Johnny Cash – album for album #4

greatest.jpg

Av Endre Olsen

Greatest! (Sun records, 1959)

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

La deg ikkje lura av tittelen; dette er ikkje ei Johnny Cash's greatest hits-samling. Einaste nummer éin-hiten her er Get rhythm, som var B-sida til I walk the line i si tid. Dette er uansett ei svært så triveleg og veldig country-lenande, samling singlar og B-sider, spela inn hjå Clement og Phillips mellom 55 og 58 og primært skrivne av andre. Johnny Cash var først og fremst ein singel-artist i åra på Sun records - det einaste skikkelege albumet herfrå er det første i gjennomgangen her.

Alt på denne samlinga let som Cash-originalar (Hank Williams-låtane minst - til det er den originale signaturen for sterk og for bra), slik det gjerne er med alt han låner stemma si til. Men det er spesielt fascinerande å høyra korleis rutinerte låtskrivarar som Charlie Rich, Roy Orbison og Cowboy Jack Clement vrir pennen til for å likna artisten dei skriv for.

Samlinga opnar med Gene Autry-låten Goodbye little darlin', og med dette er stemninga sett: bomchickabom i botn, med Clement sine vanlege honkytonkpiano- og korpålegg oppå. Johnny går originalen  (først høyrt i filmen South of the border frå 1939) ein høg gang:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Charlie Rich sitt første bidrag er den fine og såre honky tonk-låten I just thought you'd like to know, med deilig piano-hook. 

Bestekompisen Roy Orbison leverer den strålande You tell me, som hand i hanske. Det er vel ingen tvil om kven han skriv for her, i hans eigen (demo?)versjon:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

I forgot to remember to forget (det er tittelen sin det!) hadde vore ein hit for Elvis nokre år i forvegen, men Johnny sin versjon er i ein eigen liga, levert med mykje større autoritet enn den lett parodiske framføringa til kongen. Beatles, med George i front, gjer ein rufsete og fin versjon på BBC i 1964:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Eg skal slutta å gneldra om korarrangementa til Jack Clement, altså, men berre høyr kor fint det hadde vore å sleppt det, i denne alternative versjonen av (den veldig fine) låten hans It's just about time:

We and our partners use cookies to personalize your experience, to show you ads based on your interests, and for measurement and analytics purposes. By using our website and our services, you agree to our use of cookies as described in our Cookie Policy.

Katy too er ein morosam rimordleik, skriven av Cash og Clement, drivande levert av dei faste medsamansvorne, og berre dei.

Charlie Rich har verkeleg knekt Cash-koden på Thanks a lot. Vanskeleg å sjå for seg at Johnny ikkje har skrive denne. Fine uanstrengte toneartskifte gjennom låta og kul teksthook i "takk skal du faen meg ha".

Luther Perkins får sin velfortente hyllest i Cash sin Luther played the boogie. "Takk skal du faen meg ha", utan sarkasme denne gong. Ingen stor låt, men sjølvsagt heilt på sin plass.

Så kjem det tre Hank Williams-låtar på rappen. Seift nok det, all den tid han er verdas beste country-låtskrivar, men det skal noko til å toppa nerva i originalane. Johnny syng Hank Williams til han daugar, han, og nærmar seg definitive versjonar nærare slutten.

Til slutt er me tilbake til byrjinga, med Get Rhythm og det minimalistiske soundet frå 1956. Rå tekst, energisk rockabilly-køyr og tydeleg at det har skjedd ting i løpet av dei få åra som har gått. Ry Cooder får slutta av med sin fantastiske versjon frå 1987:

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 9. mars 2020.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #5

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #3