Løypemelding: Daniel Romano

Folk me likar snakkar om ting dei likar.

Dagens mann har gjeve ut 12 soloalbum dei siste ti åra. Så langt i år har det komme ut åtte (!) album der kanadiaren har vore sterkt invovert. Daniel Romano (35) er ikkje berre eit arbeidsjern av ein låtskrivar. Han skriv i tillegg svært gode låtar.

– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– «Exile on Main Street». 

– Tilsvarande – di siste oppdaging? 
– «Dark blue» av Steven Lambke.

Listen to Dark Blue on Spotify. Steven Lambke · Album · 2019 · 12 songs.

– Sist gong du fekk gåsehud på konsert? 
– Jennifer Castle. 

– Kva film har du sett flest gonger?
– «Fievel goes west».

– Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy. 
– Octavio Paz.

– Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?
– Kona mi.

– Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål? 
– Tír na nÓg.

– Kva ser du på for tida? 
– Soloppgangen.

– Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan?
– Simone Schmidt.

– Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Eggerøra mi. 

Les fleire løypemeldingar her.

Publisert 4. oktober 2020

PS! Her er eit fint intervju Egon Holstad gjorde med Daniel Romano for Feedback i vår.

Forrige
Forrige

Løypemelding: Fats Kaplin

Neste
Neste

Løypemelding: Ron Sexsmith