Johnny Cash – album for album #36

Av Endre Olsen

The Gospel road (Columbia 1973)

Me er framme ved det verket som Johnny Cash sjølv var mest stolt av i karriera si (... my life's work. It's the reason I'm on this earth); filmen Gospel road: a story of Jesus, og det tilhøyrande lydsporet. Så dette må jo berre vera glimrande eller? Tja, av alle plater eg har skrive meg gjennom her i bloggen, står nok denne nederst på innkjøpslista. Plata er dobbel, varer i éin time og eit kvarter, og består i stor grad av monolog. Og sjølv om eg heller høyrer Johnny Cash snakka om Jesus, enn eh, sikkert mesteparten av musikken som er gitt ut, så får det jo vera grenser.

Filmen som Johnny og regissør Robert Elfström har jobba med dei siste par åra, og som for det meste er spela inn i Israel, har premiere 31.mars 1973 og skal visa seg å vera nett like vanskeleg å selja som det antakeleg alle andre enn hovudpersonen hadde sett for seg. Det endar med at kjendispastor og Johnny sin nye besteven, Billy Graham, kjøper rettane og filmen får eit anna og meir snevert liv enn det Johnny hadde håpa på.

Dobbeltalbumet The Gospel road er mykje godt lydbokvarianten av filmen. Forteljarstemma til Johnny i sentrum, avbrote av nokre musikalske snuttar her og der. 10 låtar får han plass til på denne timen og dette kvarteret. Her er absolutt stoff verdt å lytta til, men der ein på den ikkje heilt ulike The Holy land (1969) i det minste kunne spola seg gjennom narrativet fram til musikken, er dette ei meir uhamsleg lytteoppgåve då fleire av låtane er oppstykka i ulike delar spreidd utover plata.

Opningssporet Praise the lord er ei fin lita leirbålssalme, framført av Johnny aleine, slik me kjenner han frå den fantastiske og posthumt utgitte My mother's hymn book. Slik skulle eg gjerne høyrt han oftare på syttitalet. På tittelsporet, ein flott låt av Chrisopher Wren som har i seg like delar Sea of heartbreak av Don Gibson og Don't think twice av Bob Dylan, berre med salig tekst, er han på plass i kjent syttitalsdriv. Bomchikkabom i botn og nokre enkle strykarar på top. Fint! Men diverre må me hoppa over både to og sju spor for å få med oss del to og tre. Ein samanhengande og litt meir spartansk versjon frå tidleg åttital finst på bootleg-samlinga Soul of truth:

Johnny sin eigen He turned the water into wine kjenner me både frå San Quentin-konserten og The Holy land-plata. Også den kjem i oppstykka versjon her, og det er vel kanskje urettferdig å halda slikt mot plata. Den er sjølvsagt ikkje meint for å høyrast stykkevis og delt, men som det heilskapelege ambisiøse verket Johnny brukte enorme ressursar på å fullføra. Jaja, så er nettopp det grunnen til at eg ikkje har særleg bruk for den. Eg er nærare ved la meg omvenda av dei andre gospel-platene hans.

I Johnny sin I see trees as men walking får Jesus den blinde til å sjå, og Statler brothers og Carter Family syng gladeleg med på refrenga, slik dei har gjort, på og av, gjennom heile karriera hans. Det blir sjølvsagt i overkant ekstatisk, men likevel; produksjonen på denne plata er slett ikkje verst. Det let passeleg tørt og twang-fullt av bandet (Tennessee three med Carl Perkins) og Johnny sjølv er tydeleg inspirert.

Før Jesus vel sine tolv disiplar, kretsar Johnny innom eit vers og eit refreng på Christopher Wren sin nydelege Jesus was a carpenter, i eit fint akustisk arrangement med eit høvande enkelt strykearrangement. For min del fungerer det mest som ein påminnar om å setja på den finfine syttitalsplata Hello, I'm Johnny Cash, der me høyrde den sist.

Av alle oppstykka låtar på denne plata er det Larry Gatlin sin Help eg helst skulle høyrt i ein samanhengande versjon. Det får me riktig nok til slutt, i ein rørande vakker versjon frå grava, på American V: A hundred highways:

Versjonen (eller rettare sagt versjonane) på Gospel road er svært annleis, der Johnny deler på versa saman med Larry Gatlin, Kris Kristofferson og kona Rita Coolidge. Fint! Kristofferson seier sjølv at han vart så bevega av låten at han sette seg ned og skreiv Why me, lord? som skulle bli hans største solo-hit. Den spelar Johnny inn på første American-plata:

I rolla som Maria Magdalena finn me June Carter. Ei uventa positiv overrasking er hennar versjon av John Denver sin Follow me. I utgangspunktet ingen religiøs låt, men kvifor ikkje? June tilfører ei anna sårheit, med den lett vaklande stemmeprakta si, enn det den strigla Denver gjer i originalen.

Joe South (mannen bak Games people play og Rose garden) sin Children var den einaste singelen frå plata og gjorde det ikkje spesielt godt. Den overhengande bodskapen om å ta vare på barnet i oss kan me vel skriva under på, om ikkje alle detaljane i teksten står seg like godt 50 år seinare:

Children need someone who understands
Children need someone to hold their hands
To cheer them when they're sad
To spank them when they're bad

For så vidt ikkje ein veldig spanande låt, og det blir eit i overkant pålessa klimaks med Carter family og strykarar på toppen av bandet. Då er Kris Kristofferson sin The Burden of freedom både ein sterkare låt, ein meir kledeleg produksjon og ei meir gripande vokalformidling. Særleg dei sparsommelege versa, der Johnny får vera i fred med gitaren sin. Det er ingen som helst grunn til å tvila på denne fyren når han syng desse inderlege linene, og når stemma knapt klarar å bera orda ... and when I am wounded by those who condemn me, Lord, help me forgive them; they don't understand er det rett og slett rørande. Plata sitt desiderte høgdepunkt. Originalen til Kristofferson finn me på den gode Border lord-plata frå året før:

Så, trass i fleire fine musikalske augeblikk, blir nok plata liggjande. Det er mogleg filmen har noko for seg, sjølv om eg tillet meg å tvila. Som album fungerer den dårleg. Monologen burde vore kutta kraftig ned og låtane burde fått sjansen til å visa seg fram som fullstendige versjonar. Noko venstrehandsarbeid er dette likevel ikkje. Han skal ha for inspirasjon og ambisjon.

Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.

Publisert 14. juli 2023.

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #37

Neste
Neste

Johnny Cash – album for album #35