Løypemelding: Helge Grønhaug
Foto: Tom Harry Halvorsen
Folk me likar snakkar om ting dei likar.
Her på bloggen nyttar me ikkje omgrepet «dei fire store», me snakkar heller om «dei største». De musikalske dvergene har forsynt oss med regnfull, rimsikker, roleg rock n' roll i fire tiår, og har heldigvis ikkje planar om å slutta med det. Bak dei fantastiske songane står heidersmann Helge Grønhaug (65).
– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– Den første plata eg kjøpte for mine eigne forsiktig oppsparte lommepengar var singelplata «All my loving» med The Beatles. Det var i 1964, eg var ni år gammal, eg spelte han i hel - og mora mi blei «håvegalen». Den første LP-en eg kjøpte var «Stand Up» med Jethro Tull (1969). Den ble også spelt i hel!
– Tilsvarande – di siste oppdaging?
– Mi siste oppdaging er Emma Swift sin «Blonde on the Tracks». Eg fann ein video med «Queen Jane Approximately» på Youtube. Ei flott samling Dylan-låtar.
– Sist gong du fekk gåsehud på konsert?
– Bob Dylan. Sist gongen han var på Koengen.
– Kva film har du sett flest gonger?
– Kanskje «The Last Waltz» eller dei tre første «Star Wars»-filmane (episode IV, V, VI).
– Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy.
– Det må bli Iain Banks/Iain M. Banks. (Han skreiv under begge namna.)
– Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?
– Mick Ronson! Han jobba med ei plate i Sigma Studio samstundes som De Musikalske Dvergene spelte inn «Dvergenes andre». Han var verdas hyggelegaste mann, men eg var altfor «star struck» til å spørja om han kunne spela gitar på ein låt.
– Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål?
– Det må bli ein låtskrivar - eller to: Ray Davies eller Robert Hunter. Helst begge!
– Kva ser du på for tida?
– Kva ser eg på for tida? Livet er for kort til å kasta vekk på evigvarande fjernsynsdrama. Men når eg synest eg har tid dykkar eg ned i musikkdokumentarar eller konsertopptak på Youtube. (Grateful Dead/Dead & Company osb)
– Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan?
– Eg synest visesongaren Frode Johansen fortener ei heil trillebår merksemd.
– Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Vel, ja. De Musikalske Dvergene fyller 40 år som aktivt band i år - og gir ut si tiande langspelplate no i haust. Den heter «Bak neste blåne», berre så det er sagt!
Les fleire løypemeldingar her.
Publisert 9. september 2020