Johnny Cash – album for album #29

Av Endre Olsen

The Johnny Cash Show (Columbia, 1970)

The Johnny Cash Show går på lufta i juni 1969, om lag samstundes med at San Quentin-plata entrar butikkhyllene. På veg oppover hitlistene sankar plata sjåarar og på veg opp rating-listene sankar tv-showet lyttarar. Johnny er overalt. Kvar laurdag er han, via Grand Ole Opry-lokala i Ryman Auditorium, heime i stovene til millionvis av amerikanarar (særleg frå utkantsstroka – då showet etter to sesongar i 1971 vert teke av skjermen, er det primært fordi denne sjåargruppa vert nedprioritert), saman med minst tre gjester frå eit breitt spekter av kulturlivet. Gamle sluggerar og nye oppkomlingar om kvarandre, og ein nystreit og livredd Bob Dylan som første gjest:

Etter første sesong er det tid for å fanga essensen av tv-showet i ei plateutgjeving. Sjølv om eg er usikker på om nett det er ambisjonen her. Uansett let det seg ikkje gjera. Johnny Cash si ruvande fysiske framtoning kombinert med hans avvæpnande stil i (ofte musikalske) møte med dei mange ulike gjestene (ikkje ulik vår eigen Erik Bye), er det som gjer tv-showet til glimrande Youtube-stafett-materiale. Det som er heilt sikkert er at det er live-albuma frå dei siste åra som har vore Johnny sine største suksessar og at dette såleis er eit heilt seift plateprosjekt. Synd at det ikkje er betre.

Den opnar likevel på fantastisk vis. Historia er nok for god til å vera sann, men eg ser ingen grunn til å avverifisera Johnny sin versjon av korleis han fekk kloa i Sunday morning coming down: ein dag landar eit helikopter i hagen hans og ut stig Kris Kristofferson med ei øl i eine handa og ein kassett i andre; «Sånn! No blir du plent nøydd til å høyra på songen min». Det som nok er nærare sanninga er at tv-teamet hadde motforestillingar mot refrenget og insisterte på at sisteordet i den glimrande linja «Wishing lord that I was stoned» burde bytast mot det meir stovereine og ti gongar mindre innhaldsrike «home». Johnny jattar med, Kristofferson er skeptisk men taus. Då innspelingsdagen kjem sit Kristofferson spent på galleriplass og ventar på refrenget. Idet Johnny hevar blikket mot han og sjølvsikkert gnir inn ordet «stoned», står han fram for låtskrivaren (og myteslukande sunnhordlendingar 40 år seinare) som verdas kulaste fyr.

Sunday morning coming down er sjølsagt ein av tidenes aller beste country-songar, og Johnny sin versjon gjer på ingen måte skam på den. Heller tvert om. Er det nokon som er fødd til å framføra denne teksten, er det utvilsamt vår mann. Til og med fjernsynsorkesteret, som eg snart skal bruka plass på å snakka ned, skjønar dette og trør relativt varsamt.

Ray Stevens var først ute, med sin versjon frå året før. Ei innspeling som fekk Kristofferson til å knekka saman då han høyrde den (det var første gong han opplevde at nokon gjorde seg skikkeleg føre med noko han hadde skrive):

Kristofferson vitjar sjølv The Johnny Cash Show 29. april 1970:

Faste innslag i programma var Johnny sine miniversjonar av Ride this train-konseptet, der han syr saman utdrag frå tematisk like songar til eit medley, og gjennom det kastar eit blikk bakover på historia og geografien til landet sitt. Antakeleg ein meir høvande og verknadsfull idé på skjermen enn det er på plate, og me finn to av dei her. Det første tar utgangspunkt i lastebilsjåførar sitt perspektiv frå motorvegane, som har erstatta dei godt ihelsungne togskjenene. Eg synest det blir ein travel og oppstykka affære. For det første kunne eg tenkt meg å høyra fullstendige versjonar av dei tre låtane (nei, eg er ingen fan av potpourri); Six days on the road (enormt diggbar låt!), Tom T. Hall sin There ain’t no easy run (ein light-versjon av I’ve been everywhere) og Merle Travis sin Sailor on a concrete sea, utan å bli avbrote av spoken word-parti med det same foten er byrja å vakna. For det andre kunne eg tenkt meg å høyra dei utan det stive orkesteret som fåfengt freistar å hengja med på både beat og blåtonar og endar opp med å høyrast ut som nett det det er; varietè-versjonen av grasrota.

Taj Mahal har (til liks med Gram Parsons og fleire andre) ein kul versjon av Six days on the road:

Då kjem orkesteret meir til sin rett i A-sideavslutninga These hands; ein mektig salme som me kjenner (eller mest sannsynleg har gløymt) frå gjennomgangen av den halvgode Hymns from the heart. Orkesteret, men mest den inspirerte vokalprestasjonen til Johnny, er med på å løfta den opp til nye høgder her (sjølv om den mest sannsynleg er gløymd etter eit par nye gjennomgangar).

Snur me plata, finn me nett same oppskrift som på A-sida: først eit nyskrive tilskot til repertoaret, så eit Come along and ride this train-medley og til slutt ein samle. Og som i stad, er det opningssporet som er verdt å ta med seg vidare. Johnny sin I`m gonna try to be that way, er eit gospel-inspirert personleg manifest (han skal snart skriva sitt definitive: The Man in black). Ein ærleg og ujålete tekst som kunne fått skina endå sterkare i ly for det hersens orkesteret, som etter kvart kjem busande inn som eit breitt 17. mai-tog i ein trong porselensbutikk.

Korleis halda ungane unna dop, lurer du? Johnny har svaret:

Medleyen denne gong tar utgangspunkt i slitet på bomullsåkrane, og berre det at blåserekka legg ned instrumenta sine og let strykarane ta jobben, gjer den til ei musikalsk meir lyttarvenleg affære. Det er også fint å høyra Johnny snakka om barndomsåra i Dyess, men eg held på innvendinga at dette helst bør opplevast framfor skjermen.

Den salige avslutninga Here was a man kjenner me (eller mest sannsynleg har me gløymt denne òg) frå juleplata The Christmas spirit (noko som minnar meg på at eg har ein jobb å gjera når desember nærmar seg). Kort sagt ein tre minutts versjon av Jesu liv og virke i spoken word-form. Førre gong var han kledd i dei musikalske plagga til Joy to the world, denne gong i eit like forgløymeleg orkesterarrangement av meir ubestemmeleg opphav. Klangen i stemma til Johnny når han fortel den største historia han veit om, er det umogleg å krangla med. Likevel: det er berre seks spor på denne plata …

Det er freistande å hevda at eitkvart album som inneheld denne versjonen av Sunday morning coming down har livets rett. Det er også heilt på sin plass å hevda at den riktige måten å oppleva The Johnny Cash Show på, er å sjå tv-bileta. Samstundes skal han og produsent Bob Johnston ha heider for at plata framstår gjennomtenkt og til ein viss grad konseptuell. Eg berre synest dei kunne ha droppa store delar av orkesteret, nøydd seg med éin medley og kasta inn minst to knallåtar til. 

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 28. april 2021.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #30

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #28