Løypemelding: Fats Kaplin

Fats Kaplin og John Prine. Foto: Privat

Fats Kaplin og John Prine. Foto: Privat

Forord

Av Endre Olsen

Bloggen vår hentar namnet sitt frå ei omskriving av John Prine-klassikaren «Fish and Whistle». Ein augustkveld for to år sidan stod me og klemde kvarandre utanfor inngangspartiet til Oslo konserthus. Då hadde me nett sett vår første John Prine-konsert saman. Me gjentok det 9. februar i år; det som skulle bli hans nest siste konsert. Då visste me kva me gjekk til. Me visste at det kom til å bli ein flott konsert. Den augustkvelden for to år sidan gjorde me ikkje det. Sjølv var eg rett og slett litt skeptisk. Hadde hovudpersonen helse og stemme til å yta den fantastiske låtkatalogen sin rettferd? Skepsisen vart ikkje mindre då den litt skakke kroppen vagga seg ut på scena. Den forsvann derimot med det same eg kjende igjen førsteverset på «Six o'clock news», i Prine sitt umiskjennelege fingerspel og det heilt enormt smakfulle bandet som la seg rundt den triste historien.

«Wanda had a baby in nineteen fifty one.
The father was a stranger and stranger was the son.» 

Listen to Six O'Clock News on Spotify. John Prine · Song · 1971.

Nett då gjekk det eit unisont letta sukk gjennom Fisk og fela-redaksjonen og hjartene våre byrja banka i takt, medan tårene drypte ned på dei spanske bootsa våre. I over to timar ausa Prine av si utømelege klassikarkjelde og det vart alt me kunne ha håpa på og ønska oss og vel så det. Bandet hans skal ha ein stor del av æra. Om berre éin av dei hadde vore på feil plass til feil tid, ville det ha vore ei anna oppleving. Her var alle som skapt til sin plass i akkurat dette lydbiletet. Sjeldan har me høyrt slik respektfull omgang med slikt eit repertoar. Og sjeldan har me latt oss imponera av ein musikar slik me gjorde av den langstrakte dresskledde herren på Prine si høgre side. Like smakfullt (det ordet igjen, det mest høvande eg kjem på) trakterande sine strengar, anten dei er festa på ei fele, ein mandolin, ein banjo, eller ein gitar i akustisk, elektrisk eller steel-variant.

I tillegg til John Prine er det mange som har drege god nytte av fingermagien (apropos – han er faktisk tryllekunstnar på si) til Nashville-katten Fats Kaplin. Tom Russell, Nanci Griffith, Beck og Jack White er berre nokre av dei. Me får kontakt med kona hans Kristi, som han også spelar med, og dagen etter kjem Fatman (som ho kallar han) sine svar.

Fats Kaplin, saman med gitarist Jason Wilber og John Prine, på veg til Oslo i februar. Bildet er henta frå Kaplin si Instragram-side. Foto: Privat

Fats Kaplin, saman med gitarist Jason Wilber og John Prine, på veg til Oslo i februar. Bildet er henta frå Kaplin si Instragram-side. Foto: Privat

Folk me likar snakkar om ting dei likar.

Strengemeister, tryllekunstnar og newyorker Fats Kaplin leverer dagens løypemelding.

– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på? 
– «Harlem Banjo» med Elmer Snowden. Eg elska denne plata som gutunge, lenge før eg spela noko slags instrument.

Listen to Harlem Banjo on Spotify. The Elmer Snowden Quartet · Album · 2019 · 12 songs.

– Tilsvarande – di siste oppdaging? 
– Det er vanskeleg å svara på, men eg har spela «Electric Cambodia» av Dengue Fever om igjen og om igjen den siste tida. Vinylen ligg faktisk på platespelaren min no medan eg skriv.

– Sist gong du fekk gåsehud på konsert? 
– Siste gongen eg spela med John Prine, i Paris.

– Kva film har du sett flest gongar i livet ditt? 
– «Carnival of souls».

– Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy. 
– Hm … Eg har ikkje for vane å henga meg opp i éin spesiell forfattar. Men, ei aude øy? Då trur eg at eg ville valt Dr. Harlan Tarbell og hans fullstendige innføring i magi – sju utgåver. Dei er nydeleg skrivne og eg ville jo definitivt hatt god tid til å trena.

trylle.jpg

– Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?  
– R. Crumb

– Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål? 
– Roy Smeck. Me budde begge på upper west side of Manhattan, men eg fekk aldri møtt han.

– Kva ser du på for tida? 
– Lon Chaney-filmar.

– Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan? 
– Her vil eg seia Paul Burch. Om du ikkje kjenner til han, sjekk han ut!

– Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang? 
– Vel, eg er veldig stolt av låtskrivinga og platene eg har gjort saman med kona mi Kristi Rose. Eg skulle likt å sett dei koma seg ut og rundtforbi meir enn dei gjer.

Kristi Rose and Fats Kaplin performing "What To Do" at Music City Roots live from the Loveless Cafe on 7.17.2013

Les fleire løypemeldingar her.

Publisert 7. oktober 2020  

Forrige
Forrige

Forever young

Neste
Neste

Løypemelding: Daniel Romano