Løypemelding: Sigrid Moldestad

Folk me likar snakkar om ting dei likar.

Viss du både kan skriva rørande, vakre viser, syngja dei slik at kvardagen stoppar i tre minutt, og attpåtil sper på med ein felesolo som får håra til å reisa seg, ja då er mykje gjort. Nettopp det kan Sigrid Moldestad (48).

– Hugsar du første plata du fekk skikkeleg fot på?
– Trur det må ha vore ABBA. Dei høyrde me på frå veldig tidleg alder. Og det var noko med heile «Voulez-Vous» frå 1979 som gjekk rett heim. Har sunge mykje med hårbørste som mikrofon til den. 

– Tilsvarande – di siste oppdaging?
– Eg lyttar veldig mykje på eit band som heiter Bonny Light Horseman for tida. Består av dei glimrande folk-musikarane Anais Mitchell, Eric D. Johnson og Josh Kaufman. Eit slikt deilig overskotsprosjekt frå musikarar som berre vil spela og synga saman. Verkeleg bra, synest eg! 

– Sist gong du fekk gåsehud på konsert?
– Det var no sist på Sildajazz i Haugesund då musikarane i Gammalgrass (Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan) tok oss med høgt og lågt, vakkert og gale. Eg elskar leikne musikarar, og desse er heilt uverkeleg gode. 

– Kva film har du sett flest gonger?
– Oj … eg er så dårleg på å sjå filmar fleire gonger og å laga sånne lister, men eg såg om att «Livets lyse side» med Jack Nicholson og Helen Hunt i sommar. («As good as it gets») Den kan eg nok sjå mange gonger. Nydeleg film.

– Du får lov å ta med deg éin forfattar sin bibliografi til ei aude øy.
– Sidan eg akkurat er begynt på Jón Kalman Stefánssons «Sommarlys» tek eg med alt av han. Då kan eg iallfall nyta kvar setning og avsnitt mange gonger. Han skriv utruleg vakkert, rett og slett.

– Har nokon fått deg til å mista munn og mæle, berre ved å glimra med sin nærleik?
– Åja. Det hender ofte det. Eg er meir blyg enn eg kan verka … Hugsar ein gong eg nesten heldt pusten fordi ein ven av meg snakka med Lill Lindfors på telefonen. 

– Kva for ei legende, levande eller daud, skulle du helst ha stilt eit par velvalte spørsmål?
– Må jo bli Jesus. 

– Kva ser du på for tida?
– Har akkurat sett ferdig «Belgravia» på NRK. Eg elskar kostymedrama. I andre enden såg eg «Mordene på White House Farm».  Psyko-thriller-drama er også favoritt. 

– Er det nokon du synest får litt lite merksemd, og som du vil gi litt meir no som du kan? 
– Ja, sidan eg no har gjeve ut ein song som heiter «Bonden», så tenkjer eg at dei som held landet vårt vakkert og steller jord, skog og åkrar kan få ein ekstra klapp på skuldra. Heiar på det vesle lyset som skin i kjøkenet på eit gardshus. Det ligg mykje håp i det … 

Listen to Bonden on Spotify. Sigrid Moldestad · Song · 2020.

– Er det noko du sjølv har gjort som du tenker fortener litt ekstra merksemd, medan me er i gang?
– Nei. Haha … eg trur eg får den merksemda eg skal ha. Når det er sagt; heia viseklubbar, folkemusikk-scenar og alt som tek eit steg ut frå listene me blir formaterte og fora med overalt elles. Det er mykje fin musikk og historier som blir fortalt der ute.

Les fleire løypemeldingar her.

Publisert 13. september 2020

Forrige
Forrige

Løypemelding: Lars Ove Seljestad

Neste
Neste

Løypemelding: Helge Grønhaug