Johnny Cash – album for album #26
Av Endre Olsen
The Holy Land (Columbia, 1969)
I kjølvatnet av Folsom Prison-suksessen finn me ein nygift, nysober og nyfrelst Johnny Cash. Kjekt for han sikkert, kva veit vel eg som aldri har prøvd nokre av delene. Men er det kjekt for oss lyttarane, mon? Kva tid kjem det eigentleg god musikk ut av slikt?
Johnny og June giftar seg 1. mars 1968, og legg bryllupsreisa til Israel. Med seg i sekken har Johnny ein kassettspelar med opptaksmoglegheitar, og slik byrjar arbeidet med oppfølgaren til At Folsom Prison. Den som i plateselskapet sine auge bør halda på den fornya tilliten hjå platekjøparane. Den som i Johnny Cash sine øyre bør gi faen i plateselskap og -kjøparar og vera nett det han ser for seg at den skal vera. Historia om diskografien hans så langt. Ei gospelplate sydd saman av vitnesberande feltopptak frå ei bryllupsreise til det heilage land, må vera om lag det siste Columbia var ute etter.
Johnny og June kan sjølv få fortelja om prosjektet:
Ideen er interessant nok. Johnny vil bruka reisedagbokformatet frå Ride this train til å kombinera tradisjonane sine med gospel- og konseptplater. Kjekt for gospelen det. Endå kjekkare hadde det vore om plata hadde vore endå betre. I stor grad er det konseptet som er problemet her. Johnny og June surrar rundt der nede blant kvardagslydar frå gatebiletet, vind som bles i mikrofonen og turistattraksjonar som trass i alt berre dei to ser. Og dei snakkar og snakkar, utan tanke for dramaturgi eller potensiale utover si eiga auditive minnebok. Ja, over halve plata går med til denne pilegrimsdrøsinga. Ein blir etter kvart god ven med spoleknappen, skal ein koma seg til dei skarve åtte låtane som plata er tilsidesett med.
Johnny er framleis skrivevarm etter den stort sett sjølvskrivne From sea to shining sea, og leverer fem av låtane her. La oss ta dei først. Det byrjar med ei sukkersmørje. Land of Israel er dynka i sirupstrykarar, smektande salmekoring og søvndyssande vibrafon. Synd, for melodien er ikkje dum den. Hadde ein berre skrelt det heile ned til det fine kompet som ligg og druknar på botnen og Johnny si inspirerte vokalformidling.
Sjølv verkar han både stolt og nøgd:
Nazarene er mykje meir appetitteleg, der den sprett av garde på Carl Perkins si Merle Travis-nikkande telecaster-plukking. Statler- og Carter-familien svarar og «ooooo»-ar og klappar i veg. Det får me beint fram tola på ei gospelplate. Dette svingar!
He turned the water into wine er låtskrivaren Johnny Cash si bestenotering på plata. Ein låt som kan gå rett inn i den amerikanske gospelkanonen, ja den høyrest ut som han har henta han derifrå i utgangspunktet. Han avslører likevel seg sjølv med den umiskjennelege stadige moduleringa opp og ned, som han byrja med på I walk the line. Johnny framfører låten i San Quentin, som er neste plate for tur:
Come to the wailing wall er gospel på det jamne. Teksten er oppsummert i tittelen. Låten stoppar og startar, og det er heilt greitt når den stoppar for siste gong.
Johnny avsluttar plata med å konstatera at «God is not dead, he did not die». Og det gjer han nydeleg, slik me kjenner han i seinare tid: aleine med gitaren (dog vel mykje klang på stemma. Johnny sin eigentlege plan var å spela inn heile plata i Israel – her vil han tydelegvis ha oss til å tru at han står og syng midt inni tempelet på omslaget). God is not dead hadde vore endå betre om han fekk vera i fred for koringa og drøsinga som til slutt overtar.
Då står me igjen med tre låtar skrivne av andre, og me merkar oss at Johnny endå ein gong unngår dei typiske ihelspela gospelnummera. Det svingar fint av Lew Dewitt sin The Ten Commandments. Endå meir svingar det av Arthur Smith sin The Fourth Man, som òg byr på eit kjærkome innslag av Johnny sin klassiske talking blues-signatur. Men mest av alt svingar det av den aller beste låten på plata: Carl Perkins sin udødlege Daddy sang bass, som Johnny oppmuntra han til å skriva ferdig i tide. Her er alle brikkane på riktig plass: koristane gjer nett det dei skal der dei skal det, Perkins sjølv spelar kreativ og strålande elgitar (han var verkeleg ein fantastisk gitarist!), Tennesse three er umogleg å ta feil av og Johnny er i vokal storform. Då er det rett og slett ingenting som kan gå gale, og denne finn sporenstreks sin rettmessige plass blant klassikarane.
Så tilbake til byrjinga: «kva tid kjem det eigentleg god musikk ut av slikt?». Jo, det skal eg fortelja deg – rett som det er på denne plata her. På sitt musikalsk beste representerer den det beste Johnny har gjort gospelmessig, så langt. Men det er for lite musikk, for mykje pjatt, og når det berre er åtte låtar på plata, har han ikkje råd til å surra vekk eit opningsspor og la eit par av dei andre vera nett over middels.
Avslutningsvis rettar me ei evig takk til Luther Perkins, som spela sin siste bomchikkabom på denne plata. 5. august 1968 byrjar han på sin siste sigarett, som han sovnar frå, og på ein sofa i ei overtent stove går ein av dei store musikalske signaturane ut av tida. Den verste hendinga sidan broren døydde, seier Johnny. Elles oppsummerer Keith Richards som vanleg det heile greitt:
«Luther Perkins, his guitar player, was amazing. Johnny’s singing was, too. They taught me about the importance of silence in music – that you don’t have to play all over the song. You just play what’s necessary. If it’s done wrong, it can be painfully monotonous. But when it’s done right, it has this incredibly powerful focus and intensity, and that’s what those early Cash songs were like.»
Nettopp!
Luther Monroe Perkins (1928-1968)
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 9. januar 2021.