Johnny Cash – album for album #33

Av Endre Olsen

A thing called love (Columbia, 1972)

Kor var me? Jo, me hadde tatt for oss nokre ujamne og heilt greie tidlege syttitalsplater og sist var me i armane på kjendispastor Billy Graham. Der befinner Johnny seg mykje godt framleis, når me skriv 1972. Saman med June har han vore i Israel og laga filmen The Gospel Road: A story of Jesus, og elles tilbringer han tid i Evangel Temple Church. Det måtte han jo få lov til, men var han nøydd å dra koret ut av kyrkja og inn i studio? A thing called love ville vore ei endå betre plate om han hadde latt dei vera. Eg seier «endå betre» fordi eg synest plata er god. 

Sidan The man in black frå førre året, har Larry Butler tatt Johnny sin plass i produsentstolen. Det første han burde gjort er å setja foten ned. For eg antar at det er artisten sjølv som insisterer på å klina kyrkjekorsmørja utover så fantastisk låtmateriale som Jerry Reed sitt tittelspor. Jaja, la oss bita det i oss, for låtmaterialet er jamt over slett ikkje så verst denne gongen. 

Me får eit par fine drapsskildringar, og det er jo aldri feil. I Marty Robbins sitt opningsspor ryk Kate allereie i første vers:

Well I saw you with another
It made me lose my mind
Shot you with my '38
And now I'm doin' time

Som eit ekstra vers på Folsom Prison Blues altså. Ja, Kate er i det heile tatt svært lik signaturlåten frå debutplata. Ein litt bleikare versjon kanskje, men likevel eit friskt opningsspor. Har de forresten lagt merke til at store delar av Alf Prøysen sitt repertoar kan syngjast på melodien til Folsom prison? Berre prøv med Julekveldsvisa, Musevisa eller Teddybjørnens vise

På ingen måte nokon nykomar i mordarballadebransjen, denne Robbins:

I June Carter sin Mississippi sand går det litt meir beskjedent for seg:

We relieved him of his pocketbook, his blood and other things

Begge mordarballadane er gode døme på oppjustert bomchiccabom som funkar, mykje takka vera glimrande samspel mellom gitaristane Bob Wootton og Carl Perkins og ein produksjon som tillet nett tålelege mengder Carter-koring på sistnemnde låt. 

Kult-låtskrivaren Vincent Matthews sin Melva’s wine, er ein nydeleg sorgfull song med dempa perkusjon, akustisk fingerplukk og ein einsleg spøkelsessopran ved ei av Carter-søstrene. Denne hadde ikkje skjemt seg ut på ei Lee Hazlewood-plate frå same periode. Og neida, Melva kjem ikkje ut av songen i live ho heller. Matthews var både kompis med og ikkje heilt ulik Kris Kristofferson i stilen:

Stemninga er ei heilt anna på tittelsporet, som eg allereie har karakterisert som ein fantastisk låt. For det er den. Og Johnny syng den heilt glimrande. Då får det heller berre vera at det pålessa arrangementet stundom freistar å tvinga låten i kne. Den fine originalen til Jerry Reed har ein meir smakfull produksjon, men har ein først høyrt melodien på stemma til Johnny Cash, kjem det alltid til å vera ein Johnny Cash-låt. Slik er det jo gjerne, ikkje sant?

Johnny tar med seg den lukkelege kjærleikstematikken i ekteskapsløftet I promise you. Ei heilt grei køntrisviske, men skulder til skulder med tittelsporet er den ikkje for stort meir enn platefyll å rekna. 

Betre då er hans langt mindre lukkelege Tear stained letter. Mykje betre. Her i ein meir avbalansert versjon - akustisk gitar, elektrisk bass og eit relativt beskjedent strykearrangement - enn den han seinare skal spela inn til American IV: The man comes around:

Me får to fine farsskildringar i Papa was a good man og Daddy. Førstnemnde, fyllikvarianten, er den beste. I alle fall heilt til kyrkjekor og strykarar vippar arrangementet over kanten, på refrenget. Sistnemnde, den nøkterne arbeidar-varianten, er ein svakare låt i ein betre produksjon. 

Red Lane sin Arkansas Lovin' man er glimrande riffbasert kul country-rock. Slik skulle heile plata vore produsert og slik kunne Johnny fått endå meir ut av outlaw-country-labelet som berga karrierane til kompisane hans, Waylon og Willie.

I'm a natural actual real authentical Arkansas lovin' man, og som om nokon skulle vera i tvil: yes I am. Det er refrenget sitt, og sjekkelinja si!

Til slutt får me det obligatoriske gospel-innslaget i The Miracle Man. Ironisk nok, men heldigvis, sparar han på dei ekstatiske verkemidla her og nøyer seg med pianokomp og økonomiske bidrag frå kyrkjelyden. Slik blir dette ein verdig utgang på ei av Johnny sine beste plater frå dette tiåret. Først og fremst synest eg det er produsenten som trekker ned heilskapsinntrykket; ikkje gjennomført dårleg - langt i frå, men sprikande i for mange retningar og litt for glad i å lessa på. 

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 1. januar 2022.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #34

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #32