Johnny Cash – album for album #28
Av Endre Olsen
Hello, I'm Johnny Cash (Columbia, 1970)
Hello, I’m Johnny Cash.
Som om det skulle vera nødvendig å presentera seg.
Som for å presentera seg på nytt.
Som han presenterte seg for Sam Phillips i Memphis, for June Carter bak Grand Ole Opry-scena, for dei innsette i førre platemelding, for tv-sjåarane kvar veke i «The Johnny Cash show» og for konsertpublikumet sitt resten av livet.
Som om han debuterer.
Som for å be lyttarane i det nye tiåret, det tredje i karriera hans, om å høyra han med nullstilte øyre.
Det trengst ikkje. Me gjekk ut av førre tiår godt forlikte og det er ingenting ved dette albumet som ligg an til å forsura stemninga. Plata er knallgod. Ved sida av hovudmannen og musikarane hans skal produsent Bob Johnston ha si del av æra for det; han lessar ikkje på, men kler songane i høvande like delar klassisk bomchiccabom, og akustiske nyansar.
Hello, I’m Johnny Cash.
Og det er ikkje så reint lite berre dét. Følgjarar av tråden kjenner etter kvart mange sider av denne tilsynelatande trivielle helsinga. I dette høvet har den i seg ein låtskrivar i frisk og fin form, ein oppdatert musikkelskar som veit å nytta seg av andre samtidige, framadstormande låtskrivarar, ein politisk artist som nektar å gå på akkord med samvitet sitt, ein musikar som hentar inspirasjon frå den mest rotfesta delen av karriera si – skal me seia om lag lydbiletet frå era Ride this train?
Hello I’m Johnny Cash, som i Hallo, her har du ein god dose tog og kjærleik og forakt og lengt og kåtskap og krig og daud og forderving og gud og djevel og endå meir tog. Snakkast!
Fire songar er signert eigen penn. Opningssporet Southwind er Johnny i klassisk togmodus og hadde me ikkje lese oss opp tidlegare i tråden, ville me ha peika på det typiske gitarspelet til avlidne Luther Perkins. Det er sjølvsagt den studiodebuterande Bob Woolton me høyrer, i flott samspel med Norman Blake sin dobro og dei etter kvart typiske (og litt oppbrukte) marriachi-trompetane. Tematikken er velkjend – om toget som stikk av med kjærasten – Johnny låner både den og ein del musikalske grep frå Elvis (eller Junior Parker då) sin Mystery train her.
Det er altså ein lett gjenkjenneleg artist som opnar plata, men på neste låt; Merle Travis sin fantastiske The Devil to pay anar me konturane av ein artist som freistar introdusera seg sjølv på ny. Allereie i den akustiske alvorstynga moll- og tostemte gitarintroen ligg det ein invitasjon ut i eit litt anna farvatn. Melodien tar støtt nye vendingar og hentar med seg nye akkordrekker etter kvart, fram mot eit uvanleg duettparti (det er jaggu ikkje ofte han får selskap av syngjande menn utanom Statler brothers – her er det Carl Perkins som harmonerer) på det som kanskje er refrenget:
You've been flying so high you don't know
That you're blind to the writin' on the wall
But some day you'll look down
And you'll find you've got no place to fallWhen the bright lights're gone you'll be standing alone
Forsaken in the naked light of day
Then you'll know that it's all over but the dying
And you've still got the devil to pay
Ingen grunn til å sjå lyst på det, jenta mi! Eg vil hevda den noko dryge påstanden at denne innspelinga er blant dei aller mest vellukka han har gjort så langt i karriera. Fantastisk tvers gjennom!
Frå ein foraktfull kjærleikssong over til ein hengiven ein. Johnny sin Cause I love you, i duett med ho han skriv om, er ein utbrodert truskapslovnad som held fram i fint akustisk fingerplukkande driv. Ikkje heilt ulikt slik Merle Haggard kler fleire av songane sine (Mama tried, I’m a lonesome fugitive etc) i dei par tre åra før dette.
See Ruby fall, skriven saman med bestekompis Roy Orbison, er honkytonk på det jamne, piska fram av eit lett overivrig horehuspiano. Eit år og to i forvegen hadde dette vore dynka i gospelkoring. Her er Carter family knapt høyrbare, og det må vera lov å seia at det er ganske deilig. Bob Johnston er på jobb altså!
His dying barely made the morning paper…; slik opnar Johnny sin Route #1, box 144, og dei orda var det vel mang ein amerikansk heim som kunne skriva under på i 1970. Johnny hadde vore i Vietnam og sunge for dei amerikanske troppane året før og her skriv han sin Born in the USA.
