Johnny Cash – album for album #30
Av Endre Olsen
Little Fauss and Big Halsy (soundtrack) (Columbia, 1971)
Ei Johnny Cash-plate ingen snakkar om lenger, med musikk frå ein Robert Redford-film ingen snakkar om lenger, heller. Kanskje er det nett her at Johnny Cash-tråden glimtar til, peikar på det som ingen har sett og høyrt og får oss til å snakka om det som omsnakkast bør? Eg kan ikkje snakka for filmen, for den har eg ikkje sett. Visst nok vil ikkje Redford sjølv ha særleg snakk om den heller, men traileren ser no retteleg stilig ut:
Når det gjeld Cash & Co. sitt soundtrack er det kanskje ikkje ein skjult juvel i katalogen hans, men det er heller ingen grunn til å tia det i hel. Plata er fin nok den. Ja, eigentleg er den ein verdig oppfølgar til knallgode Hello, I’m Johnny Cash (sjå der, eg hoppa galant bukk over The Johnny Cash show) Ved sida av ein hovudperson i fin form, er Carl Perkins ei like skinande stjerne her. Han skriv fire av songane, syng den eine og spelar strålande lead-gitar på alle som éin. Elles står The Tennesse three og Carter Family trufast ved sin lest.
Rollin' free, rollin' free, rollin' free
Just the sun and the wind and the road and me
I don't want to be tied to a load
That I can't carry over the road
Just want to hear that thunder roar
On trails that ain't been rode before
Don’t put no chains on me I'm rollin' free
Slik opnar Johnny plata i sin eigen Rollin’ free, og med det syng han vel like mykje om seg sjølv som om dei to motorsyklistane i filmen. Det halvt om halvt akustiske og elektriske uttrykket kjenner me igjen frå eit bukkesprang tilbake. Låttypen kjenner me att heile vegen tilbake frå Sun-åra; bomchikkabom, blues-skjema og snakkesynging, berre i eit noko meir leveleg tempo, for ein smått middelaldrande mann. Dette kler han alltid!
Tittelsporet er det Carl Perkins som står for og det er strålande. Framleis bomchikkabom-basert, men i meir mollbefengt, dramatisk og halvvrengt lende. Og når Johnny syng historia om dei to hovudpersonane, høyrest dei med eitt ut som outlaws frå ville vesten, meir enn barbrysta sex-symbol på motorsyklar. Det flotte drivet i kompet, leia an av den undervurderte lead-gitaristen Perkins, sender likeleis tankane i retning hestesadelen meir enn motorsykkelsetet. Når songen kjem i instrumentalversjon rett etterpå, likar eg den nesten endå betre. Dette kunne glidd saumlaust inn i til dømes The Shadows sitt repertoar. Det same kan seiast, og med større belegg, om Perkins sin neste instrumental, 706 Union. Truleg skriven som ein instrumental og såleis litt meir heime i slikt format. Igjen, nydeleg gitarspel.
I The Little Man får me eit typisk døme på Johnny sin omsut for dei små, dei svake, dei forbigåtte, i fint, uanstrengt, luskande frontporch-driv. Og medan han nynnar seg inn i fade-out`en ser eg for meg sola gå ned over ein nøgd låtskrivar i hengekøya der ute. Så er det ikkje voldsomt nødvendig å igjen få instrumentalversjonen rett etterpå, men det gjer no ikkje så mykje frå eller til heller.
Det var vel uungåeleg at Dylan sin Wanted man etter kvart skulle få sin studioversjon, og her kjem han. Absolutt ingenting i vegen med den. Glimrande låt. Glimrande, om enn noko måtehalden, innspeling. Det er berre det at i mitt hovud vil han alltid tilhøyra plata den opphavleg vart skriven for, og der den sist vart omtala her i tråden; Live at San Quentin.
Instrumentalversjonen av opningssporet Rollin’ free tilfører lite, og høyrest mest ut som eit komp utan vokalen som trengst. Unødvendig.
Carl Perkins låner mikrofonen på si smektande country-ballade, True love is greater than friendship. Det er verkeleg ein flott slik ein. Likevel bryt den med resten av plata. Først og fremst og openlyst sidan det er Perkins og ikkje Cash som syng. Men også fordi det er låtskriving av ein litt annan sort – eit mykje meir utvida akkordgrunnlag og meir virtuos melodiføring. Litt som om eit profesjonelt låtskrivar-team freistar å skriva ein ny hit for George Jones. Når det er sagt, skulle eg likt å høyra nettopp han synga denne. Eg likar for så vidt når Perkins syng den òg, som ei litt vaklande utgåve av den nemnde pungrotta (unnskuld, men han vart no retteleg kalla Possum).
I Perkins sin Movin’ syng Johnny vidare om dei to hovudrollene, denne gongen i ein country-blues som manglar fyren og flammen frå det musikalsk liknande opningssporet og det dramatiske forløpet til tittelsporet. Johnny Cash-blues heilt på det jamne.
Sjå der var det gjort! Ti låtar (eller sju om ein ser vekk i frå instrumentalversjonane) på under ein halvtime. På ingen måte eit ambisiøst prosjekt, dette – og kanskje mykje av den grunn ei ganske så triveleg plate. Eit par ankepunkt har eg vel lira av meg – to unødvendige instrumentalar og ein litt slapp blues, men det er ingenting her som skurrar voldsomt. Her hadde eg null forventingar og såleis må eg sei meg godt nøgd.
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 5. juli 2021.