Løypemelding: Bare Egil

Pressefoto: Elisabeth Jakobsen

Pressefoto: Elisabeth Jakobsen

Folk me likar snakkar om ting dei likar.

Gartnerlosjen, Hurra Torpedo, Black Debbath, Thulsa Doom, Bare Egil sine endelause samansetjingar. Lista er lang. Egil Hegerberg (50) er ikkje berre Noregs mest morosame mann. Han er også ein musikar og låtskrivar av rang.

– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– Eg fekk det blå albumet til Beatles til bursdagen min då eg var ganske liten. Er ikkje heilt sikker på kor gammal eg kan ha vore. Sju-åtte år tenker eg og den hadde eg utruleg glede av i mange år. Det var stadig noko nytt å oppdaga og eit nytt musikalsk landskap å bevega seg inn i.

– Tilsvarande – di siste oppdaging?
– Svenske Vasas flora och fauna og Franska Trion. Er ei stund sidan eg oppdaga dei, men eg er veldig glad i dei.

– Sist gong du fekk gåsehud på konsert?
– Hm. Har ikkje vore på konsert på ei stund, merkar eg. Gåsehuda kjem jo først og fremst i lågmælte parti, men kanskje likevel Gojira eller Refused på Øyafestivalen.

– Kva film har du sett flest gonger?
– «Pink Floyd – The Wall» såg eg om igjen og om igjen i ungdommen. Eg såg han på Colosseum då han kom i 1982 og kjøpte han på VHS for 450 kroner på Akers Mic nokre år seinare. Eg skjøna ikkje eit kvekk, men eg syntest det var forferdeleg fascinerande. Lenge sidan sist eg såg han og førre gongen gjorde han ikkje på langt nær det same inntrykket.

– Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy.
– For tida er eg veldig glad i Ragnar Hovland og Erlend Loe, så kanskje ein av dei. Det er jo ein fordel at det er ein som har skrive nokså mykje, så kanskje det luraste er å gå for Hovland, som ikkje berre har skrive oppsiktsvekkande mykje, men eg også har oppdaga svært nyleg, så der har eg størst hòl.

– Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?
– Dei fleste. Eg er ein ganske fåmælt person i utgangspunktet, og når det er andre i nærleiken blir eg heilt musestille.

– Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål? 
– Veldig få eg har lyst til å spørja om noko som helst, for eg er generelt veldig lite nysgjerrig og vitebegjærleg, men kanskje bandet Ween?

– Kva ser du på for tida?
– Den polske serien «1983» på Netflix. Er nettopp ferdig med den belgiske serien «En dag», som var heilt strålande. Det er i det heile herleg å sjå ting fra andre land enn England og USA.

– Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan? 
– Øyvind Holm frå Dipsomaniacs, Deleted Waveforms Gathering og Sugarfoot burde vore veldig mykje meir kjent og populær. 

– Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Eg synest det er ei gåte at serien min med engelske og tyske reaksjonsvideoar på Youtube, der eg sit og ser på mine eigne reaksjonsvideoar og reagerer på kva eg ser, ikkje har gjort meg til ei stor, internasjonal influenser-stjerne. Og så synest eg det er pussig at låta «Jeg har fått dilla på Ghostaface Killah» ikkje har gjort det større.

Les fleire løypemeldingar her.

Publisert 2. september 2020

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #23

Neste
Neste

Løypemelding: Stefan Sundström