Johnny Cash – album for album #32
Av Endre Olsen
Man in black (Columbia 1971)
Well you wonder why I always dress in black ...
… for those who've never read
Or listened to the words that Jesus said:
På opningssporet The preacher said «Jesus said» har Johnny fått med seg den nye bestekompisen sin - kjendispastor Billy Graham. Han messar ut eit Jesu sitat eller to med dirrande stemme etter kvart refreng, og det er vel nett det som gjer songen litt anstrengande å høyra på. Elles er dette Cash-gospel på det jamne.
Den avsluttande Ernest Tubb-coveren I talk to Jesus everyday gnir poenget endå lenger inn. Bank, bank! Har du høyrt om Jesus? Ikkje det? Hald bibelen min, og gi meg to minutt, eit par spoken word-vers og June Carter på refrenget. Var du ute etter ei fengjande musikalsk innpakning også, seier du? Sorry, mister.
Forresten, vent litt! Her har du Look for me. Skriven av Glenn Sherley, som me hugsar blant dei innsette i Folsom prison, og som låtskrivaren bak Greystone chapel frå same plate. Her er det meir å ta i; ein meir heilstøypt duett, ein tekst med eit poetisk lengtande språk som også når inn til oss heidningar, ein melodi som flyt fint avgarde på eit utvida akkordgrunnlag i eit akustisk folkprega landskap. Veldig flott!
Då Sherley etter kvart vart ein fri mann, var det Johnny Cash som venta ved fengselsporten, med opne armar, ein publishing deal og invitasjon til å bli med på turné. Det gjekk vel greitt ei stund, heilt til Sherley støtt gjekk og mumla om å ta livet av fleire i Cash-crewet. Me som har vore på ein turné og to, har vel stundom også tenkt tanken, men så har me gjerne ikkje væpna ran på samvitet. Johnny let han gå. Nokre år seinare gjer Sherley alvor av mumlinga; han skyt ein fyr, ringer dottera for å fortelja at han aldri i livet skal tilbake i fengsel, før han snur pistolen mot seg sjølv.
… for the reckless ones whose bad trip left them cold:
I Orphan of the road, skriven av Dick Feller, møter me sonen av «a cowboy and a carnie queen», resulatet av ein three day stand, «the too-late son of something that was gone». Berre akkompagnert av Norman Blake si flotte fingerpicking, syng Johnny fram den foreldrelause landstrykaren, mil etter mil og til slutt inn i gjensynet med faren, som ligg og døyr i ei godsvogn. Give my love to rose med ny casting. Flotte greier!
… for the poor and beaten down:
Historia om Ned Kelly, bushrangeren (australske lovlause på 1800-talet) som endar i galgen, etter å ha tatt livet av ei handfull politifolk. Her framstilt som ein helt, i ein heilt grei historieforteljande folk-låt. Dette er generelt sett ei folk-prega plate. Me hugsar at Bob Johnston forlet produsentstolen etter førre plata; han vert erstatta av Johnny Cash. Så vidt eg veit den einaste plata Johnny produserte heilt aleine. Ikkje at det byr på radikale endringar. Dette let mest av alt som ein nedtona Bob Johnston-produksjon; det akustiske i førarsetet, med færre spor etter Carl Perkins sin forfriskande el-gitar.
I If not for love møter me fleire som ligg under for livets vrede; den gamle og barnlause, den fattige og nedbrotne, og igjen den kriminelle i nevane på politiet. Alle som éin kunne dei vore songaren, hadde det ikkje vore for kjærleiken. Om det er June eller Gud han siktar til er i det heile tatt litt uklart på denne plata. Fin låt.
Den lysande kjærleiken får skina fritt i You’ve got a new light shining in your eyes. Og berre i kraft av sin mangel på mørke stikk den seg ut blant dei andre. Likefullt står den fram som ein av favorittane mine på plata. Godt crossover hit-potensiale dette.
… in mourning for the lives that could have been:
Singin’ in Vietnam Talking blues snakkar for seg sjølv. Rett og slett ein talking blues om erfaringane Johnny og June gjorde seg då dei underheldt amerikanske soldatar i Saigon. Totalt strippa for humoren og det faenivoldske som gjerne følger med sjangeren. Tekstleg er dette altså så langt frå A boy named Sue (eller Øystein Sunde for den del) som ein kjem. Eit litt underleg format å kle rundt gravalvoret, dette. Ingenting å seia på intensjonen dog, sjølv om den trumfar det musikalske resultatet.
… for the prisoner who has long paid for his crime:
I Dear mrs. er Johnny Cash endå ein gong dødens bodbringar. Til ein akustisk gitar sin forsiktige sørgjemarsj, les han brevet som informerer «Mrs» om at far til borna hennar vart gravlagd rett utanfor fengselsmurane tidlegare same dag. «They buried him there because nobody cared enough to claim his body». Knallhard melding ut. Og som låt, ikkje meir enn nettopp dét. Musikalsk er det lite å henta her.
TIl slutt, for å oppsummera plata, katalogen, artisten, mannen: Man in black. Akkurat så ikonisk som den bør vera. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har snakka om den definitive Johnny Cash-låten i løpet av dette prosjektet. Det ville vore idiotisk å ikkje snakka om det no. Poenget i låten finn ein i Bitter tears, i Blood, sweat & tears, i Folsom Prison og San Quentin, i konfrontasjonen med Nixon i det kvite huset, i gospel-platene for all del, klint utover alle sidene i sjølvbiografien hans. Eg snakkar om engasjementet for, og identifiseringa med dei utstøtte, dei svake, dei gløymde. Eg snakkar om Johnny Cash, the man in black. Eg snakkar om integritet. Og med dette i mente, så:
Sjølv om denne plata, til liks med dei førre, er ujamn, skal du vera rimeleg hjarterå for å hevda det same om intensjonen, ambisjonen og engasjementet til artisten; anten det handlar om Vietnam eller Jesus eller alt hykleriet innimellom. Ei noko ujamn Johnny Cash-plate er likevel ei ganske god plate. Ei noko ujamn Johnny Cash-plate innheld likevel nok av augeblikk som støtt får meg til å tenka at «faen, me kunne verkeleg trengt han no».
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 8. august 2021.