Johnny Cash – album for album #5
Av Endre Olsen
Hymns by Johnny Cash (Columbia, 1959)
Så får endeleg Johnny Cash gospel-plata si - mykje av grunnen til at han signerte med Columbia records. Eit par år i forvegen hadde kompisen Elvis fått meska seg med repertoaret i EP-en Peace in the valley. Men der Elvis går for allemannseige, gjer Johnny det litt vanskelegare for seg sjølv og meir interessant for oss andre, og går for ei blanding av eigenkomponerte songar, eit par hits og andre nyskrivne songar. Innspelingane har dei same involverte og er frå same innspelingsperiode som The Fabulous Johnny Cash frå året før, og let følgjeleg ganske så likt: Tennessee two, utvida med kor, piano og trommer.
Elvis sin EP er dei siste fire låtane på denne juleplata:
Johnny legg fire eigne gudsfryktige songar på bordet, og dei er slett ikkje verst, altså. Opninga It was Jesus, sit som ei kule. I umiskjenneleg countrybilly-driv skviser han heile nytestamentet inn i tre vers og eit call/response-refreng, og syng det med same nådelause ornamentfrie knytneven som han gjer i mordarballadar og forsmådde kjærleiksviser. Johnny opnar kjeften, og så kjem denne klangen ut. Anten han syng eller snakkar. Han er stemma si, på ein heilt anna måte enn til dømes kompisane Elvis og Roy, som brukar stemma si. Difor let ei gospel-plate av Johnny Cash helst som endå ei Johnny Cash-plate, berre med salige tekstar.
Lead me father er ein tvers gjennom nydeleg song om å vera liten, svak og hjelpelaus. Ikkje heilt ulik nokre av Kris Kristofferson sine salige songar frå tidleg syttital (Help me til dømes - for ein låt!), som Johnny seinare skal covra. For ein vanvittig effektiv kontrast det er i den ruvande stemma mot denne skjøre songen! Ein av dei finaste han har skrive så langt i karrieren.
When my hands are tired and my step is slow
Walk beside me and give me the strength to go
Fill my face with your courage, so defeat won't show
Pick me up when I stumble, so the world won't know
I call him har mykje av det togbeatborne uttrykket frå Memphis, og er eit greit avbrekk frå det elles så bakpå drivet.
He'll be a friend følger i same tralten som It was Jesus. Johnny jobbar seg effektivt gjennom eit par bibelsoger på eit par vers, og om du lurer på kva for ein ven du og gamle Samson har i herr Gud, så er det altså ein slik ein:
By the Philistines he was overcome
They tied him up to carry him home
But Samson prayed and his bounds were gone
He killed a thousand with an old jawboneGod showed Samson what to do
And it's the same God that stands by you
If you need a friend He'll guide you
He'll be a friend to you
Av dei andre songane er to av dei å rekna som allemannseige på denne tida. Swing low, Sweet chariot kan eg fint leva resten av livet mitt utan å høyra ein einaste gong til. The old account derimot, let ganske så friskt i nevane på hovudpersonane våre. Endå tøffare let den ti år seinare i San Quentin:
Resten av plata er (såvidt eg kan sjå) songar relativt nyskrivne av andre, og følger for det meste i det same drivet: luskande alvorstynga crooner-country. Dette er langt frå den eksplosive sørstatsgospelen eller det som Johnny sjølv kalla (og for alt i verda ville unngå) showbiz-gospel.
Snakkesongen Are all the children in kan ein gjerne hoppa over med godt samvit, men det meste elles er verdt å høyra på, om enn berre for stemma til Johnny sin del. Den er på sitt mest kraftfulle her. Med gjennomført tematikk (sjølvsagt nok) og produksjon er Johnny med denne plata på god veg inn i den konseptuelle perioden som skal koma.
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 14. mars 2020.