Johnny Cash – album for album #34
Av Endre Olsen
America: a 200-year salute in story and song (Columbia, 1972)
Endå ei konseptplate om amerikansk historie? Kan det vera nødvendig då? Kva er det Songs of our soil, Ride this train, Bitter tears, The Ballads of the true west og From sea to shining sea har gløymt å fortelja oss? Ingenting av det me blir fortalt her. Fleire av songane er til og med nyinnspelingar av 60-talsmateriale. Ei komplett unødvendig utgjeving med andre ord? Nja, ikkje heilt.
Som konseptplate har den fint lite nytt å tilføya katalogen. Formatet kjenner me godt etter kvart; ein bunke historieforteljande songar sett i perspektiv av Johnny sine snakkeintroduksjonar. Historia om Amerika, som Johnny allereie har fortalt på plate-etter-plate-vis, vert her skvist inn på 33 minutt, og det er sjølvsagt eit overambisiøst prosjekt. Opphavleg starta det heile som eit tingingsverk frå Richard Nixon. Han ønskte seg ei plate om amerikansk heltemot som astronautane kunne styrka seg på ute i rommet, men Johnny har som me veit ein tendens til å ta presidenten sine tingingar med ei klype salt.
Men altså, likevel ikkje ei komplett unødvendig utgjeving? Nei, eg synest ikkje det. Det første som slår meg er at den nye produsenten Larry Butler, har tatt seg sjølv kraftig i nakken sidan A thing called love. Borte er kyrkjekor, strykarar og Carter-familien for den del. Tilbake står Johnny i eit kledeleg akustisk forankra lydbilete. Sånn sett er den andre hovudaktøren her Norman Blake, med elles beskjedne bidrag frå dei vanlege samansvorne. Og såleis kan ein godt velja seg desse versjonane av låtane som er gitt ut tidlegare.
Då slepp ein det originale korseminaret på June Carter sin The Road to Kaintuck (sjølv om eg saknar banjoen her) og Ramblin’ Jack Elliott sin Mister Garfield, begge frå The Ballads of the true west.
Og var ikkje versjonane av The Big Battle og Remember the Alamo frå Ring of fire-plata i overkant dramatiske og nedlessa i pålegg?
Om du kan vera einig med meg i det, vil du setja pris på å høyra dei berre akkompagnert av eit par akustiske gitarar her.
Den gamle borgarkrigsviska Lorena er det mest, eh, sviskete innslaget. Borte er koret frå originalen;
... men inn kjem plata sitt eine innslag av Nashville-stryk og Charlie McCoy sin umiskjennelege klagande munnspeltone. Likevel synest eg ikkje det bikkar over.
Halve plata har me altså høyrt før, utan at ein nødvendigvis treng sippa over at originalen var betre. Kva med dei nye innslaga? Johnny skriv tre av dei sjølv:
Opnaren Paul Revere høyrest mest ut som Johnny slik han oftast høyrest ut. Kjende akkordvendingar, typiske Luther Perkins-fakter i elgitaren og vår mann i sedvanleg snakkesyngjande humør. Big Foot er historia om Sioux-høvdingen med same namn og massakren ved Wounded Knee, i talking blues-format. Avslutninga These are my people er det beste av bidraga hans. Ein nydeleg hyllest til den hardtarbeidande grasrota, i ein nynnbar melodi som ein gjerne kan lura på kor ein har høyrt før. Slik ein gjerne gjer med gode nynnbare melodiar.
Elles er den tidlege 1900-talsbagatellen Come take a trip in my airship ikkje stort meir enn det – ein bagatell. Og la no ikkje meg vera den første til å kalla Abraham Lincoln-talen The Gettysburg address ein bagatell, men som låt er den likevel det, her den kjem resitert oppå nokre smått retningslause akkordvendingar frå Blake. Jimmie Driftwood si komiske skildring av The Battle of New Orleans stikk seg ut på denne elles så alvorlege plata. Ja, ærleg talt så har den godt av eit og anna vers av typen;
We fired our cannon 'til the barrel melted down
So we grabbed an alligator and we fought another round
We filled his head with cannonballs 'n' powdered his behind
And when we touched the powder off, the gator lost his mind
Songen hadde vore ein hit for Cash sin kompis Johnny Horton i 1959:
... og det er meir enn ein kan seia om kva som helst av Cash sine innspelingar på denne plata, sidan ingen av dei vart sleppt som singel. Så var det vel konseptet som skulle bera plata, då – men dette konseptet har no retteleg vore meir forseggjort før. Men for all del, ikkje dermed ei plate som treng gløymast for all æve dette, slik den kanskje ser ut til å bli. Faktisk er det den så langt best produserte i tiåret, med ein frontfigur i fin vokal form og med fleire versjonar som trumfar sine eigne originalutgåver frå tiåret før.
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 20. januar 2022.