Wilson og Ben Stiller. Det er ingen utprega god film, men han er effektiv motgift mot dårleg humør. Owen Wilson er min akilleshæl. Heldigvis gjer han filmar med Wes Anderson også.

– Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy.
– Carson McCullers. Ho er mest kjend for romanen «The Heart Is a Lonely Hunter», men novellene hennar er kanskje det aller beste ho har gjort. Ho skildrar eksentriske, ofte einsame, karakterar med djup empati. Det kan sikkert passa godt på ei aude øy.

– Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?
– Eg har ikkje alltid behov for å prata så mykje, så eg veit ikkje om det hadde vore merkbart. Eg har møtt nokre, for meg, store heltar, og overraska meg sjølv med å snakka unormalt mykje.

– Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål?
– Patti Smith. Eg trur ho er både klokare og hyggelegare enn mange andre legender.

– Kva ser du på for tida?
– Eg prøver å sjå minst mogleg på TV, for eg blir så utruleg hekta at eg set resten av livet på vent. Den siste verkeleg gode serien eg såg var «Fleabag». Den er både morosam og rørande. Phoebe Waller-Brigde, serieskapar og hovudrolleinnehavar, er eit geni.

– Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan?
– Nett no så synest eg at alle skal sjekka ut den rykande ferske plata til Bergen Mandolinband.

Listen to Koss havna me her? on Spotify. Bergen Mandolinband · Album · 2020 · 10 songs.

– Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Eg har laga musikk til kortfilm og dokumentar. Og om ikkje musikken isolert sett er så viktig, så synest eg godt fleire kan sjå filmen «Bunker» av Vibeke Heide, som ligg tilgjengeleg for alle på Filmbib.

Les fleire løypemeldingar her.

Publisert 6. september 2020

Forrige
Forrige

Løypemelding: Helge Grønhaug

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #23