Løypemelding: Atle Hansen

Foto: Marius Knutsen

Foto: Marius Knutsen

Folk me likar snakkar om ting dei likar.

Platene «Blå måne» og «Mast utan skip» er for vestlandske viseklassikarar å rekna her i bloggredaksjonen. Dei siste åra har det kom flotte, minimalistiske og elektroniske tilskot til katalogen, i form av ep-ane «Resonator» og «Hansen elektro». Atle Hansen (65) har elles skrive seg inn i leseløvehjarte over heile landet med sin rikhaldige bibliografi med bøker for vaksne og born. Den sistnemnde delen av forfattarskapet tydeleg som aldri før i år, då han er festivalforfattar på den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu.

– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– Det var jo Rolling Stones som var det store bandet for meg, og dei to første albuma deira som bror min hadde, då var eg 11-12 år. Første singleplata eg kjøpte sjølv var «A Whiter Shade of Pale» med Procol Harum og dei to første LP-ane var «The Blues Alone» og «Blues from Laurel Canyon» begge med John Mayal, kjøpte på Helgelands musikk i Haugesund.

– Tilsvarande – di siste oppdaging?
– Mi siste oppdaging, hm? Lyttar på mykje rart, og ofte er det gjenoppdagingar. I vår høyrte eg mykje på arabisk chill out-spelelister, stilige greier, den grenselause Nils Petter Molvær og ørkenblues. Bassekou Kouyate frå Mali vil eg anbefala. Storarta musikar, som eg høyrde live i Berlin.

Bassekou Kouyate, Category: Artist, Albums: Bamako Calling, Miri, Ba Power, Jama ko, I Speak Fula, Singles: Deli, Jama Ko, Désert Nianafing, Jama Ko, Ngoni Fola, Top Tracks: Jama Ko - Masalo Blueprint Version, Jama ko, Jonkoloni, Bassekou, Cheick Oumar Bah, Biography: Bassekou Kouyate is the leading proponent of the Malian ngoni, a lute-like instrument found throughout West Africa., Monthly Listeners: 32047, Where People Listen: Amsterdam, Paris, London, Berlin, Rotterdam

– Sist gong du fekk gåsehud på konsert?
– Det var «Hárr» med Benedicte Mauseth og band i Stord jazzklubb. Magisk musikk.

– Kva film har du sett flest gonger?
– Det må vera «Gjøkeredet» av Milos Forman, som eg skreiv ei oppgåve om då eg studerte, 10-20 gongar. Flest gonger på éin dag - tre - «Picassos eventyr» av Hasse och Tage.

– Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy.
– Valet står mellom tre. Torgny Lindgren, Haruki Murakami eller Kjartan Fløgstad, og eg vel den siste. Eg har diverre ikkje fått lese alle bøkene hans, berre dei fleste, og dei kan sikkert lesast om att og om att, og dei som står att for meg å lesa, veit eg vil gi meg både språkleg fantasi, mykje kunnskap og klokskap, mangslungne historier og ikkje minst drøssevis med blaute vitsar.

– Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?
– Ja, Loudon Wainwright III i Byparken i Haugesund under den siste Vise og lyrikkfestivalen der. Amatørkonsert. Eg hadde meldt meg på. Bak meg i køen stod ein vaksen mann med kort hår, skjorte og kakibukser og ein gamal arch top-gitar. Konferansieren ropar i mikrofonen, neste mann er Atle Hansen, Loudon Wainwright III gjer seg klar. Eg fekk skjelven, gjekk fram og sleit ein streng og forsvann inn blant publikum for å høyra mannen i kaki syngja «Dead skunk in the Middle of the Road».

Listen to Dead Skunk on Spotify. Loudon Wainwright III · Song · 1972.

– Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål? 
– Ja, det er mange av dei. Nokre legender har eg treft og spurt, åt frukost med Percy Sledge på Stord hotell og turnerte med Adrian Henri, men den eg kanskje aller helst skulle møtt var vel Robert Johnson som har laga alle dei gode blueslåtane. Resten er jo berre repetisjonar. Kor tok han det ifrå, var han verkeleg i det vegkrysset?

– Kva ser du på for tida?
– Eg ser ein god del på seriar på HBO, Netflix og Amazon, men også britisk tradisjonell krim på NRK. Er vel midt mellom seriar no, eller i seriar eg kanskje ikkje gidd å følgja vidare. Favorittar, filmatiseringa av Napoli-kvartetten til Ferante, «Wire» (verdas bese serie ved sida av) «Deadwood» og den aldeles eineståande «The end of the f...ing world».

– Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan?
– Mange skulle hatt meir merksemd, flinke musikarar som hadde fortent like mange lyttarar som desse frå populærmusikken sitt asteroidebelte som deltek i stjernekampen. Her vil eg nemna den fabelaktige norske felespelaren, komponisten og artisten Susanne Lundeng. Ved sida av Tom Waits sin «Raindog»-konsert i Oslo, var hennar konsert for 15-20 stykke i Stord kulturhus midt på nittitalet, dei største musikkopplevingane eg hadde i det førre hundreåret.

Listen to Brurmarsj, fra Sørfold on Spotify. Susanne Lundeng · Song · 1994.

– Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Eg er ikkje svært glad i personleg merksemd, altså, eg har aldri hatt noko ønske om å bli kjendis. Tvert om, og eg gjer lite for å skapa merksemd om det eg gjer. Håpar på at det vil greia seg på eigne bein, så difor forsvinn mykje i mørket. Eg skulle likevel ønskt at songane mine og vaksenbøkene mine vart oppdaga og likte av fleire. Barnebøkene greier seg bra. Eg synest jo t.d. at elektro-greiene eg laga saman med Ian Kolstad er ganske fint, og skulle ønskt at folk ville teke seg tid til å lytta til det.

Listen to Hansen Elektro on Spotify. Atle Hansen · Single · 2019 · 4 songs.

Les fleire løypemeldingar her.

Publisert 18. oktober 2020

Forrige
Forrige

Johnny Cash – album for album #24

Neste
Neste

Forever young