…and they summed it up in twenty words or more / killed in action, leaves wife and baby / at route #1 box 144. Ein knallsterk tekst, som sjølvsagt berre treng snakkast fram, og som på sitt enkle vis freistar å bøta på dei skarve tjue orda i avisomtalen. Johnny følger opp når han eit par år seinare står i det kvite hus og nyttar Nixon sin invitasjon til å snakka sjefshauken midt imot. Heidersmann!
Sing a travelling song er skriven av Helen Carter sin son Ken Jones, og så mykje meir enn det er det ikkje han rekk å skjenka det musikalske ettermælet sitt, før han vert drepen i ei bilulukke 16 år gamal. Songen kombinerer versa frå Don’t think twice, it’s alright og refrenget frå I guess things happen that way til noko meir enn berre samvitsfullt platefyll. Så kan me jo innbilla oss at det er mor Helen sjølv som er den vakre sorgfulle sopranen som svevar der oppe, sjølv om det sikkert er like sannsynleg at det er søster Anita.
Tim Hardin sin If I were a carpenter er på ingen måte skriven til Johnny og June; den kom først ut i 67 på Hardin si andre plate, og måtte innom ein kopiert versjon hjå Bobby Darin før den nådde Cash. Når den først gjer dét, er det med eitt sjølvsagt like mykje Cash sin låt. Eit prakteksemplar av ein duett ekteparet seg imellom dette og dét i eit veldig kledeleg folk-arrangementet, bore fram av Norman Blake sitt kreative gitarspel og ein rytmeseksjon som ikkje går for første og enklaste utveg. Hello, I’m Johnny Cash – javisst, og nett slik må du gjerne halda fram med å presentera deg, sir!
Neste songen derimot, er både skriven for og om Johnny Cash. Det avslører låtskrivar Kris Kristofferson i introen på sin eigen versjon av To beat the devil, som kjem ut på debutplata hans (med liner notes av Johnny Cash!) eit par månadar etter.
Johnny drar låten ut av sin opprinnelege døsige form, forenklar akkordgrunnlaget og sparkar ein god dose bomchikkabom inn i kompet, slik at me står igjen med klassisk talking blues a’la Cash. Det allsongvenlege refrenget let han vera som det er, og oppsummerer på treffande vis si eiga karrieremessige grunnhaldning:
If you waste your time a talking
To the people who don't listen
To the things that you are saying
Who do you thinks gonna hear?
Jackson-låtskrivaren Billy Ed Wheeler leverer Blistered, og den er slett ikkje så ulik slageren frå Carryin` on with... Me berre slengjer på nokre lån frå Ray Charles sin I got a woman og ein dose god gamal kåtskap, så er me der. Dette var første singel frå plata, og eg ser ikkje anna strategi bak enn å gi lyttarane det dei vil ha. Dette er velkjende og underhaldande, om ikkje veldig interessante fakter. Det same kan seiast om Wrinkled, crinkled, wadded dollar bill – ei slags ode til fattigdom, sunge av ein fyr som på dette tidspunktet må sitja rimeleg godt i det. Smakfullt? Nææ, men eit triveleg refreng å syngja med på er det no, for fattig og for rik.
Om denne gjennomgangen har ein joker, må det kanskje vera Cowboy Jack Clement? Med jamne mellomrom stikk han innom, med det eg ser for meg er eit salig glis, og røskar litt i greiene. Nett denne gongen er det ikkje eit skrikande behov for tenestene hans, og I’ve got a thing about trains er i sanning eit noko bleikt bidrag sett opp mot resten her.
Johnny avsluttar plata for eiga hand - rettare sagt for eigen tommel, med tre grep, eit forsiktig antydande kassegitarkomp og ei bøn om at Jesus må venda tilbake til sit verdslege snikkarvirke. Christopher Wren sin Jesus was a carpenter sender tankane flaksande av garde eit par tiår fram og i retning den første American-plata; ei skjør, inderleg og vakker avslutning på ei riktig så fin plate.
Når ein først skal returnera til studio etter eit par dundrande live album-suksessar, kanskje med eit ønske om å staka ut ein kurs (mogleg eg har historikarbrillene trøkt langt inn i freknetrynet mitt no – for alt eg veit kan det ha vore berre endå ei plateinnspeling), synest eg dette er ei flott løysing. Arrangementa er gjennomarbeida utan å vera overarbeida, og ligg nærare bygda enn bydn. Låtane er gode og dei involverte skjønt einige om korleis ein skal gjera dei betre.
Hello, I’m Johnny Cash.
Og det har du heldigvis framleis tenkt å bevisa.
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 22. mars 2021.