Johnny Cash – album for album #6
Av Endre Olsen
Songs of our soil (Columbia 1959)
Ein familie sit i ein heimelaga båt på veg vekk frå den oversvømte jordlappen sin. Tre gullgravarar ligg og daugar ute i ørkenen ein stad. Ein komande brudgom vert skoten i sitt eige utdrikningslag, av ein sjalu ektemann. Indianarhøvdingen Cochise svergar at den neste kvite mann som ser han i augo, er ein daud kvit mann.
Eit kjapt hyseblikk over låtlista på Johnny Cash sitt tredje album på Columbia, og dette er berre nokre av novelleideane som melder seg. Han er altså ingen typisk publikumsfriar denne støtt meir publikumselska artisten - særleg når me veit at førre plata var ei salmeplate. Tittelen vitnar om konsept, noko som berre delvis er sant. Plata sprikar mykje både i stil, tema og kvalitet.
Kva som ligg i ordet soil kan vel diskuterast, men det sender i alle høve tankane i motsatt retning av fiff, finans og finkultur.
Jord, som i land. Som i forfedrane sitt land. Som i urbefolkinga sitt land.
Som i arbeid og slit. Som i skit.
Som i jordmor. Som i seks fot under jord. Som i liv og død.
Som i jordfesta. Som i jordnær.
Som i Johnny Cash.
Sånn sett kan me kanskje kalla dette ei konseptplate. I alle fall i 1959. Om så berre ei nesten vellukka ei. Her ligg det åpenbart ein del tankar bak ein del av vala som er tatt. Difor er det smått uforståeleg at plata opnar med den songen som har minst, knapt noko, til felles med resten; den lettbeinte "roser er røde, fioler er blå, tommel opp og heioghå"-låten Drink to me. Komplett med Søstrene Bjørklund-koringa som eg ikkje er villt begeistra for i utgangspunktet. Misforstå meg rett, melodien likar eg faktisk ganske godt, men den har fint lite på denne plata å gjera. Versjonen han gjer seinare i livet, aleine med gitaren, av den eldgamle songen Drink to me only with thine eyes som denne er basert på, har meir soil i seg:
Med Five feet high and rising er me ved kjerna i platetittelen. Ein song Johnny sjølv var umåteleg stolt av, og med rette spør du meg. Basert på hans eigne minner om då Mississippi flauma over heile barndomsverda hans i Dyess, Arkansas i 1937. Han kan sjølv få fortelja:
Ein velskriven, effektiv og økonomisk tekst. Eit sparsommeleg musikalsk arrangement der toneartane stig i takt med vatnet ute på trappa. Johnny på sitt beste som historieforteljar. Og historieforteljing er det mykje av på denne plata.
The Man on the hill følgjer hakk i hel tekstleg, om avlingar som ikkje gror og som i siste instans betyr døden (noko det òg er mykje av på plata). Musikalsk er denne mindre interessant, diverre.
Johnny skriv mykje sjølv denne gongen. Og eg uthevar skriv, nettopp fordi det tekstlege er nøkkelen på plata. Johnny framstår som ein meir og meir seriøs artist, i takt med sin eigen stigande popularitet (og amfetaminavhengigheit). Hank and Joe and me, om dei nemnde daugande gullgravarane, er strålande. Både musikalsk og tekstleg. Er det eit høgdepunkt då det florlette jentekoret vert sett til å repetera orda "dying, dying"? Ja, eg trur det. Lurer elles på om han har henta inspirasjon i denne fantastiske Hank (namedropping?) Williams-songen, som forøvrig dukkar opp i ein fin versjon på det posthume American VI: Ain't no grave:
Clementine er musikalsk lystig og lett, men it seems there was a dance hall girl called Nan, og dermed vert det å venta fånyttes for stakkars Clementine. Gravferd i staden for brudlaup. Bra låt av Billy Mize.
Kvifor Roy Acuff-slageren The great speckled bird er via plass her er meg uvisst. Det same gjeld I want to go home, betre kjend som Sloop John B., ein låt eg aldri har likt noko særleg. Og skal det først vera Sloop John B, kan det like gjerne vera Ivar og Kari:
Botn vert uansett nådd med den veldig irriterande My grandfather's clock, komplett med tikktakk-perkusjon som passar betre i Nøtteliten og kulturskuleøvingar på piano. Fysj!
The Caretaker er den rake motsetnaden til dette vaset; ein alvorstynga Johnny, i hovudsak akkompagnert av sin eigen akustiske gitar, som lurer på who's gonna cry when ol' John dies? Glimrande!
Old Apache Squaw er kanskje mest interessant fordi den markerer engasjementet hans for den amerikanske urbefolkinga for første gong på plate. Mykje meir om dette seinare. Fin og heiderleg nok, men ingen klassiker. Den setninga kan godt gjelda for Don't step on mother's roses óg.
Plata sluttar på meir høvande vis enn den startar, med ei hymne til dei svake. It could be you (instead of him) er likevel ikkje ein song som skriv seg sjølv inn på ei Johnny Cash-speleliste, som nok må lagast etter kvart i dette prosjektet.
Og med dette takkar me av ei plate med nokre høge toppar, nokre underlege låtval og nokre songar heilt på det jamne. Likefullt ei plate som skal ha for at ho eksisterer i kraft av å bli teken seriøst som det ho er, av artisten. Eit litt famlande og kanskje litt forhasta forsøk på ei konseptplate.
Les meir frå serien Johnny Cash – album for album her.
Publisert 17. mars 2020.