Johnny Cash – album for album #31
Av Endre Olsen
I walk the line (original soundtrack recording) (Columbia 1970)
Ikkje før har Robert Redford lagt på røyret før Gregory Peck er på tråden (eller omvendt. Researchen strekker ikkje heilt til når det gjeld kronologien her). Han spelar hovudrolla i ein film ved namn I walk the line, og dei treng eit tittelspor. Johnny er i siget og lite vond å be - han spelar inn ein ny versjon av den tinga låten, og eit heilt album i same slengen. Det gjer han på éin dag, den 8. oktober 1970. Neste dagen nyttar han til Little Fauss and big Halsey-lydsporet. Fort gjort.
Eg har ikkje sett denne filmen heller. Og ikkje kjem eg til å gjera det. Filmsjåing er blitt såpass nedprioritert i mitt etablerte vaksenliv at eg trur jaggu det er Dum og dummere for 270. gong som står for tur.
For å konkludera med éin gong: Little Fauss er det beste albumet av desse to, men I walk the line har dei beste enkeltlåtane. Me byrjar med den beste. Johnny og June køyrer seg ein tur ned til Smithville Tennesse, antakeleg for å liggja og smånussa på eit piknikteppe innramma av postkortidyllen ved Center Hill Lake. På vegen tilbake er June sjåfør, medan Johnny sit i passasjersetet og skriblar ned teksten på Flesh and blood. Dette fortalte han meg ein sein kveld på Grov. Neida, eg kjende ikkje fyren. Men eg har høyrt VH1 Storytellers: Johnny Cash & Willie Nelson frå 1998. Der finn me ein av fleire seinare innspelingar av denne flotte kjærleikssongen - blant dei beste frå eigen penn på syttitalet. Ein penn som får køyrt seg i passasjersetet, der den manar fram guds skaparverks greatest hits, berre for å la det bleikna mot litt godt, gamalt kroppsleg samkvem.
Beside a Singin' Mountain Stream
Where the Willow grew
Where the Silver Leaf of Maple
Sparkled in the Mornin' Dew
I braided Twigs of Willows
Made a String of Buckeye Beads;
But Flesh And Blood need Flesh And Blood
And you're the one I need
Kven skriv slik lenger eigentleg? Vakker er den også med litt mindre kjøt og blod på beina:
Til liks med Little Fauss-plata følgjer det også denne gong instrumentale skuggeversjonar med eit par av songane. Men der dei førre gong hadde ein del for seg i form av Carl Perkins sine Shadows-aktige versjonar (på denne plata er han såvidt eg kan høyra og sjå fråværande), er dei denne gong livlause heisversjonar drukna i sirupstrykarar. Berre til å spola over. Både den instrumentale Flesh and blood og Cause I love you. Det same kan du gjera med den avsluttande gospelmedleyen Standing on the promises / Amazing grace, der Johnny og Carter-gjengen har samla seg rundt eit surt bedehuspiano. Kjekt for dei involverte kanskje.
Nemnde Cause I love you høyrde me sist «i fint akustisk fingerplukkande driv» i duett med June, på Hello I’m Johnny Cash. Her framfører Johnny den aleine, slik me kjenner han frå første American-plata, og det er eigentleg vel så fint. Ja, dei tre soloframføringane er i det heile tatt høgdepunkt på plata; Hungry er ein kort stubb som bit greitt frå seg, om å vera dritlei den same driten - svolten på det ein ikkje har. Ein kjærleikslåt i hin enden. Høyr berre på denne linja:
Her face across that table every mornin'
And lately, I don't notice that she's there
Face of despair er den store oppdaginga for min del denne gong. Ein ny- og velskriven arbeidarlåt som kunne gått rett inn på Songs of our soil og heva nivået, og ei slik oppdaging som gjer dette evige prosjektet verdt det. På denne plata får me rett og slett eit par døme på songlyrikaren Johnny Cash i storform.
If you should plough old fields like these
You'd plough up memories
Don't tell the young to mend their ways
You can't show them better days
Når det er sagt finn ein også døme på ein låtskrivar og songlyrikar med hastverk og lastverk. I This town brukar han rammeverket på Dylan sin Don’t think twice, it's alright for n’te gong, langt mindre effektfullt enn på til dømes Understand your man. The world’s gonna fall on you er sopihop frå filmmanuset i form av ein blodfattig talkin’ blues. Og tittelsporet? Æsj, no er eg lei av å skriva om nyinnspelingar av denne klassikaren. Sett på originalen eller San Quentin-versjonen. Denne tilfører absolutt ingenting, heller tvert i mot.
Kjipt å slutta meldinga med surmuling, sant? Så la oss slutta med å vinka farvel til Bob Johnston, som med desse to filmlydspora forlet produsentstolen. Diverre. For han kom verkeleg inn som ein sårt tiltrengt støvel i baken med fengselsalbuma og gav Johnny vind og retning inn i syttitalet. This side of the law er eit fint døme på ein produksjon som kler Johnny på denne tida. Det akustiske folkpreget i kombinasjon med restane etter det tidlege Sun-drivet.
Greitt, plata er kanskje midt på treet, men me går på ingen måte tomhendte herifrå. Den handfullen med songar me tar med oss vidare er glimrande greier. Meir skal ein kanskje ikkje be om, frå eit godt løynd lydspor til ein godt løynd Gregory Peck-film.
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 20. juli 2021.